lørdag 31. desember 2011

VEDUNDERLEG NYTT ÅR

Tida går sanneleg fort.
Brått står vi ved døra til eit nytt år.
Totusenogtolv.
Som ingen veit noko sikkert om.
Berre at vi tek opplevingane frå totusenogelleve med oss.

Månaden januar er jo oppkalla etter Janus.
Den romerske guden for dører, portar og opningar.
For alle byrjingar og alle avslutningar.
På gamle statuer er han avbilda med to andlet på eitt hovud.
Det eine ser seg tilbake.
Medan det andre skodar framover.

Altså nærmar vi oss i skrivande stund ein passasje til noko vi ikkje veit kva er.
Eit nytt rom. Ei ny tid.

Årsskiftet er visseleg ein overgang.
På sett og vis let vi vekta frå den eine handa gå over til den andre.
Berre ei lita stund er vi i lufta.
Skal tru kor det endar.


For oss som arbeider i skulen er det alltid rart å sleppe elevane frå seg.
Desse som vi så å seie har hatt dagleg kontakt med i to-tre år.
17-18-19-åringane.
Brått er dei spreidde for alle vindar.
Eit stort privilegium er det å få jobbe saman med ein slik gjeng.
Ingen må vere i tvil om at ungdomen representerer sjølve gullet 
i kongeriket Noreg.



For min eigen del førte også ei bokutgjeving i april med seg møte med mange spennande menneske.




Lanseringa av Sjabervik innebar festar, reiser og seminar.
Og ikkje minst mange opplesingar.



Jamvel bokbad.



Presentasjonen av Sjabervik var ofte gjort i samarbeid med gode vener.




Jubileumskonserten under Hareidsstemna i oktober,
"Viljen til song",
var ei flott oppleving.




Komponisten Odd-Arve Hjørungdal imponerte meg stort.
Det same gjorde solistane Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid.
For ikkje å snakke om hjørungavågbrassarane og det store hareidskoret.





Så trass i dei mange dramatiske hendingane var 2011 på mange måtar eit svært godt år.

Rikt på impulsar.

Etter ein liten månad på eit kunstnarkollektiv i Italia




kom eg heim og forstod kvar sentrum i universet er.




Innimellom fekk eg heldigvis også tid til å sjå nokre fotballkampar




og gå mange turar i fjell og fjøre.



Så kva er det beste vi kan håpe på for 2012.
Eg har leita etter eit adjektiv som kan romme alt ein kan ynskje for framtida.
Bøygd i superlativ.


Det er sanneleg vanskeleg å finne.
Men var det ikkje Nora i Et Dukkehjem som, etter sitt tunge val om å forlate Thorvald, likevel håpte på at "det vidunderligste" kunne skje.
Eg trur eg går for det - uavhengig av konteksten.

Altså det vedunderlegaste.

Godt År!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar