mandag 29. august 2011

Kongen og eg

Trass i smaken av einevaldstider og adelsprivilegium.

Skepsisen til ordensvesen og rojale venekrinsar.

Motstanden mot overdådige slottsmiddagar.

Det udemokratiske og det irrasjonelle.

Alt dette totalt uakseptable og nesten kvalmande.

Eg stemmer JA til Kongen.


Å jau.

Nokon vil sikkert hevde at det har med tjueandre juli å gjere.

Måten dette fryktelege vart takla på.

Eller respekten for autoritetane.

Overvintra husmannsånd.

Nedarva fiskarbondetankar.

Andre vil forklare det med mine gamle foreldre.

Generasjonen som opplevde kongefamilien som samlingspunkt mot nazismen under krigen.

Som kanskje gav meg ei slags verdikonservativ overbygning i oppveksten.

Haakon 7 sine talar frå London.

Kringkasta til forbodne krystallapparat gøymde i norske gjødselkjellarar.

Denne stirren - evna til å ikkje gje opp - som vi elskar.

Eller Olav 5 sin velbrukte anorakk under renna i Holmenkollen.

Årleg kommentert av min hoppinteresserte far.

Viss det ikkje var den berømte trikketuren under oljekrisa.

Insisteringa på å betale.

Dette at vi alle står likt - som vi elskar.

Vi hugsar Harald 5 sitt besøk på Nordvestlandet etter nyttårsorkanen 1992.

Ein ordførar på Søre Sunnmøre tok i mot han med dress og svarte lakksko.

Kongen kom i høge gummistøvlar.

Kledd etter veret og føret.

Sørpe, søle, slaps.

Alt dette kvardagslege og nære.

Som minner oss om at Kongen er ein av oss.

JA-et må vel ligge her?

Men det er ikkje dette heller.

Det er berre orda og handlingane.

Eg tenkjer ikkje på nyttårstalane eller snorklippinga ved bruopningane.

Det er det han IKKJE seier.

Og det er det han IKKJE gjer.

Kor ofte kunne han ikkje vere freista til å brenne av og synge ut!

Eg trur visdomen ligg i dette.

Det usagte. Det ugjorte.

Slikt krev styrken til ein majestet.




 

lørdag 27. august 2011

FOTBALL HANDLAR IKKJE OM FOTBALL

Det er med ei viss glede eg registrerer at eg har vore trenar for dei fleste av spelarane til Hareid sitt A-lag.


Ikkje det at eg har tilført dei noko meir enn andre trenarar.

Heilt sikkert ikkje.

Mange har også svidd av mykje meir tid enn eg på dette arbeidet.

Vi har trenarar i idrettslaget som har halde på i nesten 30 år.

Still going strong.

Sjølvsagt utan å få ei krone for det.

Men det er no blitt nokre ykter framigjennom åra.

På grus og gras.

I storm og regn, sørpe og slaps.

Jamvel i sol.

Det har vore ei glede og eit privilegium.

Fotball handlar ikkje så mykje om fotball.

Det er ikkje dei elegante mottaka og skrudde innsidepasningane.

Heller ikkje hælsparka og tunnelane.

Det er livets teater som utfaldar seg på bana.

Mennesklege kvalitetar avteiknar seg i kampen.

Motet. Styrken.

Evna til å tole. Evna til å oppmuntre.

Evna til ikkje å gje opp.

Kameratskap. Folkeskikk.

Rausheit overfor med- og motspelarar.

Banale ting eigentleg.

På biletet over ser vi to av juniorane som skora i 6-1-sigeren over Rollon i går kveld.

Eg trente dei på guttelaget for eit par år sidan.

At eg har undervist halve Hødd sitt Adeccoliga-lag i historie er ei anna sak.

Norske statsministrar etter krigen kan dei på rams.

Ikkje uviktig kunnskap for fotballspelarar det heller.





fredag 26. august 2011

VEGEN MOT NORD

Den klare haustlufta gjer sikta uvanleg god.

No når nettene vert lengre,
kryp fogderia liksom nærmare kvarandre.

Nordfjord og Romsdal pressar Sunnmøre mellom seg.     

 Frå Skolma (635 m o h) kan du på ein god dag sjå frå Stad i sør til Bud i nord.



På dette biletet ser vi Nordøyane som perlene på eit smykke.

Godøya, Giske, Valderøya, Vigra, Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya og Fjørtofta.

Så Harøya - delt mellom Sunnmøre og Romsdal. 

Ein gong gjekk svenskegrensa over her.

 Litt til venstre for Gamlemstveten anar vi Orta - der faren min vaks opp.


