torsdag 26. januar 2012

VERONIKA SI LISTE

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Her kjem Veronika Bonaa si liste:




Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Sigrid Undset: Kransen (1920)
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor (1933)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Nordahl Grieg: Ung må verden ennu være (1938)
Sigurd Christiansen: Mannen fra bensinstasjonen (1941)
Johan Borgen: Lillelord (1955)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)

Veronika kjem frå Gjerdsvika.
Etter studiar ved Universitetet i Bergen og eit lengre studieopphald på Orknøyane,
har ho undervist i norsk og engelsk
ved Ulstein vidaregåande skule.


5 kommentarer:

  1. veit ikkje om eg står inne for rangeringa her. Lista viser vel strengt tatt dei bøkene eg i det heile teke har lese av avdøde, norske forfattarar. Vi fekk jo ikkje lov å ha fleire titlar frå same forfattar, så då rauk Pan og Segelfoss by, og ikkje skodespel eller novellesamlingar. Så eg gav Øysten ei urangert liste over det vesle som då stod att. Skulle ho vore rangert, hadde nok Fuglane kome øvst.
    Men eg er nøgd med at det vart Nordahl Grieg som fekk æra av å pynte lista mi.
    Og lengre og lengre...Eg var på Orknøyane i ein månad, og det er jo lenger enn Øystein, men eg føler at dette vart litt overdrive her.

    SvarSlett
  2. Orknøyane er ei mykje viktig biografisk opplysning. Elles er alle bøker førte opp kronologisk, ja, og ikkje rangerte etter kor gode dei er i forhold til kvarandre. Nei, eg synest du har god grunn til å vere nøgd med både deg sjølv og lista di. Ikkje minst bensinstasjonen! Bilrelatert! Sikkert ikkje tilfeldig.

    SvarSlett
  3. Aha! Så det er difor alle har Sjur Gabriel på topp.

    SvarSlett
  4. Ja, vi ryggar oss inn mot vår tid...

    SvarSlett
  5. Rygging er vel ei form for omvendt kronologi?

    SvarSlett