onsdag 18. mai 2016

Frå sjølveigar til husmann?

Kommunesamansuriumsreforma
- og eg



Torsdag 19.5. kjem eg til å stemme for at Hareid skal halde fram som eiga kommune. Kanskje handlar det litt om kjensler, men aller mest handlar det om fornuft.



REFORMA: Fyrst og fremst har planleggjinga av denne reforma vore så skral frå kommunalminister Jan Tore Sanner si side at den minner meir og meir om kompetansereforma for lærarar, som var så lite gjennomtenkt at den vart trekt tilbake av undervisningsminister Torbjørn Rød Isaksen berre fem - 5 - dagar før søknadsfristen for opptak til universitet og høgskular gjekk ut. Slik eg har forstått det, er heller ikkje oppgåvene til dei nye kommunene klarlagde. Når i tillegg målet om å redusere landet sine 19 fylke til 10 regionar vart lansert av regjeringa så seint som 5. april - altså i lang tid etter at prosessane om samanslåing var komne godt i gang rundt om kring, framstår denne reforma som meir og meir useriøs. Innanfor kva region skal desse nye kommunene ha ansvar for kva?


PREMISSANE: Hovudtanken bak regjeringa sitt ønske om større kommunar skal vere at desse vil skape betre tenester, billegare tenester og meir robuste fagmiljø (kva no det måtte vere). Men stemmer dette? Eg har framleis ikkje sett undersøkjingar som kan stadfeste at tenestene faktisk er blitt billegare der kommunar allereie er slegne saman. Om du spør innbyggjarane i Aure på Nordmøre (som slo seg saman med Tustna i 2006) vil nok svaret vere: -Tvert i mot. Om du spør innbyggjarane i Sula, som gjekk ut av Borgund i 1977, vil truleg melodien vere den same: -Før betalte vi 12 prosent av skatten inn til storkommuna, men fekk berre 4 prosent av investeringane tilbake. No går skatteinntektene til oss sjølve. Sula som eiga kommune har vore ein suksess. Smått kan gjerne vere godt.


SENTRALISERINGA: Sjølvsagt vil resultatet av samanslåingane til slutt vil bli sentralisering, større avstandar til nødvendige tenester og avfolking i dei minste krinsane. Det var dette som skjedde i 1960-åra. Samanslåingane utrydda fleire lokalsamfunn. Også i Sverige. Om du køyrer ein tur gjennom Jämtland og Herjedalen, ser du resultatet. Hus som rotnar. Hus som fell ned. Attgroing av gamle jordbruksområde. Rasering av kulturlandskap. Dei mennesklege kostnadene for sentraliseringa kan bli temmeleg høge. Og er vi villige til å betale denne prisen - ein gong til?


UTPRESSINGA: Utpressinga som ligg bak, provoserer meg. Skremslet om straff. For dei statlege overføringane gjennom det nye inntektssystemet til kommunane skal skal gi færre millionar til dei små kommunane. Og fleire til dei store. Eg trur dette får mange til å tenkje på epokar i Noregssoga som ingen ynskjer seg tilbake til. Eg likar ikkje pisken.



GRUNNSYNET: Etter mi meining avslører også dette eit syn på samfunn – og menneske -  som er blitt ein trend i organiseringa av det nye Noreg. Den blinde trua på at dei store einingane vil gjere alle ting betre. Utviklinga har vore på gang i mange år innan helse og politi. No står også utdanning for tur. Vitale og tradisjonsrike institusjonar som Høgskulen i Volda må finne seg nokon å slå seg saman med, viss ikkje kan dei bli lagde ned. Altså: - Finn deg vener, eller forsvinn! Her kjenner vi pisken igjen. Ting skal på død og liv spissast. Arbeidsplassane skal bli ei oppsamling av spesialistar. Politikarane skal profesjonaliserast. Allroundarane, som dei fleste av oss er, har ingenting i politikken å gjere. Det er som den lokale AUF-politikaren skreiv i avisene i samband med diskusjonen før denne avrøystinga: - Spørsmålet er for viktig og for vanskeleg til at vanlege folk kan få bestemme dette! Så det verserer altså ei blanding av ei ovanfrå-og-ned-haldning og ein bedriftsøkonomisk tankegang mellom politikarar (sikkert både i storting og regjering og innan fleire parti) som ikkje berre er ei hån mot veldrivne og livskraftige einingar i distrikta, men som også avslører ei manglande forståing for kvar verdiskapinga (og kulturskapinga) i landet vårt gåre føre seg. Kommunereformen = Noreg sett frå Oslo. Dumt, men sant.