Rikskjend på 70-talet for å ha landets minste skule.


Ein lærar og ein elev.

I dag bur der tretten menneske.

Og folketalet er minkande.

Den vesle øya ligg midt i leia.

Frå nord ser ho slik ut.




Skolma ligg ein knapp times gange frå Brandal (gjennom Ytredalen).

Nabofjellet Signalhornet (627 m o h) har Hareidlandets flottaste varde.



Ned mot Sætra får vi eit fint blikk over Storfjorden. 

Ishavsbygda kviler i framgrunnen.




Samlar krefter.

Gir seg ikkje.


onsdag 24. august 2011

SOLA VARMAR VED BARTOLOMEUSMESS

Hundedagane er over. Det er haust. Men veret er vent og vakkert.

Sol og 20 grader.

Dessverre.

I fylgje lokale spådomar inneber det regnfulle månader framover.  



I farne tider flytta ein ned frå sætrane ved Barsok.

Ein trudde rovdyra kunne truge både folk og fe no når nettene vart lengre.

Dagen er oppkalla etter læresveinen Bartolomeus.

Altså ein av dei tolv.

Han skal ha blitt flådd levande før han vart halshogd og krossfest - på persisk vis.

På den gamle primstaven er dagen difor avmerka med ein kross og ein kniv.

Leivningane hans skal ligge i kyrkja som er oppkalla etter han på Isola Tiberina i Roma.

Bileta er tekne med min avlegsne NOKIA mobiltelefon frå Magerholm førre mandag (på veg til fotballkamp).

Vi ser ferja ved Ørsneset, møbelbygda Sykkylven og fjella i det gamle Dale skipreide.

Bondeføraren Jo Jamt og heksa Sva-Maska levde ein gong bak desse kvasse tindane.

Ingen stader var opprørstrangen og overtrua sterkare enn der.



  

tirsdag 23. august 2011

LAD SJÆLEN DIN DANSE


Førre søndag føremiddag - då sola fylte dalen med ein lun varme og eit bleikt, blåleg lys - stoppa ein mann i åttiåra meg langs vegen og kviskra desse verselinene i øyret mitt:

O menneskehed! Så du det ei?
Der dryssed en hærskare stjerneskud
- et for hvert barnesind,
et for hver kvindesjel,
et for hver mandeånd.
De var sendt fra de gladeste stjerner,
en høisommernat,
at lyse i hvert menneskes mørke indre,
at stråle i jordættens store nat.
Der dryssed en hærskare funklede bønner:
Sving dig mod lyset,
lad sjælen din danse,
lad ånden din stige,
bliv aldrig ræd!

Diktet vart lese med stor innleving medan vi rusla bortover grusen.

Den gamle mannen heldt den eine handa over skuldra mi
som om han var redd for at eg skulle misse noko viktig.

Sjølvsagt kunne han diktet utanboks.

Kven har skrive det, spurde eg.

Veit du verkeleg ikkje, smilte sambygdingen som hadde arbeidd heile livet i jordbruket. 

Det er Obstfelder!

Eg takka brydd.

Fyrst seinare på dagen - under den store minnemarkeringa - kom eg til å tenkje på aktualiteten i denne snart hundreogtjueår gamle teksten.

Sigbjørn Obstefelders Hymne dveler nok ved døden, men peikar samtidig framover - mot livsgleda og ungdommen - slik vi også kan oppleve i fleire av strofene til Henrik Wergeland og Nordahl Grieg.


Diktet sluttar slik:

O menneskehed! Tænd dine fakler!
I et talløst tog med fakler i hånd
lad os vandre de nedstrakte hænder tilmøde!


Altså ein appell.

Men også ei gåve.









lørdag 20. august 2011

STARTNUMMER 13

Med startnummer tretten fullførte eg i dag min fjerde maraton.

Det er ikkje mykje å skryte av.

Ein kar frå Nordfjord, som løp saman med meg frå Runde til Hareid i årets Nordvest Maraton - i det som kanskje er landets hardaste løype - hadde sprunge 412.

Og han meinte at sjølv det var lite, sidan ein tysk mann i 70-åra har gjennomført over 1500.

Så der har vi begge noko å strekkje oss etter.



Vel, med eit relativt skrint treningsgrunnlag kom eg meg altså heim.

Men det byrja å gå ganske tungt allereie etter 10 km.

Og etter 21 km var eg temmeleg tom.

Halvmaratonløparane hadde nettopp starta, så eg fekk lite drahjelp av dei.

Når eg passerte 32 km var eg stokk stiv. Der var heller ingen krefter att.

