tirsdag 31. januar 2012

HILDE PETRA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels


Hilde Petra Brungot si liste:



Camilla Collett: Amtmandens Døttre (1855)
Bjørnstjerne Bjørnson: En glad Gut (1860)
Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Ole Edvart Rølvaag: I de dage (1924)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Alfred Hauge: Kvinner på Galgebakken (1958)


Lektor Hilde Petra Brungot kjem frå Gjerdsvika, men har budd i Ulsteinvik sidan ho vart tilsett ved Ulstein vidaregåande skule
i 1979 (med faga engelsk, norsk og religion).

Vi merkjer oss at ein typisk eksponent for den norske immigrantlitteraturen er representert på lista, nemleg Ole Edvart Rølvaag.

Ikkje så rart kanskje, sett på bakgrunn av dei lange utanlandsopphalda Hilde Petra har hatt i Kina og USA (og at ho er gift med ein amerikanar).

søndag 29. januar 2012

ODD SI LISTE (OG VENTELISTE)

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Endeleg kjem Odd Goksøyr si liste:


Bjørnstjerne Bjørnson: En glad Gut (1860)
Alexander Kielland: Gift (1883)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Segelfoss by (1915)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Sigurd Hoel: Veien til verdens ende (1933)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Magnhild Haalke: Allis sønn (1935)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)

Forfattaren, trubaduren og lektoren Odd Magne Goksøyr
kjem opphaveleg frå Runde,
men har sidan 1985 budd på Hareid.

Det er tydeleg at Odd har hatt store problem med å bestemme seg.
Difor har han hengt på eit vedlegg med fleire titlar.
Som vi ser, viser denne lista ei langt mørkare side ved han: 

Odd Goksøyr si venteliste:


Ludvig Holberg: Nils Klims reise til den underjordiske verden (1741)
Maurits Hansen: Mordet paa Maskinbygger Roolfsen (1840)
Amalie Skram: Forraadt (1892)
Max Mauser: En hai følger båten (1939)
Agnar Mykle: Rubicon (1965)
Jens Bjørneboe: Kruttårnet (1969)



lørdag 28. januar 2012

OLGA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Mange har venta på Olga Støylen Runde si liste:


Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Pan (1894)
Sigrid Undset: Jenny (1911)
Olav Duun: I eventyre (1921)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Ronald Fangen: Duell (1932)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Torborg Nedreaas: Musikk fra en blå brønn (1960)
Sigbjørn Hølmebakk: Karjolsteinen (1977)


Olga Støylen Runde,
mellom anna kjend for den flotte biografien
om biskop Bernt Støylen (Samlaget 2008),
 kjem frå Kvamsøy,
men har vore busett i Ulsteinvik sidan 1979,
då ho vart tilsett som lektor ved Ulstein vidaregåande skule
(med faga norsk, religion og forming).


fredag 27. januar 2012

GUNDER SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels


Gunder Runde si liste:



Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Pan (1894)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Cora Sandel: Alberte og Jacob (1926)
Olav Duun: Medmenneske (1929)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)


Pensjonert lektor Gunder Svein Runde kjem opphaveleg frå Runde i Herøy,
men har budd i Ulsteinvik sidan 1979,
då han tok til å undervise i norsk, historie og samfunnsfag
ved Ulstein vidaregåande skule. 

Vi merkjer oss at også litteraturkjennaren Gunder har stor sans for Kåre Holts eksperimentelle roman, som mellom anna tematiserer dei lagnadstunge valsituasjonane som mange menneske kom opp i etter utbrotet av den andre verdskrigen.  



torsdag 26. januar 2012

VERONIKA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Her kjem Veronika Bonaa si liste:




Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Nordahl Grieg: Ung må verden ennu være (1938)
Sigurd Christiansen: Mannen fra bensinstasjonen (1941)
Johan Borgen: Lillelord (1955)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)

Veronika kjem frå Gjerdsvika.
Etter studiar ved Universitetet i Bergen og eit lengre studieopphald på Orknøyane,
har ho undervist i norsk og engelsk
ved Ulstein vidaregåande skule.


onsdag 25. januar 2012

JON ARILD SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Jon Arild Magerøy si liste ser slik ut:



Ludvig Holberg: Niels Klims underjordiske Rejse (1742)
Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Mysterier (1892)
Olav Duun: I eventyre (1921)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Jens Bjørneboe: Drømmen og hjulet (1964)
Kåre Holt: Kappløpet (1974)

Jon Arild er opphaveleg frå Volda, men busett i Hjørungavåg.
Han underviser i norsk, historie og samfunnsfag ved Ulstein vidaregåande skule.




tirsdag 24. januar 2012

DEAD NOVELISTS

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Berre for å seie det med ein gong:
Eg kan ikkje fordra rangeringar eller lister med beste eller verste av noko slag.
Spesielt ikkje når det gjeld biletkunst, musikk eller litteratur.
Alt som minner meg om æresprov, hyllingar eller helgenkåringar innanfor desse felta, gjer meg kvalm.
Eg skal spare eventuelle lesarar av denne bloggen for grunngjevinga for dette.