INTENSJONSAVTALANE: Eg trur ikkje nødvendigvis at det er intensjonane det er noko gale med. Det er heller ingen grunn til å tvile på at ordførarane har gjort sitt beste. Intensjonsavtalane seier likevel ingenting. Intensjonsavtalane er som luft. Dei forpliktar ikkje. Fokus har vore på kommunenamn! Og at ingen skal seiast opp! Tenk det! Så kva er dei verde, desse avtalane? I Ålesund har den noverande ordføraren gått inn for at den nye storkommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Då erke-ålesundaren Harald Grytten vart spurd om dette under ei boklansering i Aasen-tunet for ei tid sidan, svarte han lakonisk: «Det kommer aldri til å skje».

ALTERNATIVA: For meg er alternativet med Ålesund utenkjeleg. Og det botnar ikkje i den ampre stemninga som rådde under fotballkampane mot diverse bylag som mange av oss opplevde i 1970-åra. Det handlar heller ikkje om at Hareid ligg sør om Breisundet (sjølv om det har delt Sunnmøre i to sidan tidenes morgon). Nei, det handlar om realitetar. At Hareid med sine 5000 menneske skal få avgjerande innverknad i ein storkommune med 100 000 innbyggjarar, er det same som å tru på julenissen. Å håpe på at tenestene våre skal bli betre (eller i alle fall like gode) innanfor ein storkommune med Ålesund, er i beste fall svært naivt. I tillegg til Brandal, vil sjølvsagt krinsskulane i Hjørungavåg og på Bigset bli lagde ned, og det temmeleg snart. Og er det så sikkert at dei gamle verkeleg får leve dei siste åra sine på sjukeheimen på Teigane? Dessutan: Å gi frå seg kommunestyret og få tilbake eit bydelsutval, høyrest ut som ein svært dårleg deal. Om vi blar litt i historieboka – blir ikkje dette det same som å gå frå sjølveigande bonde til husmann utan jord? Kvar blir det av sjølvråderetten? Kvar blir det av innverknaden til å forme sitt eige lokalsamfunn og nærmiljø? Nokon vil kanskje seie at Runde er eit betre alternativ, men her sprikar kommunane sine ynskje i alle retningar. Det vil bli som å bere staur. Altså svært vanskeleg. Om ein fyrst måtte slå seg saman med nokon, ville jo kanskje Hareid og Ulstein vere det mest nærliggjande alternativet for mange, men dette er altså ikkje tema denne gongen. Men vi ikkje slå oss saman med nokon. Vi blir berre pressa/truga/lokka (stryk det som ikkje passar). Så greier vi å stå i mot?

KONKLUSJONEN:
Tanken om at dei store einingane skal gjere samfunnet betre kviler på premissar som ikkje held mål. At storkommunar vil svekkje lokaldemokratiet, kan det ikkje vere tvil om. Det har dei alle tider gjort. Og når investeringane er blitt store i desse storkommunane, er det blitt spart inn ved å tynne ut i nærtenester - som skular og sjukeheimar i utkantane. Eksempla er mange, og vi er lite kloke viss vi ikkje vil lære av denne historia. Men framfor alt botnar kommunereformen i eit syn på samfunn og menneske som undervurderer bygdene og folk flest. For meg blir dermed valet enkelt. Hareid har for mykje å tape på å bli ein del av Runde eller Ålesund. Å stemme for nokon av desse, ikkje minst i den uklare situasjonen som rår no, kan fort bli ein brølar som vi kjem til å angre bittert på. Vi har derimot mykje å vinne på å stå åleine. Derfor stemmer eg JA til Hareid som eiga kommune.



































































































































fredag 6. mai 2016

UNDER LINDA - NORGES MINSTE POESIFESTIVAL

Laurdag 25. juni
inviterer vi til hagefest
med opplesing og song igjen!


I år 
slår vi til 
og gir ordet til
to flotte lyrikarar,
Marit Kaldhol og Jan Ove Ulstein!
I tillegg 
kjem trubadurane
Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr!
Og sjølvsagt blir det kaffi og kaker!
Om véret blir like godt som i fjor,
kan vi love ein fin ettermiddag og kveld!
Set av datoen!
Alle er hjarteleg velkomne!