LENGE LEVE HAREID !
Fyrstkomande
mandag skal eg stemme NEI til ei samanslåing av Hareid og Ulstein. For meg
handlar valet mest om fakta, menneskelege verdiar, demokrati og skepsisen til
lokalpolitikarane sitt taktiske spel.
PRESTISJEN: Det er viktig å vere klar over at det er mykje som står på spel ved
denne folkeavrøystinga. Kommunereforma er eit av dei mest prestisjefylte prosjekta
til den blåblå regjeringa. Og det er nettopp denne som står i fare for å
havarere. Det er derfor ikkje til å undrast over at den politiske leiarskapen i
landet vårt investerer mykje i dette. At sjølvaste statsministeren bruker tid på signeringa av ein ny intensjonsavtale mellom to kommunar, syner faktisk at panikken i hovudstaden er ganske stor. «Prosjekt
kommunesamanslåing» har gått elendig. Og resultata av avrøystingane hittil må ha
vore ekstra skuffande for kommunalminister Jan Tore Sanner. Men det vil også vere eit stort politisk
nederlag for Erna Solberg om reforma ikkje lukkast. Og allereie neste haust er
det stortingsval.
UVILJEN: For kommunesamanslåingane har jo ikkje
akkurat gått så raskt som ein hadde tenkt seg. Heller ikkje på Sunnmøre. Berre Volda-Hornindal
og Ålesund-Skodje-Sandøy kan førast opp på lista over nye kommunar. Altså ikkje
rare greiene. Regiondirektør i NHO, Toril Ytreberg, seier det rett
ut til Møre-Nytt 15.7. at ho er svært skuffa over resultatet av kommunereforma
i fylket. – Dette er jo berre pjask, seier ho. Og det har ho heilt rett i. Slik
det ser ut no, vil reduksjonen av kommunar i Møre og Romsdal berre bli frå 36
til 30.
PISKEN: Kanskje er årsaka til den labre stemninga at
det ikkje ligg noko folkeleg initiativ bak denne reforma. Som vi veit,
var det mest inga samanslåingsstemning nokon stad før Sanner la på bordet ein
ny inntektsmodell som ville straffe dei små kommunene. Ved press og pisk skulle
kommunene slåast saman.
DET LATTERLEGE: Altså har trugsmålet
om økonomisk fortaping og ROBEK-status blitt avgjerande for enkelte. Motiva for
samanslåing har nok elles vore så ymse. I nokre tilfelle har dei sikkert vore
ærlege nok. I andre tilfelle kan dei framstå som direkte latterlege. Nokre
drøymer om eit spenstigare kommunenamn. Andre om moglegheita for å bli del av
ein kjend by. I Møre-Nytt les vi til dømes at mange i Volda gler seg over at Hornindalsrokken
kan bli den nye kommuna sin fyrste topp over 1500 meter. På denne måten kan dei
no knive med Ørsta om å få Indre Søre sitt høgste fjell.
PÅ SANDGRUNN: Samtidig
kviler både dei gamle og nye kommunane på sandgrunn. Til dømes reknar Ålesund,
Skodje og Sandøy (ja, tenk Sandøy, inklusive den vesle øya Orten, med 13
innbyggjarar) med at regjeringa vil tvinge Haram til å bli med i den nye
storkommunen deira, slik at den reint geografisk vil henge saman, trass i at
Haram har sagt nei til å bli med. Den før omtala NHO-direktøren Ytreberg håper
at Fylkesmannen vil skjere gjennom og bruke tvang, slik både ordføraren i
Ålesund og Sunnmørsposten på leiarplass har teke til orde for.
VALET: I Hareid sa vi i vår altså JA til å stå åleine. Den gongen vart ikkje
ein fusjon mellom Hareid og Ulstein vurdert som noko alternativ i det heile (sjølv
etter lange førebuingar og grundige vurderingar). Og då valet stod mellom å bli ein del av Stor-Ålesund, Runde eller Hareid
åleine 19. mai i år, stemte 73 % av
folket JA til at Hareid skulle halde fram som eigen kommune. Det er nesten tre
fjerdedelar av alle!
LOVNADEN: Dette var
sjølvsagt eit stort politisk nederlag for Høgre, Framstegspartiet og
støttespelarane deira. Men det stod respekt av ordføraren då han til Vikebladet
same kveld sa at no hadde folket talt og at med eit slikt resultat kunne ein ikkje
gå vidare med noko samanslåing.
