søndag 4. februar 2024

PJ IN MEMORIAM

 

Då Petter Jarle Erstad døydde fredag 17 november, 

miste vi ein god ven og nabo. 

Og fleire av oss var til stades under gravferda 

i Hareidskyrkja fredagen etter.

Petter Jarle (PJ) og eg vaks opp nær kvarandre. 

Berre hundre meter

mellom heimane våre. I eit område rett ovanfor sentrum. 

Ei eiga verd

var det. Der alle kjende alle. 

Og verda heitte Gjerda-Brekkane.

Den gamle Brandalsvegen delte verda i to. 

Bilar og bussar

kosta langs med. På veg til Alvestadkaia. Der ferja

til Ålesund venta.

Og gardane på kvar si side. Inndelte i grøne rektangel. 

Både nedanfor og ovanfor. 

Med sauder og kyr. Hestar og traktorar. 

Hesjing og potetopptaking.

Der borna i kring fekk vere med.

Ja ei lukkeleg verd var det. Med lukkelege årstider. 

Ski om vinteren. Fotball om våren. Hopping i høyet ut på 

seinsommaren. Gøyme og leite om hausten. 

Når det var blitt mørkt. Og det var

spennande å vere ute.

Jamaldringane til PJ fortel om eit stort

idrettstalent. I fotball var han skikkeleg god. Kvikk og

spenstig. Med eit godt tilslag. Under kampane oppe på 

Bøen var ingen raskare enn PJ. 

Så debuterte han også på 

A-laget då han var berre 16 år. La tidleg opp. 

Men fekk 45 kampar for

Hareid.


Petter Jarle var ein god del eldre enn eg. 

Vart konfirmert det året eg vart fødd.

Eg kan hugse han frå eg var ein liten gut. 

Leiken på plenen vår

stoppa alltid opp då han kom glidande forbi i bilen sin. 

Med lys skinnjakke. Solbrun hud. Og ikkje sjeldan 

med ei fin jente i

framsetet. Det var noko internasjonalt over han. 

Noko moderne og annleis. Vi høyrde han hadde vore 

i utlandet. Hadde haika nedover Europa. 

Åleine. 

Han var bereist, som vi seier.

Seinare skulle studiar, jobb og naboskap føre oss saman. 

I 1981-82 

studerte vi begge på Distriktshøgskulen i Volda. 

PJ tysk. Eg norsk. Frå 1990 var vi kollegaer ved UVS. 

Og berre nokre år etter vart vi også naboar i Reiten.

Så åra viska aldersskilnaden ut. 

Brått var vi jamgamle.

Merka at vi hadde mykje felles. 

Det var noko med interesser.

Haldningar. Kanskje også verdiar. 

Eit slags syn på ting som

skjedde rundt oss som vi delte.

Vi skifta på å køyre utover. Han rygga alltid opp til

inngangsdøra vår. Stod der klar til eg kom. 

Eg hugsar skinet

frå dei raude bremselysa i snøen. 

Så bortom barnehagen på

Teigane for å levere ein av gutane mine. 

Annankvar dag venta PJ med bilen i bakken der. 

Fem minutt. Ti minutt. 

Til vi køyrde over Eidet. 

Det gjorde han ingenting at han frakta 

mine ungar.

I fleire år gjorde vi dette. Køyrde over Eidet. 

Til og frå jobb. PJ fortalde. Frå ei tid før mi tid. 

Levande. 

Han hugsa replikkar. Kom med spissformuleringar. 

Vi diskuterte. Utveksla erfaringar. 

Kjende oss att i kvarandre. Og desse samtalane. 

Om alt mellom himmel og jord. Med mykje latter og skøy. 

Dei vil eg alltid sakne.

Så kom Anne Pernille. Og dei tre borna. 

Jenny. Marius. Johan. 

Ingen tvil om fyrsteprioriteten heretter. 

Sjølvsagt ikkje. 

Sola stod høgt.

Himmelen var blå. Dagane lyse.

Yrkeslivet hans var mangslungent. Med produksjon av møblar.

Sal av møblar. Drosjekøyring. Skule.

I nesten 30 år arbeidde han ved Ulstein vidaregåande.

Underviste i tysk, historie og økonomi. Han var ekspert på

skatterett. Ikkje rart at fleire av dei gamle elevane hans 

spurde han til råds

om utfyllinga av sjølvmeldinga då dei vart vaksne.

Han må ha vore ein god lærar. 

Der var foreldre som kontakta

skulen for å høyre om ikkje guten eller jenta deira kunne få

PJ også neste skuleår. For PJ var flink til å kome i kontakt 

med elevane. Prinsippet var å møte eleven akkurat der han var

fagleg. Og ikkje der han burde vere. 

Slik kunne tillit byggjast. 

Og læringa ta til.

Interessa hans for historie og kulturarv var stor. 

