Viser innlegg med etiketten IMPULSAR. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten IMPULSAR. Vis alle innlegg

torsdag 1. februar 2024

Ein lys kveld på biblioteket

 Flott oppleving

saman med flinke songarar og musikarar

under "No blir kvelden lysare" 

tysdag 23 januar!


Kor mange var til stades?

80? 100? 120?



Umuleg for meg å seie.

Men sju lesingar for min del.

Frå seks av bøkene mine.


Programmet ser ein her.

 

All ære til Ingmar, songarar, musikarar, lydmann, 

bibliteket og - ikkje minst - publikum 

for solid gjennomføring og fin respons.


Hjarteleg takk!

Alle foto: 
Andreas Bjerknes//Vikebladet/Vestposten

tirsdag 29. mars 2022

Handens rørelser över pappret

For oss som har undervist i skulen ei stund, er den svenske gymnaslæraren Filippa Mannerheim si bok Konsten att undervisa. Om lärarens hantverk (2021) interessant lesnad. Ikkje fyrst og fremst fordi ho sår tvil om verdien av den gjennomgripande digitaliseringa av læringsarbeidet frå barnehage til universitet som har gått føre seg i Norden dei siste 15-20 åra, men kanskje mest fordi ho trekkjer fram læraren som kunnskapsformidlar nummer ein og den trykte læreboka som sjølve navet i undervisninga si framdrift. Ho understrekar også betydninga av å lese lengre tekstar (gjerne høgt) og å skrive for hand – i eit knyststilt klasserom (med mobilforbod).

Foto: expressen.se

Reaksjonært? Tja, kanskje – om ein ynskjer at skulen skal utvikle seg slik den gjer – mot ein heildigital, skjermbasert læringskvardag frå borna er små til dei blir vaksne. Fornuftig? Ja, truleg, om ein legg forsking og erfaring til grunn for den praksisen ein vel som lærar.

Mannerheim baserer seg mellom anna på Jonas Linderoth (pedagogikkprofessor og forskar på dataspel) si bok Lärarens återkomst. Från förvirring til upprättelse (2016), som tek eit kraftig oppgjer med demoniseringa av den tradisjonelle læraren, og som samstundes formulerer ein skepsis til individualiseringa i den svenske skulen. Eleven skal, meiner han, i langt større grad tilpasse seg fellesskapen, altså klasseromsundervisninga – og ikkje omvendt. 

Ho byggjer også på Eva Malm (med bakgrunn frå Steinerskolan og Waldorflärarskolan i Göteborg) si bok Handen som handling. Om kultur och bildning (2016), som understrekar handskrifta si heilt avgjerande betydning for læring.

Mannerheim funderer også synet sitt på nyare hjerneforsking. Til dømes hevdar Anne Mangen, som er professor ved Reading centre ved Universitetet i Stavanger, at det oppstår eit nært samspel mellom motorikk (rørsleevner), kognisjon (intellektuelle funksjonar), persepsjon (tolking) og emosjonar (kjensler) når vi skriv for hand. Fleire ulike delar av hjernen vert aktiverte samstundes. Dette styrkjer læringa. 

Den svenske hjerneforskaren Göran Lundborg er inne på det same i Handen i den digitala världen (2019): "Handens rörelser över pappret" skaper minnespor i hjernen, som er viktige for at vi skal hugse kva handa vår skriv ned. "Minnet av själva handrörelsen har betydelse för igenkänning av bokstavarna" held den finske hjerneforskaren Mona Moisala fram i artikkelen "Lär vi oss sämre om vi slutar skriva för hand?" (Svenska Yle 2017).  