DÅ starta ei mote på 3200 meter.

Og eg begynte å sjå ned på føtene mine, slik dei norske skeiseløparane bruker å gjere når dei ligg etter skjema til nederlendarane på 10 000 m.

Og smerten oppsøkte dei ulike kroppsdelane. Negative tankar fylte hovudet.

Situasjonen blir kritisk:

Det går mesta ikkje framover. Du skrapar i botnen. Risikerer å gå på grunn.

Brått dukkar ein kollega opp i vegkanten med eit fotoapparat.

Smil!

Og du seier til deg sjølv: Dette blir siste gongen.

Aldri meir.

Så friskna føtene litt til nedetter dalen.

Steglengda auka.

Eg tok att nokre løparar.

Og smakte på verbet å lukkast.

Då eg nærma meg mål, kasta eg startnummeret frå meg.


Eg ville unngå latteren når speakeren sa:

Her kjem nummer tretten.


Etter å ha passert mål sa eg til meg sjølv (nesten lukkeleg):

Det er vel vondare for kvinnene å føde born.

Men maraton er nok det nærmaste vi andre kjem.






onsdag 17. august 2011

Falling Slowly


ONCE


I den irske filmen Once frå 2007 er låten Falling Slowly sentral.

Det er hovudpersonane Glen Hansard og Marketa Irglova  som spelar og syng.

Dublins gater dannar kulissane der to menneske møtest i musikken.

Dei blir nyfikne på (og jamvel glade i) kvarandre.

Kanskje er dette den store kjærleiken.

Men begge har band til andre personar som dei nøler med å bryte.

Uvissa til gatemusikanten og den nye venninna hans - om ein skal gripe denne eine sjansen som kan endre livsløpet så radikalt - gir mykje energi til framdrifta i denne forteljinga. 

Filmen handlar altså om det vi alle lengtar etter - kjærleik og musikk.


mandag 15. august 2011

CARRICKFERGUS


Carrickfergus




For dei som fylgjer Steve Buscemi og Kelly MacDonald og dei andre kremskodespelarane i den amerikanske TV-serien Boardwalk Empire på NRK, dukkar Loudon Wainwrights flotte tolking av den nordirske balladen Carrickfergus opp i den femte episoden.



Så brått kan dette sopranosaktige, litt småbrutale, historiske dramaet frå 1920-åra si forbodstid med gangsterkongane Al Capone og Nucky Thompson slå over i vare tonar med lengt og melankoli.

Det handlar (som nesten alltid) om kjærleiken til staden.

Både Bryan Ferry og Van Morrison har spelt inn fine versjonar av denne songen, som mellom anna har vore mykje brukt i gravferder til irske immigrantar i USA (Kennedyane m fl).



fredag 12. august 2011

CROSSING THE BAR

FOR MANGE ÅR SIDAN TREFTE EG EIN GAMAL MANN I ULSTEINFJELLA SOM KUNNE NAMNA PÅ ALLE SKJER OG FALL EIN KUNNE SJÅ UT OVER HAVET.

DET VAR SÅ LANGT AUGET RAKK.

TRULEG VAR HAN AV DEI ALLER SISTE SOM EIGDE DENNE KUNNSKAPEN SOM VÅRE FORFEDRE FISKARBØNDENE VAR SÅ AVHENGIGE AV NÅR DEI RODDE FISKE.

OM SKODDE ELLER SNØKAVE GJORDE MEDA USYNLEGE, KUNNE DEI LIKEVEL KOME VELBERGA TIL LAND BERRE VED Å LYTTE TIL KORLEIS BØLGJENE BRAUT.

KVART SKJER HADDE SIN EIGEN SONG - VED FLO OG FJØRE.

SLIK KOM EG TIL Å TENKJE PÅ BÅDE MIN EIGEN FARFAR OG FAREN HANS O S V BAKETTER DÅ EG LEITA FRAM ATT TENNYSON SITT KJENDE DIKT.  

Crossing the Bar


Sunset and evening star,
   And one clear call for me!
And may there be no moaning of the bar,
   When I put out to sea,


But such a tide as moving seems asleep,
   Too full for sound and foam,
When that which drew from out the boundless deep
   Turns again home.


Twilight and evening bell,
   And after that the dark!
And may there be no sadness of farewell,
   When I embark;


For tho' from out our bourne of Time and Place
   The flood may bear me far,
I hope to see my Pilot face to face
   When I have crossed the bar.