TAKTISK
SPEL: Men kva skjedde? Etter nokre veker vart brått
Hareid-Ulstein-modellen aktuell igjen. Den som ikkje ein gong var verdig å
stemmast over fyrste gongen! Eg trur mange tykte at dette var både overraskande
og skuffande av ordføraren. I ettertid har han heller ikkje svart på kvifor han
har gjort denne heilomvendinga. Trass i tallause oppfordringar i sosiale media.
I Vestposten/Vikebladet torsdag 18. august seier ordføraren at han aldri har
lovd dette. Er det ikkje rart kor dårleg vi hugsar ein torsdagskveld i mai?
MANDATET: Så kjem
altså statsministeren hit for å oververe signeringa. Eg må innrømme at eg vart
provosert. Det heile såg for meg ut til å vere ein slags religiøs seremoni –
med Erna si overvaking – eller kanskje vi kan driste oss til å seie velsigning
- av høgtidsstunda. Eg likte det slett ikkje. For kva med dei 73 prosent av
folket som stemte JA til Hareid som eiga kommune? Med kva rett hadde det
politiske fleirtalet i kommunestyret hatt til å setje i gang denne prosessen? Blei
vi ikkje spurde om råd?
SENTRALISERING: Men
kommunereforma er berre ein liten del av eit mykje større prosjekt:
Sentraliseringa av Noreg. Sentralisering er ei ønska utvikling for denne
regjeringa. Og ho grip om seg på nesten alle felt. Mellom anna i helse,
utdanning og politi. Vi må ikkje gløyme at den på mange måtar sympatiske
statsministeren vår styrer ein kynisk distriktspolitikk der økonomane sit i
baksetet og viser veg. Marknadsliberalismen rår. Nedleggjinga av Ekornes sin
fabrikk på Hareid viser korleis denne tankegangen fungerer. Ei velfungerande
verksemd som går i overskot er ingen garanti for framleis drift så lenge det
ikkje gagnar sjølve konsernet.
Hugs: Det er
ikkje dei marknadsliberalistiske storbyverdiane som har skapt innovasjon og
velstand på Søre Sunnmøre. Det er det dei små lokalsamfunna som har gjort.
Likevel
skal det bli færre og større einingar. «Storkjøkenet» skal levere billegare varer
og meir effektive tenester. For dette skal visst gagne distrikta. Det vert til
dømes sagt at fleire politimenn og -kvinner i dei største byane vil skape betre
nærpoliti rundt om på bygdene. Og eg berre lurer: Er det verkeleg nokon som
trur på dette? Kjem menneske nærare einannan ved å flytte frå kvarandre? Kven
skal rope når keisaren kjem etter vegen: - Men han har jo ingen klede på?
FELLESSKAP: Underleg er
det å tenkje på at kommune kjem av det latinske communis som tyder felleskap. Medan denne reforma slett ikkje er
eit fellesskapsprosjekt. Snarare tvert om. Sjølvsagt har store og små kommunar
både styrkar og veikskapar. Men frå regjeringshald synest det som om det berre
er veikskapane til dei små og styrken til dei store som vert kommunisert. Ingen
har lagt fram fakta (erfaringsbasert kunnskap) på at samanslåingar gir betre
tenester, billegare tenester eller meir robuste fagmiljø, slik regjeringa
hevdar. Det er berre påstandar. Og kva skal vi med eit robust fagmiljø som er
langt vekke frå der vi bur?
DEMONTERING: Heldigvis
ser mange at sentraliseringspolitikken fører til ei demontering av
velfungerande ordningar i utkantane. Barnehagar, skular og eldrinstitusjonar
står opplagt i fare for å bli lagde ned. Og det folkelege engasjementet og
dugnadsånda i dei grendene som desse soknar til, kan fort bli svekka som ei
fylgje av dette. Dei fleste føretrekk å bu slik dei gjer no. Altså i relativt
små einingar. Folk er rimeleg fornøgde med tenestene dei har. Men element som
trivsel, tilhøyrsle og kvaliteten på dei kommunale tenestene slik dei faktisk er, vert ikkje tillagd vekt av fusjonistane i hovudstaden.
DET FOLK VIL HA: Nokre av oss ser ut til å ha gløymt at dei mennesklege behova i stor grad
handlar om å sjå og høyre OG å bli sett og høyrd. At inst inne treng alle eit nettverk
av små fellesskap. Eg vil hevde at større einingar trugar desse. Men mange har heldigvis ikkje gløymt det. Og resultata av avstemmingane er blitt deretter. Folk vil ha
barnehagar, skular og sjukeheimar i nærleiken av der dei bur. Dei vil ha
innverknad på sin eigen kvardag i jobb og fritid og aller helst kjenne dei
menneska som skal ta avgjerder på vegner av fellesskapet dei er ein del av.