På nesten same vis argumenteter professor Audrey van der Meer ved NTNU: "Ved å bruke håndskrift skapes det mye mer aktivitet i de sensomotoriske delene av hjernen". "Gjennom å trykke pennen på papiret, se bokstavene man lager og høre lyden av å skrive, aktiviseres mange sanser. Dette skaper kontakt mellom ulike deler i hjernen og åpner den opp for læring. Vi både lærer bedre og husker bedre" (forskning.no 15/9/2020). Dette er heilt i tråd med dei banebrytande forskingsresultata frå Princeton University i 2014 (jamf Pamela A Mueller/Daniel M Oppenheimer i Psychological Science 6-14)  som viste at handskrifta skaper heilt avgjerande læringsspor i hjernen - som tastaturet ikkje greier. 

Men er dette ny kunnskap? Allereie då vi studerte pedagogikk i byrjinga av 1980-talet, lærte vi om samanhengen mellom sensomotoriske stimuli og intellektuell utvikling. Vi har eigentleg visst det heile tida, men har kanskje ikkje kunna slå det skikkeleg fast før no. 

Kvifor held vi så likevel fram i den leia vi gjer – med nettbrett og PC-ar, i så å seie alle læringssituasjonar, ikkje som hjelpemiddel, instrument vi kan nytte oss av der dei trengst (og som vi skal gle oss over finst), ja, der dei er føremålstenelege, men som sjølve arenaen for all undervisning - frå borna våre er tre år og oppover? Skal ikkje skulen basere seg på vitskap? Skal ikkje skulen vere lærande? Jau, det stend so skrive. 


Så – er det då ut med PC-en og inn med den gamle skulemeister-pedagogikken? Nei, sjølvsagt ikkje. Vi skal bruke dei digitale hjelpemidla når - og der - dei fremjer læring. For vi skal  ikkje ha noko anna mål enn dette – å skape mest muleg læring. 

Og der er altså handa viktig, viser forskinga. Det vi skriv med er viktig. Og rørslene. Teikna. Jamvel lydane når dei vert forma på papiret.

Så får kvar og ein finne ut kva som funkar for sine elevar – i sitt klasserom – ut frå den kunnskapen vi tileignar oss langsmed. Det er ein kunst. Og heldigvis står kunstnaren fritt her – han vel dei reiskapa som han synest eignar seg best til å gjere det arbeidet han er sett til. Det har vi både lovverket og utdanningsministeren sitt ord på. 

fredag 15. mai 2020

Inspirare

Endå ein gong
lot eg meg overtale
eller kanskje heller freiste 
til å dele mine inspirasjonar
på fjesboka,
musikalske, denne gongen.


Endå ein gong
opplevde eg det umulege 
i ei slik oppgåve
sidan eg måtte skjere så mykje 
bort.


Og endå ein gong såg eg alt 
eg hadde gløymt
som burde ha vore med
for seint.


Men inspirasjon, kva er det?
Ordboka svarer:
Puste inn, fylle med ånd.

Så kvar skulle eg begynne?
Ved 10 års alder, ved 15 eller 18?

Kvifor ikkje med mor sine
lokkar frå sætrane
sunge igjen og igjen 
heilt frå eg var fødd
og som framleis syng?

fredag 20. mars 2020

CORINNA CORINNA

CORINNA CORINNA - CORONA CORONA 

Sjølvsagt forstod eg etter ei stund
kvifor Bob Dylan sin låt "Corinna Corinna" 
frå albumet "The Freewheelin`Bob Dylan" 
begynte å snurre rundt i hovudet mitt
for nokre veker sidan
sidan Corinna jo var den romerske diktaren Ovid
si elskarinne i dei etter kvart så famøse 
tekstane hans rett etter år null
alle desse erotiske oppmodingane 
som førte til forvisinga 
til Svartehavet
der han vart verande livet ut 
i den vesle byen Tomis
trass tallause odar 
til han som stod bak det motvillige eksilet
nemleg keisar Augustus
for no er viruset her
som også stengjer oss inne 
når vi aller helst vil ut
eller tilbake der vi var
nett som den ulukkelege Ovid
og vi kan heller ikkje gjere anna 
enn berre å vente
og prøve å tenkje litt tilbake
medan vi lengtar

fredag 28. februar 2020

Beckett Broch Brodsky Cohen Moravia Oates Saramago

Ikkje så få utfordringar
får ein om ein mengar seg med venene sine 
på Fjesboka
og den siste og absolutt ikkje minst
meiningsfylte
er å leggje ut framsider eller omslag på sju bøker 
som har betydd
noko for deg framigjennom
i løpet av ei veke 
så her er mine








vald frå bokhylla på omlag to minutt
og det kunne sjølvsagt ha vore 
titals, hundrevis av fleire
men det får bli ein annan gong.

