Det er vel berre å innrømme det
med ein gong.
Trass i alle fordelar
med å bu på nordsida av eidet,
er isen på Grimstadvatnet det einaste
som ulsteinvikarane verkeleg misunner oss.
Sjølvsagt har dei vanskeleg
for å vedkjenne dette.
Kor mange gongar har eg ikkje høyrt om
"fantastiske forhold"
mellom pøytene oppe i Hofsetmarka
eller på tjønnene ute i Kjerringnesmyrane.
Men kvifor tek dei då alltid vegen
hit til oss.
Hjarteleg velkomne skal dei uansett vere!
På Hareid er det godt å leve!
Grimstad er altså ikkje berre kjend for
songkulturen sin.
Dei fleste tenorar og bassar
(og sikkert også ein og annan alt og sopran)
som har vakse opp langs vatnet
er skikkelege holsarar
på skeiser.
Vis meg den grenda i Noreg
der så mange med persar under 43 eller 44 sekund på 500 meter
kan synge fedrelandssalmane utanboks
og samtlege vers av julesongane med attlatne auge.
Ingen på Hareidlandet har betre skeiseteknikk
enn dei syngande
seksti- og syttiåringane frå Holstad, Grimstad og Bjåstad.
Men i går såg eg ingen av desse.
Berre eit par karar
med gråstenk i skjegget
runda Verparen
og sigla forbi meg i skyminga
sørover
frå krummaboltane og ballangrudane sitt heimland
mot Ulstein kommune.
Og hadde eg øyrene med meg
sa dei me og ikkje oss.