fredag 17. oktober 2014

Kamerat Edvard Nobel


Så har altså Hareid fått sin nobelpris,
og eg kan smykke meg med at eg
(som den einaste i verda, trur eg)
har gått i skuleklasse
med den eine av vinnarane i 12 år.
At vi på nordsida av øya
no har greidd å avle fram ein mann
som vert nemnd i same andedrag som Ernest Hemingway og Nelson Mandela, kom sjølvsagt som eit gledessjokk på mange,
men at ein barytonist frå skulekorpset og eit medlem
av speidarpatrulja Bjørn av 1. Hareid KFUM
skulle stikke av med prisen
i nettopp medisin, 
var eigentleg ikkje overraskande for meg.
Dei siste dagane har eg tenkt mykje på ulike faktorar
som kan ha lege til grunn for suksessen,
særleg med tanke på alt som har med natur og retningssans å gjere.
Og la det vere sagt med ein gong:
Denne prisen er ein stor siger for skulesystemet i Hareidsdalen,
ja, for heile segmentet Oppvekst og kultur,
som det så fint heiter i kommuneplanane,
frå dei verslitne furene på Nevstadnipa
og heilt ned til dei glatte svaberga på Sveneset.
Ingen må lenger vere i tvil om
at å vekse opp på Hareid er gollj!


Edvard vart
(som meg eit par månader seinare)
fødd på det gamle sjukehuset ute på Klipra i Ålesund
27. april 1962, forresten dagen etter vår gode klassekamerat Morten N
(som vart fødd "oppå lofta" heime).
Eg kan hugse at det ofte vart gjort eit lite poeng av desse tette fødselsdagane i skulestova:
- 27 er større 26, men kven av gutane er eldst.
Det skapte jamvel slåstarkauler på eit bursdagsselskap
ein eller annan gong tidleg på 70-talet.
Nobelprisvinnaren
lærte seg elles å gå oppreist i ein sørvest kuling ute på Nordøyane,
nærare bestemt på Haramsøya,
der faren arbeidde på ein orgelfabrikk,
før familien tok til fornuft og flytta til Hareid
i god tid før han skulle begynne på skulen,
og faren kunne starte opp
Vestlandske orgelfabrikk, etterkvart ein kjend arbeidsplass for mange finsnikkarar i nørdste enden av Hareidsmyrane.
Vår fyrste skuledag
vart elles gjennomført i den øvste etasjen på Hareid Rådhus,
omlag tre veker etter at amerikanarane hadde landa på månen
med Apollo 11.
Eg hugsar ikkje om Edvard begynte på søndagsskulen i 1968,
sidan eg (på grunn av det lange håret mitt)
vart feilplassert hos jentene og dermed ikkje kunne sjekke
om han sat saman med gutane under preikestolen i kyrkja.
Men eg trur han var der, sidan det kunne vere likt foreldra hans
å sende han dit.
Mykje ut av seg kunne han likevel ikkje ha gjort.
Han brølte ikkje,
og han sette heller ikkje fyr på noko,
så vidt eg hugsar. 
Fiskar og stjerner i garnet fekk han nok likevel.
For det må ikkje vere nokon tvil
om at Edvard kjem frå ein danna heim.
Tilfeldig var det nok derfor ikkje at familien hans bygde seg hus fram i Geilane, berre eit steinkast frå det kvite våningshuset i Ivergarden på Grimstad, Søre Sunnmøre sin kulturelle navle, i alle fall når det gjeld fleirstemt korsong og høgtlesing av skjønnlitteratur.
Bøane fram på Grimstad
er tvillaust eit Entorhinala Cortex i mange sunnmøringar sitt åndelege medvit, og her vaks altså nobelprisvinnaren opp.
Allereie tidleg 
kom Edvard sitt talent for forskning til synes.
Enno hugsar eg 60-meteren vi målte opp nedanfor huset deira.
Den hadde to svingar og ein motbakke på slutten.
Vi noterte ned persane utover hausten.
Han mine. Og eg hans.
Så tenkjer eg etter,
må eg ha vore hans fyrste vitskaplege assistent.
Men helst var det vel aktivitetane i barneskulen
(frå andre klasse på Brekkemarka)
som skulle bane veg heilt fram til prisutdelinga hos svenskekongen no i desember:
Ikkje minst utforminga av Det heilage landet i ei sandkasse
(eg kan enno hugse kor djup Jordandalen var).
Og farsdagskorta med Handi hans far min av Anders Hovden og flotte bordar rundt.
Vidare pipesmiinga på sløyden
(prøverøykt med torvtòs bak Fantehuset).
Blokkfløytelommene i tekstil.
Musikktimane med Orff-instrument.
Teikningane av Johannes Døyparen i ei kamelhårskappe.
Fadervåret om morgonen.
Fager kveldssol om ettermiddagen.
Og i løpet av nokre år dreiv korpset og speidaren mange av oss
endå tettare saman.
Eg er overtydd om at all trakkinga gatelangs etter El Capitan og Gamal jegermarsj om våren
har spelt ei avgjerande rolle i utdanninga av nobelprisvinnaren vår.
Sameleis innsamlinga av hjorteekskrement i Gullikskogen
og nattmanøvrane i den haustsvarte Brandalsstranda.
Før vi brått begynte på ungdomsskulen,
og verda liksom låg og venta på oss alle.