fredag 21. februar 2020

VÅRE FALNE

Kanskje fordi vi i vår 
skal markere runde tal for den andre verdskrigen 
sin start og slutt i Norge,  
har eg denne veka bladd og lese 
gjennom dei fire banda av "Våre falne",
som inneheld omlag 11500 korte biografiar 
om dei nordmennene som på ulike vis fall
som følgje av krigshendingane i åra 1939-1945. 


Det sju-åtte kilo tunge bokverket 
vart initiert av dei norske styresmaktene 
rett etter at krigen var slutt,


og ei redaksjonsnemnd på sju personar
fekk ansvaret for å samle inn opplysningar, 
skrive og redigere tekstane, 
før dei vart utgitt i åra 1948-1951.



Eg innrømmer gjerne - timane med lesing og blaing 
gjorde noko med meg.
Alt er så nøkternt, hardt og uendeleg trist.

Kanskje kan vi sjå på dette bokverket
som ein del av nasjonen Norge sitt sorgarbeid
etter det vi opplevde etter 9. april 1940.

Kven møter vi så mellom desse permane?
Jau, vanlege menneske av alle slag.

Ein kjøpmann frå Ålesund.
Ei butikkdame frå Trondheim.
Ein oberstløytnant, kjend frå felttoget i Gudbrandsdalen.
Ein skuleelev frå Volda.
Ein dreng frå Nordal.
Ein fiskar frå Ytre Sogn. 
Ein krinssekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund (KFUK/M).
Ei husmor frå Ålesund.
Ein lektor frå Bergen.


Øvst frå venstre: Israel Steinfeldt, (Ålesund), Malke Mahler (Trondheim), 
Lars Dannevig (Tønsberg), Abraham Mahler (Volda), Lars Selboskar (Nordal),
Sjur Trovåg (Solund), Jonas Uri (Nordal), Lea Steinfeldt (Ålesund), 
Erling Jørstad (Bergen).

Og altså over 11000 fleire,
som fall som fylgje av krigen,
med dei grufulle ideologiske, 
militære og strategiske 
mekanismane som spelte inn, 
alle med bilete og ein liten biografi.
Til saman utgjer dei Norges lengste minneord.

Framleis er det mange som hugsar fleire av "dei falne"
frå den tida dei var born eller ungdomar.
Og vi som er yngre, har fått bitar av historiene deira fortalt.  

Det er kanskje nærliggjande å tenkje på Nordahl Grieg, 
som i diktet "17. mai 1940" seier:

"Vi er så få i dette landet,
hver fallen er bror og venn".

I 1943 blir denne forfattaren sjølv ein av dei falne.

Kvart band i bokverket opnar med ein illustrasjon
av biletkunstnaren Alf Rolfsen (son av Nordahl).
Kanskje tematiserer dei motstand, okkupasjon, sorg og håp? 


Då eg for 12-13 år sidan
stod midt i arbeidet med å samle inn
historier til dokumentarboka 
"Himmelen over Shetland"
(Det norske Samlaget, 2009),

  
registrerte eg at mange av dei 
som hadde mist nære familiemedlemar,
hadde heile bokverket heime,
oftast på ein sentral plass i bokhylla i stova.
Ikkje så rart, når ein tenkjer på det store tapet
 som desse familiane hadde lidd.

