mandag 11. juli 2011

PIAZZA DEL POPOLO

ROMA SI INNGANGSDØR 

(før Bjørnson kom til Termini)

Om ein i gamle dagar, altså før jernbanen revolusjonerte persontransporten i Europa (og Termini tok over som trafikknutepunkt), kom til Roma nordafrå, var Porta del Popolo det fyrste som møtte deg.

 

Arkitekten på 1500-talet forma denne byporten som ein romersk triumfboge, med statuar av Peter og Paulus på kvar si side, sidan det var ein siger for eit kvart menneske endeleg å nå fram til Den evige stad.
Porten fekk gjennomgå ei ekstra oppussing før svenskane si bohemaktige dronning Christina (og filosofen Decartes si nære venninne) kom ridande til hest langs Via Flamina med sitt store fylgje veslejulaftan 1655.
Som vi skjønar var abdikasjonen frå den svenske truna og konverteringa til katolisismen sett på som ein enorm triumf for både paven, den katolske kyrkja og Roma by.

Rett innanfor porten ligg Santa Maria del Popolo, kjend for si rolle i Dan Browns Engler og demoner. Kyrkja vart bygd i 1099 til ære for krossfararane si gjenerobring av Jerusalem.

Vel verdt å sjå er Rafaels utforming av den styrtrike familien Chigi sitt private kapell (rett til venstre når du kjem inn døra) og Caravaggio sine maleri Krossfestinga av Peter og Paulus si omvending (som eg meiner var avbilda i ei av barndomens lærebøker i bibelsoge).

Ganske fantastisk at ein berre kan gå rett inn frå gata og sjå denne verdskunsten.

Ingen vakter.


Heilt fram til 1820-åra vart offentlege avrettingar gjennomførte på denne plassen, helst i samband med karnevalsfeiringa. Dei dømde vart dei fyrste hundreåra slått til døde med gjentekne slag mot tinningen. 

Så då giljotinen kom mot slutten av 1700-talet, vart det sett på som eit stort framskritt. 

Den store tyske diktaren Johann Wolfgang von Goethe budde i to år (1786-1788) berre 50 meter frå Piazza del Polpolo (Casa di Goethe er i dag museum) etter den berømmelege reisa til Roma saman med hans trufaste beundrar og usvikelege kamerat Tischbein.

Goethes Italienische Reise vert sjølv i dag rekna som ein klassikar mellom reisebøker.

Og meir enn ein gong klagar Goethe på ropa frå den jublande menneskemassen då hovuda fall på Piazza del Popolo.  

  
Midt på plassen, framfor tvillingkyrkjene Santa Maria di Montesanto (til venstre) og Santa Maria dei Miracoli (som representerer ei tydeleg dyrking av Padre Pio, helgen frå 2002), står ein tre tusen gamal obelisk (til ære for faraoen Ramses II) som keisar Augustus tok med seg som souvenir etter erobringa av Egypt.
Piazza del Popolo utgjer toppunktet i ein trekant eller gaffel (som vert kalla Trident) av vegar som går mesta snorrett gjennom Roma sentrum.

Roma si 1500 meter lange hovudpulsåre Via del Corso knyter plassen til nasjonalmonumentet på Piazza Venezia.

Denne smale og travle handlegata er forresten gågate på laurdagane
(i tilfelle nokon skulle vere opptekne av shopping).

Det mest irriterande med Piazza del Popolo i dag er dei tamilske roseseljarane som sjeldan tek eit nei for eit nei. Teknikken med å gi - for så å krevje inn betaling, minner mykje om både bedrageri og tigging.

Men det har dessverre Roma lange tradisjonar for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar