fredag 6. januar 2012

TRETTEN

Så er festen slutt.
Moroa over.
På Trettandedagen kastar vi treet ut og pakkar ned julepynten.
Berre dei mest knallharde (eller silkemjuke) av oss held det gåande ei veke til.
Men då er det også finito.
Tjuandedags-Knut jagar jula ut.
Om den sjuarma lysestaken står og glimer i kjøkenglaset etter dette,
er du verkeleg fortapt.
Eller nedsnøva, som ungdomen seier.


Men denne trettande dagen er også Heilagetrekongarsdag.
Til minne om dei tre vise menn.
Kongane frå Austerland som vitja Jesusbarnet i stallen.
Verdskunsten er full av dette motivet.
Giotto er ikkje den einaste som ikkje greidde å halde seg.
Denne utmarksløa ved Betlehem.
Der høg møter låg.
Under den sprengklåre, mørkeblå himmelen.
Det måtte vere eit sosialt krasj av dimensjonar.
Og Kaspar, Melkior og Balthasar hadde ikkje akkurat med seg smågåver til den vesle guten.
Gull, røykjelse og myrra.
Luksus og kostbarheiter.
Innimellom høydungar og saudeparlar.

Ei lang reise hadde det vore.
Dom reid i flere da`r, skriv Prøysen.
I fylgje legendene (det finst frykteleg mange av dei) viste ei stjerne vegen.
Dei mellomeuropeiske stjernespela - der born utkledde som kongar går frå hus til hus og syng - har sjølvsagt samanheng med dette.


Som vi veit feirar mange russisk-ortodokse kristne jul i dag.
Jamvel fleire romersk-katolikkar.
På latin heiter dagen Epifania Domini.
Visst nok til minne om Jesu dåp i Jordanelva.
Kanskje heng dette saman med at dåpen blir sett på som ein åndeleg fødsel.

I skikkeleg gamle dagar var Trettandedagen sjølve juledagen også i Noreg.
Men kalendarskiftet - overgangen frå den julianske til den gregorianske kalendaren i 1700 -  sparte inn tolv dagar.

Så at vi lyt ete opp julematen og koste saman barnælene for siste gong akkurat i kveld, kan vi takke pave Gregor for.

Den trettande, altså.





3 kommentarer:

  1. Men det gjeng an å leve i kvardaga, og...

    SvarSlett
  2. Der ble det en trykkfeil, Olav H Hauge skreiv selvsagt originalt kvardagen!

    SvarSlett
  3. Ja, kvardagane er nok dei beste...

    SvarSlett