onsdag 20. juli 2011

Palazzo Doria Pamphilj

Ein treng ikkje om å reise til Firenze for å sjå storarta malarkunst.


Midt på Corsoen, i sjølve hjartet av det bråkete og folkelege turist-Italia, ligg Palazzo Doria Pamphilj, som kan by på eit fantastisk interiør og ei perle av ei kunstsamling.


Både Rovere- og Aldobrandini-familiane utvikla denne flotte villaen før Doria Pamphilj tok over på 1600-talet. 


Å vandre gjennom  desse roma - eller rettare, salane - er ei oppleving i seg sjølv.


Personleg fall eg for badet til Diana (Bagno di Diana).


Men ein liten dukkert var dessverre ikkje inkludert i inngangsbilletten.


Elles er veggane, golva og - ikkje minst- taka svært vakre.


Og ein blir påmint om at den gamle romerske forfedrekultusen, med portretta av dei mange pater familas (ståande på sine høge soklar), skapte på grunnlag av dødsmasker, framleis er levande.



Palasset inneheld meir enn 400 maleri av mange store namn frå 1400- til 1700-talet. 

Her er Lippi, Breughel, Rafael og Tizian, berre for å nemne nokre.


Filippo Lippi sitt Annunciazione (Bodskapen til Maria), Tizians Salome med hovudet til Johannes Døyparen og Caravaggios Kvild under flukta til Egypt og Johannes Døyparen (som ung) var nok mellom mine personlege høgdepunkt i dag.


I tillegg verka det på meg (som er ein høgst ukyndig kunsthistorikar) som om her var eit stort tal av italienske 1600-talsmalarar, som særleg henta sine motiv frå bibelsoga og frå slagscener mellom dei ulike italienske bystatane i seinmellomalderen.


Den private kunstsamlinga til den noble familien Doria Pamphilj inneheld sanneleg mange lidande og døyande personar.



Velazquez sitt berømte portrett av pave Innocent X Pamphilj frå 1644 er eit unntak. Det legg beslag på eit eige lite rom, saman med ei byste av den same paven, laga av Bernini.


 Den noko misnøgde og irriterte mina til den litt aldrande hovudpersonen  gjer inntrykk.




Sidan dette var eit bestillingsverk, må dette ha vore svært dristig av den spanske kunstnaren.

Omgjevnadene var svært spente på reaksjonen frå paven.


Men dei kunne puste letta ut.

Gud, så sant det er, skal visst Innocent
ha utbrote då han fekk sjå maleriet for aller fyrste gongen.


Eg er overtydd om at dei fleste pavar må ha stor sjølvinnsikt.

3 kommentarer:

  1. Selvinsikten til pavene ligger vel på gjennomsnittsnivå til folk flest... Kanskje litt pompøst - sånn gjennomsnittlig :)
    Ellers lesverdige betraktninger! Og gode bilder da! Har du tatt dem selv?

    SvarSlett
  2. Ja, sjølvsagt, med unntak av maleriet av Innocent.

    SvarSlett
  3. Litt liten selvinnsikt når du svarer som "anonym"?Vi vet jo hvem du
    er, anonym...

    SvarSlett