Kvar var det så det skar seg for meg.
Kvar skiltest våre vegar.
På gymnaset.
Å jau,
også eg studerte naturvitskaplege disiplinar.
Men der Edvard valde realfaga matte, fysikk og kjemi,
valde eg realfaga matte, fysikk og ballspel.
Det var nok her gullet glapp i mitt tilfelle,
kom eg på her ei natt.
Der Edvard valde kjemi, valde eg skøy og avslapping
(stikk i strid med far min sine råd).
I denne kjemiklassa møtte Edvard elles May-Britt for aller fyrste gong.
For dei som har lese VG eller fylgt med på Skavlan,
er resten av historia kjend.
Dei blei eit uslåeleg par.
Og vi lyt berre innsjå
at sjølv A-laget sin krinsmeisterskap frå 1955,
etter 6-3 over Velledalen og Ringen,
og gullet på Breimstafetten i 1982,
med dei påfylgjande tjue sekunda i Sportsrevyen,
bleiknar litt
i forhold til det desse to har prestert.
Så derfor:
Edvard Moser er Hareidsdalen sin største son.
Og vi er mange som er svært stolte over å kjenne han.
Til begge to seier vi:
GRATULERER!


Er det då noko eg ikkje har sagt.
Jau, Edvard har to kjekke systrer.
Og mor hans lagar verdas beste pannekaker.

PS: Katten vår har no fått namnet Hippocampus. 

søndag 12. oktober 2014

Ulstein overraskar

Kven 


skulle vel ha trudd 


at det kunne vere så fint 


ut i Vik.


FRÅ SKEIDE MOT BØLANDET, REMØYA, RUNDE, VATTØYA OG ULSTEIN.

fredag 3. oktober 2014

FALLE-NED-OG-SLÅ-SEG-LITTERATUR




No var eg ingen storlesar i barndomen.
Eg lyt berre tilstå at når eg fyrst var inne
(mest seinhaustes, på tunge regnversdagar),
så gjekk det helst i blad som Donald, Sølvpilen og Fantomet.
Det var fyrst det siste året på ungdomsskulen eg begynte å interessere meg for det vi kan kalle vaksen skjønnlitteratur.
Jens Bjørneboe var forresten min inngang til denne.
Då eg var 18 hadde eg lese alt av han.
Men dette betyr ikkje at eg ikkje las bøker i 10-12-13-årsalderen.
Huset vårt var fullt av bøker av alle slag
(kanskje grunna ei bokklubblesande mor og ein far som var skikkeleg glad i dokumentarar).
Og som yngste person (og dermed maskot) i to slekter fekk eg ALLTID bøker
frå velmeinande tanter og onklar til jul.


Det gjekk mest i gamle klassikarar.

   


 


Viss det ikkje var spennande soger

  


ausa opp frå den ville, norske naturen.


 

Jamvel forteljingar med eit visst politisk snitt fekk eg.


 

Men sjølvsagt vart det mange røvarhistorier.

   


Aller mest gjekk det nok i klassiske guteheltar.





Desse karane som gjorde vaksne ting.
Eller med stort vågemot utførte bragder som ingen kunne tru at ungdomar på denne alderen kunne vere i stand til å gjere.
Oppklare tjuveri. Avsløre bandittar.

Eigedomsretten har forresten alltid vore viktig i vår familie.
Om nokon fann ei bok slengd frå seg i vegaveitene,
så visste dei kvar dei skulle sende henne.


Andre bøker gjekk i arv


frå ein (utradert) storebror
til ei syster og til ein veslebror og sidan til sonen hans.
Nokre vart fyrst gitt som gåve "til broran" frå "tante Borghild",
sidan lånt ut til eit syskenbarn på Sunnmøre
og førti år seinare ekspropriert





av den lesehungrige nevøen hans
(som seinare også las 105 av 107 Hardyguttebøker).
Andre bøker kunne bli stolne


frå storebroren til ein kamerat
eller sjølvaste biblioteket



og aldri levert tilbake.
Så, jaudå.
Eg LAS bøker i barndomen.
Høgst sannsynleg var eg ein gjennomsnittslesar.
Det interessante er likevel at mest alle forteljingane
handla om fysisk aktivitet.
Dei fleste historiene hadde element av flukt i seg.
Og jakt. 


Det handla ofte om å hjelpe nokon.
Å berge nokon.
 Og presse kroppen sin slik at ein kunne få dette til.
For det var noko uendeleg viktig som stod på spel.





Og heltane i desse bøkene identifiserte eg meg med.
Dei hadde eit edelt mål.
Eg prøvde å imitere bragdene deira.
Ved å springe, sykle, sparke, slåst, fiske, fange, symje, snike, åle, krype, ri, ro, segle, skyte, klatre, hoppe og stupe. 
Etter skulen gjorde eg sjeldan lekser
(dei gjorde eg fyrst om kvelden).
Når eg kom heim, sette eg meg ikkje til for å lese ei bok, men slengde ranselen innfor døra og oppsøkte kompisane mine,
slik at vi kunne bygge hytte i skogen, hoppe på ski, sparke fotball eller fiske småsei frå berga.
Mange av oss braut føter og hender og fekk arr av tollekniven.
For vi "levde" den litteraturen vi fekk til jul.
Den fysiske litteraturen.
Falle-ned-og-slå-seg-litteraturen.
Sjølvsagt vil nokon seie at det eg skriv her, 
er noko sjølvforherligande vås.
Eg kan godt forstå den innvendinga.
Men eg lyt tilstå at eg blir glad kvar gong eg høyrer born gråte
når dei har slått seg.


Ein våt og kald genser. Ein hard ball i trynet.
Ein blåkul på kneet. Eller eit kutt i fingeren.
Alt dette er faktisk gode greier.
For det er slikt som skal bu oss på livet som kjem.


torsdag 2. oktober 2014

Oktoberfjord

Ein liten kveldstur


opp Håbakkråsa


til Holstadhornet


gjer dagen 


rikare.