Drosjekøyringa gjorde at han visste kven som budde 

i alle hus.

Han fortalde med knappe setningar. Gav treffande

karakteristikkar. Avslutta med ein replikk som gjorde at ein

berre måtte le. 

Den lokalhistoriske innsikta hans var

formidabel. 

Eg trur ingen har lært meg

meir om Hareidssamfunnet enn PJ.

Han peika på vitale fakta. Viste meg viktige samanhengar.

Korleis opplevde eg han? 

Var han påliteleg? Til det ytterste!

Alltid til å stole på. Ein mann var ein mann. 

Eit ord var eit ord. Og ein mann heldt ord.

Var han sta? Kanskje. 

Men mest i tydinga – uthaldande, trufast

- mot det han meinte var rett.

Sparsomeleg? Truleg. 

Men også svært raus, hjelpsam, omtenksam.

Mange av oss fekk erfare dette. 

Som ein av sønene mine svarte 

då han fekk meldinga om at PJ var borte: 

«Han var ein fantastisk snill og mild mann».

Var han kunstnarisk? Veit ikkje. 

Men i alle fall ein

estetikar. Oppteken av arkitektur. Stil. Design. 

Særleg innan møbel. Som naturleg var.

Med åra vart treffa våre færre. 

PJ fekk problem med føtene. Det vart tungt å gå. 

Aksjonsradiusen kortare.

Omgangskrinsen mindre. Slik det blir med oss alle. 

Sjeldnare ute. Meir heime.

Men minna kunne framleis flyge. 

Frå verandaen i Reiten 

kunne han sjå kveldsola male fjella

i Sykkylven raude. 

Der inne hadde foreldra hans vakse opp. 

Der inne var røtene. Dalføra og setrane og turane dit inn. 

Han gløymde

dei ikkje.

Livet går i bylgjer. 

Sjølv om kontakten var blitt mindre dei

siste par åra, var den ein gong stor og viktig. 

Vi vaks opp i same verd. Opplevde ting saman. 

Lærte av kvarandre. 

Og ikkje minst –  vi lo saman.

No er det raude bremselyset i snøen borte. 

Turane over Eidet er over. Og kvelden er mørk. 

Men snart kjem våren.

Og borna på Gjerda og Brekkane skal leite fram fotballen 

og dele seg inn i lag igjen. 

PJ er ikkje på banen lenger.

Men ein gong var han den raskaste guten på Bøen.

Kvil i fred, Petter Jarle!

Vi minnest deg med glede!

torsdag 1. februar 2024

Ein lys kveld på biblioteket

 Flott oppleving

saman med flinke songarar og musikarar

under "No blir kvelden lysare" 

tysdag 23 januar!


Kor mange var til stades?

80? 100? 120?



Umuleg for meg å seie.

Men sju lesingar for min del.

Frå seks av bøkene mine.


Programmet ser ein her.

 

All ære til Ingmar, songarar, musikarar, lydmann, 

bibliteket og - ikkje minst - publikum 

for solid gjennomføring og fin respons.


Hjarteleg takk!

Alle foto: 
Andreas Bjerknes//Vikebladet/Vestposten

søndag 21. januar 2024

No blir kvelden

 Under kulturkvelden 

"No blir kvelden lysare enn før"

på Hareid folkebibliotek tysdag 23 januar kl 1900

skal eg lese sju utdrag

frå bøkene mine

innimellom 

songen og musikken

som Ingmar Mork, Hege Holstad, Vibeke Holstad, Ida Teige, 

Øystein Djupvik og Bertil Tødenes skal framføre.

Det er Ingmar som står for regien.

VEL MØTT!

søndag 7. januar 2024

FRISKE FØRJULSBAD MED FERSK BOK

 Tysdag 28 november 
arrangerte Hareid folkebibliotek
 bokbad med Den bortkomne 
i fokus.
Intervjuar og bademeister var 
norsklektor og kollega Liv Osnes Dalbakken.


Bibliotekar Anne Vasstrand ønskte velkomen


før eg las utdrag frå romanen.


Trubaduren Tormod Hjørungnes Engen song 
og fortalde om møtet med forfattaren sin lyrikk
før han avslutta med si eiga tonesetjing av diktet
blues frå samlinga havflammen (1995).
                                                

Mellom 50 og 60 menneske tok del.



Boksal ved NORLI Amfi Ulsteinvik til slutt.


Avslutning med nye utdrag av romanen.


Torsdag 7 desember gjekk turen til biblioteket
på ARENA i Ulsteinvik.
Opplegg etter same lest.
Mellom 30 og 40 tilstades.
God stemning.


Stor takk til begge biblioteka 
for fin tilretteleggjing!

Takk også til NORLI 
for praktisk gjennomføring av boksalet!

Alle foto: 
Vikebladet/Vestposten og Hareid bibliotek.