LORD ALFRED TENNYSON (1809-1892) VART UTNEMND TIL POET LAUREATE (ETTER WILLIAM WORDSWORTHS DØD) I 1850. HAN VAR ALTSÅ DRONNING VICTORIA SIN SAMTIDIGE. MYKJE AV DEN GRUNN (KANSKJE) STÅR HAN FRAM SOM SJØLVE DIKTAREN I DEN PERIODEN DET BRITISKE IMPERIET FRAMLEIS KUNNE SJÅAST PÅ SOM VERDAS SUPERMAKT.

CROSSING THE BAR VART SKRIVE I 1889 OG VAR SÅLEIS EITT AV DEI ALLER SISTE DIKTA FRÅ TENNYSON SI HAND. DETTE KJEM VEL OGSÅ TYDELEG FRAM, SIDAN VERSELINENE HAR DETTE ELEGISKE OG AVSLUTTANDE OVER SEG.

EIT KLASSISK DØDSDIKT - SOM SPELAR PÅ OVERFARTEN MELLOM LIV OG DØD, REISA TIL "DEN ANDRE SIDA".

MANGE STORE LYRIKARAR HAR PRØVD SEG PÅ EI GJENDIKTING AV DENNE TEKSTEN.
HER ER OLAV H. HAUGE SIN VERSJON: 


Gjenom falgarden

Stjerne og soleglad,
og eitt lydt rop på meg.
Gå roleg hav, um fall og flud og svad,
når no til sjøs eg dreg.


Den tunge flodi sig som svævd, for flødd
til sus og brott og skum,
når ho, i botnelause havdjup fødd,
atter snur um.


Skyming og klokkespel,
so natti myrk og stor:
Syrg ikkje når til slutt eg bed farvel
og gjeng um bord.


Um flodi ber langt på ukjend kos
frå heimleg tid og veg,
eg vonar standa andsynes min los,
når broti bryt bak meg.

onsdag 10. august 2011

LONDON

I LYS AV DEI SISTE DAGARS TEMMELEG DRAMATISKE HENDINGAR LEITA EG FRAM DETTE KJENDE DIKTET.

London


  I wander thro` each charter`d street,
Near where the charter`d Thames does flow,
And mark in every face I meet,
Marks of weakness, marks of woe.

In every cry of every Man,
In every Infants cry of fear,
In every voice; in every ban,
The mind-forg`d manacles I hear

How the Chimney-sweepers cry
Every blackning Church appals,
And the hapless Soldiers sigh
Runs in blood down Palace walls

But most, thro` midnight streets I hear
How the youthful Harlots curse
Blasts the new-born Infants tear,
And blights with plagues the Marriage hearse


William Blake, Songs of Experience (1793)


POETPAINTEREN WILLIAM BLAKE  (1757-1827) LEVDE HEILE LIVET (MED UNNTAK AV TRE ÅR) I LONDON.


DET ER BLITT SAGT AT DETTE DIKTET - MELLOM ANNA GJENNOM SINE REALISTISKE SKILDRINGAR AV INDUSTRIALISERING, MILJØPROBLEM OG SOSIAL ARMOD - BÅDE REPRESENTERER EIN PROTEST MOT DEI FATTIGSLEGE FORHOLDA I DEN BRITISKE HOVUDSTADEN OG EIT SLAGS PORTRETT AV EIN MENTAL SJUKDOMSTILSTAND.

ULIKT MYKJE ANNA AV BLAKE ER DETTE EIT POLITISK DIKT  - MED STEMMER, ROP OG GRÅT FRÅ MENNESKE SOM KJENNER SEG FRAMANDE I SIN EIGEN BY.



mandag 8. august 2011

TEARS

Tears





I`m crying all the time now.
I cried all over the street when I left the Seattle Wobbly Hall.
I cried listening to Bach.
I cried looking at the happy flowers in my backyard, I cried at
                     the sadness of the middle-aged trees.


Happiness exists I feel it.
I cried for my soul, I cried for the world`s soul.
The world has a beautiful soul.
God appearing to be seen and cried over. Overflowing heart of
                    Paterson.

Allen Ginsberg, 1956


Allen Ginsberg (1926-1997), amerikansk beatpoet med jødisk bakgrunn. Paterson i New Jersey var heimbyen hans.







torsdag 4. august 2011

SÖTA BROR

På sett og vis er Värmlands hovudstad ein kystby.

Vänern er trass alt ein av Europas største innsjøar.

Klarälven kjem nordafrå og renn gjennom byen som to årer.


Det er heller ikkje for ingenting at ishockeyklubben her heiter Färjestad.

Til liks med kystmetropolen Ålesund er Karlstad er ein vakker by.

