onsdag 27. mars 2019

Khartoum, Oslo

Forfriskande bokbad 
saman med Laura Djupvik og Rønnaug Kleiva

under lanseringsfesten
på Khartoum Contemporary Art Center
onsdag 20. mars

med opplesingar, intervju og samtalar
i regi av 
redaktør og bademeister
 David Aasen.

Foto:
Katerina Futsæter Vik

søndag 17. mars 2019

T R I P P E L L A N S E R I N G

ONSDAG 
20. MARS
KL 1900-2200


VERT DET 

BOKBAD OG LANSERINGSFEST

FOR ROMANANE

"HJARTET ER INGEN LOGRANDE HUND",

"ALDRI KOME TILBAKE"

OG

"LILJENE PÅ STRANDA"


PÅ 

KHARTOUM CONTEMPORARY ART CENTER


BERNT ANKERS GATE 17, OSLO


ARR: DET NORSKE SAMLAGET

VEL MØTT!

lørdag 16. mars 2019

TO BREV

 "Gode Rosalin!" ... "Kjære Daniel!"

To brev
skrivne av aldrande menn
til menneske dei aldri har møtt.


Kjensla av skuld 
som tvingar fram
ønsket om å forklare
og jamvel orsake
det dramatiske som har skjedd.
Det sterke ønsket om å nå fram til ein ukjend.
Smaken av skriftemål og bot.
Avsendaren som møter seg sjølv i adressaten.
Slike ting gjer kanskje (som nokon har sagt)
romanane til tvillingar.
Men skrivesituasjonen er heilt ulik.
Kven skriv kva til kven,
korleis, kvar og når,
og kvifor nettopp slik?
Personane og relasjonane er sjølvsagt forskjellige.
Sameleis tidsbileta.
Orda som blir vegne og valde
til å bringe det spesielle ærendet fram
skil seg derfor mykje
frå brev til brev.