Ei historie som også er omtala i den boka,
er den siste reisa til MTB 345,
der Agnar Bigset frå Hareid var maskinist.
Dette var eit av dei styggaste brotsverka som okkupantane stod bak,
og hendinga vart nytta som tiltalepunkt
under prosessane i Nürnberg hausten 1945.
I "Våre falne" står det følgjande:


 Om ålesundaren Israel Steinfeldt kan vi lese:  


Om Trygve, far sin barndomskamerat:


  Om oberstløytnant Dannevig, 
som var far sin overordna 
under felttoget i Gudbrandsdalen:


Om Sjur Trovåg, onkel til svigerfar min:


Eller om Erling, syskenbarnet til mor:




 

Som ein ser, er det små, nøkterne fakta,
der ein berre anar lidingane som ligg bak.

Så endå ein gong nærmar vi oss 9.april og 8.mai.
Er det ikkje på tide å leggje krigen bak seg, spør nokon?
Bli ferdige, kome oss vidare?

Nei, vil eg svare.
Snarare tvert om.
Dei nye generasjonane må få høyre desse historiene.
Eg meiner dei har krav på det.
Vi må lære dei unge å avsløre og gjennomskue. 
I den krigen som var, ser vi også krigar som kan kome.

 Nettopp derfor er "Våre falne" eit så viktig dokument. 
Og som alle minneord skal det minne oss på noko 
- det som har hendt, og det som kan kome til å skje.
Minneord er påminningar.

I dag ligg "Våre falne" også på nettet.
Det går fint an å søkje på person
(men hugs fullstendig namn).
Ein snarveg til DIS Norge og Nasjonalbibloteket sin portal 
finn ein her:

søndag 1. september 2019

POPKUNST, JESUS OG FEITE DAMER


Litt synd 
at den flotte utstillinga
med dei fire kunstnarane
Per Ihle, Johannes Tvedt, 
Håvard Vikhagen og Arnfinn Mork Stordal
i dei gamle lokala til Hareid Elektriske
i Kjøpmannsgata (Miljøgata)
vart avslutta i dag, 
for denne kunne eg ha tenkt meg å sjå 
fleire gonger, 


 ikkje minst
er hareidsdølingen Arnfinn Mork Stordal 
sine tresnitt fascinerande,


med sin leik med 
kjende fjes frå media,
plasserte i originale settingar
og nye menneskelege relasjonar,


som ofte framkallar
uro og nagande uvisse,
trass i aktørane sine hjartelege smil,


noko som for denne sjåaren
gir hugskot i retning 


både Pushwagner 


og Andy Warhol, 


og sjølvsagt stoppar 
ein også opp ved



Per Ihle sine volumiøse kvinnefigurar 
i akryl


og Johannes Tvedt sine oljemaleri,
til dømes dette, 
med tittelen Kristus,
som sender tankane mine mot Emil Nolde 
sine nattverdsskildringar,


og det flotte gatemotivet
frå middelalderbyen
Rothenburg-ob-der-Taube,
der vi overnatta på veg til Italia i 1985,
og forstod 
at også tyskarane har dialektar
som kan vere vanskelege å forstå, 
men ikkje minst
har Håvard Vikhagen,
med oppvekst, bustad og atelier i Hjørungavåg krins,
og for mange kanskje særleg kjend 
for den grandiose biletserien 
om slaget ved Hjørungavåg,
mellom mykje anna 
to særs flotte maleri i linolje,
med tittelen
Solside,


som for meg leier tankane mot ein passeggiata 
ved ein kystby i Liguria,
og det vakre
Vikhage,
som sjølvsagt gir oss assosiasjonar
til kunstnaren sitt etternamn,


så vel blåst, 
Hareid Kunstlag,
og takk for den fine opplevinga, 
til slutt representert 
ved den sprudlande tusjteikninga
Hjørungavåger


skapt i eit muntert samspel mellom
Johannes Tvedt og Arnfinn Mork Stordal
(sjølv halvt hjørungavågar).