mandag 24. september 2018

UNDER LINDA I SOL OG VIND

Laurdag 26.mai


vart Norges minste poesifestival,
UNDER LINDA, 
arrangert 
for sjette gong
i hagen på Einabu
på Hareid.




I tillegg til at hovudgjesten,
den shetlandske poeten
og inntil nyleg
EDINBURGH MAKAR, 
Christine De Luca, 



og gjendiktaren Odd Goksøyr



presenterte tekstar frå samlinga
"Glims O Origin" - "Glimt av opphav",



utgjeve på Ura Forlag i 2017,



las Andreas Bjåstad 
fleire av sine gjendiktingar
av De Luca (prenta i Bokvennen 2010),



medan Leiv Arne Grimstad 



lot oss høyre
spennande utdrag frå reiseboka
"Pilegrim i Frankenland"
(2004).



Ronald Øvrelid,



som, 
til liks med Odd Goksøyr,



lukkelegvis
har vore med og sett sitt preg på
alle festivalane,



tok så del med song,



før sistnemnde leverte ei vakker tolking av 
den shetlandske balladen 
"Unst Boat Song".



Stuntpoeten dette året
var lyrikar og teolog med meir 
Jan Ove Ulstein,



som i pakt med årets motto
"Kjærleiken til staden",
(inspirert av eit essay 
av den irske Nobelprisvinnaren Seamus Heaney),
deklamerte eitt av "sunnmørsvérdikta" sine
frå "Boholmen" (1979).



Etter same tråden, 
song så festivaldeltakarane,



som,
 i tillegg til 
Shetland/Skottland
og alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre,



også kom frå litt fjernare stader som
Ålesund, Sula, Giske og Sandøy,



Per Sivle
sin vidkjende lullaby
"Den fyrste song"




og sjølvsagt også
Ivar Aasen sitt dikt 




"Gamle grendi",
tonesett av hareidsdølingen Rasofiel Rise, 



før det vart kaffi og drøs



i sola og vinden,
til akkompagnement av
tonane frå den britisk-norske biletkunstnaren
Roger Wagland,
som song og spelte keyboard,



under ei av dei få lindene






Ytre Søre 


Sunnmøre.



Mellom 60 og 70


menneske var innom festivalen, 


som, 


viss han skal halde fram med 
å vere landet sin minste,  


lyt krympast ytterlegare 


til eit






 eventuelt 


neste år.




Foto: Øystein Orten, Einar Orten Trovåg, Kirsti Mathilde Thorheim og Ingrid Opedal.