KJENSLER: Kanskje
byggjer nokre av tankane mine om kommunesamanslåing på kjensler. Men kva er
det? Kjensler er nedarva erfaringar. Frå foreldre. Besteforeldre. Vener.
Naboar. Det er nedarva klokskap. Historia har vist oss at små grender og små
bedrifter kan skape verkeleg store ting. Smått er ofte godt.
INFORMASJONEN:
Kva har vi så i vente
viss det blir ei samanslåing? «Offentleg informasjon» om
intensjonsavtalen er blitt lagt ut i postkassene i form av ein flott brosjyre. Men
om denne er objektiv, er i beste fall høgst diskutabelt. I tillegg byggjer
intensjonsavtalen – altså produktet som skal seljast - opp etosen sin
med biletet av den smilande statsministeren. Og vi let oss kanskje begeistre: -
Tenk, Erna! - Her! Samanslåingstilhengjarane låner såleis autoritet frå den
høgste myndigheitspersonen i landet for å styrkje si eiga sak – fusjonen av Hareid
og Ulstein kommunar. Samtidig har «Hareid kommune» vore svært aktiv på Facebook
og andre sosiale medium for å selje avtalen med «informasjon» om alle fordelane
ved ei samanslåing. Og det er freistande å spørje – er det dei tilsette ved
kommunen eller den politiske leiinga som skjuler seg bak denne?
INTENSJONSAVTALEN: Om vi studerer sjølve avtalen, så lat vi slå fast fyrst som sist: Ulstein
er storfornøgde! Ulstein er så nøgde med denne avtalen at dei droppar ei
folkeavrøysting! Det seier sitt. At dei ville bryte forhandlingane viss dei
ikkje fekk kommunesenteret, seier også sitt. Folk i Ulstein ser ikkje problemet
med ei samanslåing. For dei har ingenting å tape. Men det har vi.
EIN HUSMANNSKONTRAKT: Slik eg ser det, gir intensjonsavtalen Ulstein gjennomslag for 80-90
% av deira ynskje. Hareid vil misse mange funksjonar. Mellom anna
kommunesenteret. Og all forsking viser at samanslåingar berre styrkjer
tenestene i kommunesenteret, medan tenestene blir svekka i utkantane. Rett nok
skal Hareid skal få gjennomføre to tunge investeringar – eit helsehus og ein
ungdomsskule. Men kva garantiar har vi for dette? Som juridisk dokument er
ikkje intensjonsavtalen verdt noko som helst. Så kor naive har vi lov til å
vere? Er det ikkje sannsynleg at vi etter ganske kort tid – kanskje om tre-fire
år – vil miste ein eller to av krinsskulane? Og kan ikkje dette igjen svekkje
samhald, tilhøyrsle, engasjement og dugnadsånd i desse krinsane? Og kva med
sjukeheimen og pasientane der? Avtalen vi har skrive under er ein
husmannskontrakt. Det er ikkje noko som liknar jamstelling i denne fusjonen.
Ordførarkjedet, kommunevåpenet og kommunenamnet er sanneleg ei fattig trøyst!
KVA ER VIKTIG: Ord som grend, bygd, lokalsamfunn og
menneskeleg nærleik er avgjerande for
valet mitt mandag. Likeeins institusjonar som barnehagar, skular og
aldersbustader der folk bur. Og ikkje minst nærleiken til dei som bestemmer. Eg
trur kommunereforma og samanslåinga mellom Hareid og Ulstein vil
svekkje viktige ting som dette på sikt. Valet handlar for min del om kva verdiar vi vil
basere lokalsamfunnet vårt på. Kva er viktig, og kva er ikkje viktig?
Vi må ikkje
gløyme at valet om kommunesamanslåing kjem etter press frå den politiske eliten
i hovudstaden. Dei vil så veldig gjerne at vi skal stemme ja! Men vi treng ikkje om å
gjere det! Neste år er det stortingsval. Nye folk skal stemmast inn. Og i Stortinget
ligg nøkkelen til kva ressursar kommunene skal få til å levere tenester med.
Hugs det!
Så greier
vi å stå i mot presset så lenge?
STEM NEI TIL SAMANSLÅING MÅNDAG 22. AUGUST!