Som namnet nesten tilseier vart byen grunnlagd av Carl IX.

Det var så tidleg som i 1584.

Og som Ålesund brann Karlstad ned.

Det var i 1865.

Men medan Ålesund vart bygd opp att som ein steinby i jugendstil ved hjelp av tyske arkitektar
(og svenske murarar)
i 1904,
vart Karlstad gjenreist i tre.

Året etter, i september 1905, gjekk forhandlingane rundt unionsoppløysinga føre seg her, i Frimurarlosjen sine lokale, på bardane til Klarälven.


Det blei altså ikkje krig.

Berre nesten.

Det er ikkje utan grunn at Christian Michelsen si statue i Bergen har Noregs høgste sokkel.

Rett mann på rett plass til rett tid o s v. 



Mange kunstnarar har på ulikt vis hatt tilknytning til denne byen.

Gustaf Fröding, Selma Lagerlöf, Nils Ferlin og Jussi Björling. 



Når ein nyt Det gode liv i grannelandet, opplever ein elles ganske raskt kva broderfolket er oppteke av.

Mellom dei friske dukkertane på hotellet tidlegare i dag, i ei solseng ved bassengkanten, nippande til dei siste dropane i kaffikoppen, registrerte eg toppsakene i eit par av dei største avisene.

At Italia si gjeld er ei tikkande bombe under eurosamarbeidet
(Dagens Nyheter).

At "centerextremisten" Barack Obama fyller 50 år etter eit elendig kompromiss i Kongressen.

At den billettlause jenta Nema på 11 år vart slengd av toget i Kumla
(vreiden rettar seg fyrst og fremst mot den ikkje namngjevne konduktøren og Sveriges svar på NSB, Statens Järnvegar).

"Ni måste ta hand om våra barn, SJ" (Aftonbladet).

At Malmö FF slo ut storlaget Glasgow Rangers frå kvaliken til Champions League og såleis kan tene mykje pengar framover.

"Miljonvrålet efter drömmålet" (Aftonbladet). 

Men den altoverskyggande saka i Sverige er framleis ugjerninga 22. juli.

Dagens Nyheter nyttar fire sider på den norske terrorsaka, Aftonbladet sju.

Med bakgrunn i det fryktelege som hende denne dagen, dreg journalisten A.F. i sistnemnde avis samanlikningar mellom terroristens haldningar og det tradisjonelle nordiske mannsidealet heilt fram til nyare tid.

Urovekkjande tankar.

Uansett.

Terrorsaka har rysta Sverige.

Lokalavisa Wermlands Tidningen melder elles at kondolanseprotokollane i Karlstad vert sende til den norske vennskapsbyen Moss i neste veke.



Deltakinga har vore stor.




onsdag 3. august 2011

DET GODE LIV

Nokre ting har eg alle tider visst.

F eks at det gode liv finst i Sverige.

F eks i Värmland.




Men kanskje varer det ikkje evig.

Värmlands store skald - den eksentriske og himmelstormande - Gustaf Fröding seier det slik:


"Dagar ha kommit och dagar ha gått
en gång väl kommer den sista,
flyktig är lyckan och knappt dess mått
tung är den ändå att mista."


Likevel.

Desse småslentrande, kaffidrikkande badedagane (med glimt av lukke) kan ingen ta frå oss.

tirsdag 2. august 2011

LØVEKVELD

Å vandre gatelangs i Oslo desse dagane gjer inntrykk.

Byen er annleis enn sist eg var her.

Monument, skulpturar og ulike gjenstandar er pynta med blomster og lykter.


Johan Sverdrup - frå sin utpost ovanfor Frimurerlosjen.

Christian Michelsen - skodande mot Eidsvolls plass.


Ei tilfeldig gatelykt.

Stortingsrepresentantane sine sykkelstativ.

Og sjølvsagt løvene - meisla ut frå fjellet av to livstidsfangar på Akershus.


Det er afrikanske dyr som vaktar om nasjonalforsamlinga i Noreg.

Altså demokratiet.

Og likeverdet. 

Saman med folket.


Noko må ha skjedd så spontant.

Og reaksjonen må ha kome så kontant.

At vi kan snakke om Den norske løve som noko verkeleg.

Det er slikt ein kan ta med seg no når hausten byrjar.




mandag 1. august 2011

TIGERKVELD

Fyrste august 2011.

Varm kveld i Tigerstaden. Lave stemmer langs Karl Johan.

Sol gjennom vatn i Spikersuppa. 


Roser overalt.
Flagg og liljer ved domkyrkja.


Slake blomsterbylgjer.


Lysande fred.