Likevel.
Trass i denne etter måten sterke aversjonen mot litterære kanoniseringar, ser eg behovet for å peike på gode tekstar, ikkje minst overfor den oppveksande slekt.
Altså ungdomen.
Kva romanar skal vi rå dei til å lese
(utanom dei nye og samtidige).
Kriterium: Litterær kvalitet. Originalitet. Språk. Personleg smak.
Her er eit framlegg :


Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)
Johan Borgen: Lillelord (1955)
Jens Bjørneboe: Frihetens øyeblikk (1966)
Alfred Hauge: Mysterium (1967) 


Sjølvsagt er det mange flotte romanar som manglar.
Bevares.
Og slikt skaper alltid irritasjon.

Likevel - vener og kollegaer - send meg DI liste!

NB: Av ulike grunnar opererer vi berre med døde forfattarar.



fredag 20. januar 2012

LYSET OVER GRUKKEDALEN

Så kom snøen og gav oss voner om skiturar i fjellet.
Framleis treng vi nokre centimeter til.
Ti eller aller helst tjue.
Men himmelen i vest ber ikkje bod om meir.


Inntil vidare lyt vi bruke joggesko 
og leite fram dei vekkgøymde råsene som kryp oppover langs steingardane.
Eller oppsøkje dei forlatne grusvegane
som ikkje endar nokon stad.
Slik eg gjorde i går kveld.


Då var lyset nesten heilt borte.
Mørket over bygda pinte det ned til nokre gule prikkar
under nordhimmelen.


Lågt skydekke. Og surklete slaps.
Kald væte.
Dette tusenår gamle nordvestlandske grunnelementet.
Men var det verkeleg etter meldingane.

Eg slo av musikken på øyrene og lytta til skogen si einsemd.
Min eigen håse pust.

Det var ingen der.
Berre elva sin ordlause song.

Lukkeleg den som hadde ull mot kroppen
og lykt på hovudet.


Men i morgon kjem det voneleg meir snø.
Eller kanskje allereie i natt.

Kven vil då vere den fyrste til å setje spor
og fylgje vegen heilt til endes.


 

fredag 13. januar 2012

KNUT ER HER IGJEN

Om nokon skulle vere i tvil.
Tjuandedags-Knut er her igjen.
Og då veit vi alle kva som lyt gjerast.

Hive jula ut.
Koste henne.
Ete henne.
Drikke henne.
Jamvel danse henne ut.

I dag er aller siste frist.



Tjuandedagen har elles mange namn.
JULEVIPPEN er eitt av dei.

For meir enn tusen år sidan ofra vikingane til Odin, Tor og Frøy under  
MIDTVINTERSBLOTET, som dei rekna som sin nyttårsdag.

Men så kom kristendomen og blanda seg med dei heidenske skikkane.

Og då den danske prinsen Knud Lavard (1095-1131) vart drepen i eit bakhald av syskenbarnet sitt (fordi han vart sett på som ein konkurrent til kongetruna) og det straks sprang fram ei vasskjelde på staden der han døydde, fekk den katolske kyrkja ein ny helgen.



Slik hamna Knut på den norske primstaven.
Som eit omsnudd drikkehorn.
Og seinare som ein kost.
Eller ei klokke.

Mytene sine vandringar mot symbol er sanneleg uransaklege.

Tjuandedagen er forresten dagen for alle julebukkar.
Og det er dagen då dei aller fleste nyttårslovnader sprekk.
Ikkje rart om ein tenkjer på alt som må etast og drikkast or hus.

fredag 6. januar 2012

TRETTEN

Så er festen slutt.
Moroa over.
På Trettandedagen kastar vi treet ut og pakkar ned julepynten.
Berre dei mest knallharde (eller silkemjuke) av oss held det gåande ei veke til.
Men då er det også finito.
Tjuandedags-Knut jagar jula ut.
Om den sjuarma lysestaken står og glimer i kjøkenglaset etter dette,
er du verkeleg fortapt.
Eller nedsnøva, som ungdomen seier.


Men denne trettande dagen er også Heilagetrekongarsdag.
Til minne om dei tre vise menn.
Kongane frå Austerland som vitja Jesusbarnet i stallen.
Verdskunsten er full av dette motivet.
Giotto er ikkje den einaste som ikkje greidde å halde seg.
Denne utmarksløa ved Betlehem.
Der høg møter låg.
Under den sprengklåre, mørkeblå himmelen.
Det måtte vere eit sosialt krasj av dimensjonar.
Og Kaspar, Melkior og Balthasar hadde ikkje akkurat med seg smågåver til den vesle guten.
Gull, røykjelse og myrra.
Luksus og kostbarheiter.
Innimellom høydungar og saudeparlar.

Ei lang reise hadde det vore.
Dom reid i flere da`r, skriv Prøysen.
I fylgje legendene (det finst frykteleg mange av dei) viste ei stjerne vegen.
Dei mellomeuropeiske stjernespela - der born utkledde som kongar går frå hus til hus og syng - har sjølvsagt samanheng med dette.


Som vi veit feirar mange russisk-ortodokse kristne jul i dag.
Jamvel fleire romersk-katolikkar.
På latin heiter dagen Epifania Domini.
Visst nok til minne om Jesu dåp i Jordanelva.
Kanskje heng dette saman med at dåpen blir sett på som ein åndeleg fødsel.

I skikkeleg gamle dagar var Trettandedagen sjølve juledagen også i Noreg.
Men kalendarskiftet - overgangen frå den julianske til den gregorianske kalendaren i 1700 -  sparte inn tolv dagar.

Så at vi lyt ete opp julematen og koste saman barnælene for siste gong akkurat i kveld, kan vi takke pave Gregor for.

Den trettande, altså.