søndag 23. april 2017

VINDUET 1985 - TO DIKT

Eg fann 
ein bunke med VINDUET på loftet,
mellom anna nummer 4-85,
der eg hadde to dikt.


Det var no litt gildt dette,
hugsar eg,
då Jan Kjærstad
(som var redaktør)
 ringde,
og kanskje var denne vesle telefonsamtalen 
ein slags start.


Om eg hugsar rett,
kom både HEIMKOMST og MOONLIGHT SHADOW
 med i havflammen,
saman med ein del av dei andre 
lærarskuledikta.
Ei ti`va`.

søndag 9. april 2017

"Dei tyske flya stupte mot oss som stormåsar"

Om natta, under det tyske åtaket 9.april 1940,
vart elevane ved Luftvernartilleriets befalskole,
som var stasjonerte i brakkene på Akershus festning,
sette inn i forsvaret av Oslo og Fornebu.
Far min var ein av desse.


I grålysninga, 
etter å ha funne dei norske kanonene 
på Huk ubrukelege 
(dei var blitt saboterte av tyskvenlege nordmenn),
 enda laget hans opp i ei mitraljøsestilling 
(som framleis var intakt)
på vestkanten av Oslo
Frå eit hustak på Smedstad 
(med god utsikt over Drammensvegen)
skaut dei mot Heinkel-maskinene
som kom siglande inn over byen.

"Dei tyske flya stupte mot oss som stormåsar. 
Kulene deira flisa opp treverket på veggen bak oss".


"Fleire gongar trudde vi at vi hadde truffe dei tyske flya, 
men dei steig berre opp att,
og kom igjen og igjen".


 Elevane ved Luftvernartilleriets befalskole 
skulle ha eksamen i "Feltarbeid" denne dagen.


Men prøva vart nok annleis enn dei hadde trudd.

Intervju med EO november 1995.
Bileta av dei tyske flya over Oslo er henta frå regjeringen.no. 

fredag 7. april 2017

Aina Basso og Hilde Myklebust Under Linda i år

Om alt går etter planen, 
vert det både song og lyrikk
Under Linda på Hareid 
laurdag 24. juni. 


Temaet i år er Natur og overtru. 
I tillegg til verbale innslag frå Aina Basso og Hilde Myklebust,
vil Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth, Ronald Øvrelid 
og Odd Goksøyr ta del med song.
Eg har også tenkt å vere der.
Som i fjor vert arrangementet,
som er gratis og ope for alle, 
støtta av Norsk Forfattarsentrum.

søndag 2. april 2017

CLAUDIO MAGRIS OG TRIESTINITETEN

Eg har nyleg lese den nye romanen til Claudio Magris, Non luogo a procedere, på dansk. Det var ei rystande oppleving, i positiv tyding, sidan  både det alvorlege innhaldet og det suggererande språket har etterlate seg ei uro i kroppen som kanskje ikkje vil sleppe taket på lang tid. Dette er verkeleg ei sterk bok.

     

I Bokvennen Litterær Avis 2-2017 finn ein eit intervju som eg gjorde med forfattaren i fjor.



I tillegg til den nye boka si, kjem han også inn på oppveksten og forfattarskapen sin, men kanskje aller mest prøver han å forklare den spesielle posisjonen som heimbyen Trieste har hatt, både strategisk og maktpolitisk, litterært og kulturelt, og som har skapt ein heilt spesiell mentalitet og sinnsstemning, triestinitá.

Her kjem innleiinga til intervjuet:


"Mange vil hevde at ei av vår tids viktigaste stemmer tilhøyrer den 76 år gamle italienske litteraturprofessoren Claudio Magris, som med sine eksperimentelle romanar og essays heilt sidan 1980-åra har teke lesarane med på ville oppdagingsferder gjennom Europa si styggvakre historie, ofte med fokus på krigen sitt brutale vesen, og gjerne med utgangspunkt i grensebyen Trieste, der forfattaren har vakse opp og framleis bur.

Den siste romanen hans, Non luogo a procedere, som kom ut i 2015, (Intet retsligt efterspil i dansk omsetjing), låner då også kulissar frå ein gamal risfabrikk rett utanfor byen, som fungerte som konsentrasjonsleir og krematorium for nazistane. La Riseria di San Sabba var Italia sin einaste dødsleir under den andre verdskrigen, og tittelen spelar på kor lett dei lokale medløparane slapp unna ansvaret for jødeforfylgjingane då krigen var slutt. I kjend stil driv Magris handlinga fram med store historiske sprang og ein detaljrikdom som kan ta pusten frå lesaren, ikkje sjeldan gjennom lange digresjonar, historier og fabuleringar, med endå fleire forgreiningar, som kan verke som avsporingar, men som til slutt gir nye og overraskande innsikter mot det temaet som romanen tek opp – krig, vald og menneskeleg djevelskap. Sjølv målt opp mot reiseboka Danubio (Donau) og romanen Alla sieca (I blinde) står tekstmassen fram som hybridaktig og grensesprengjande, og kritikarar har hevda at med denne nye romanen har forfattaren for alvor meldt seg på i diskusjonen om ein nobelpris i litteratur.

Som alltid er landskapet viktig for Claudio Magris, særleg grenseområda rundt halvøya Istria, som så mange nasjonar og statar har gjort krav på. Dette er også bakgrunnen for at Trieste var ein så dramatisk kampplass under og rett etter verdskrigane. Mange kjende – og kjenner framleis - eigarskap og tilhøyrsle til byen.

Om du vil møte Claudio Magris i Trieste, er det stor sjanse for å treffe han på Caffé San Marco, James Joyce og Rainer Maria Rilke sin stamkafé, som ligg litt nord for sentrum, like ved Giardano Pubblico. Ved eit fast bord i hjørnet av denne eksentriske serveringsstaden skriv Magris dei fleste av utkasta til bøkene sine. Sjølvsagt for hand".

 

Trieste er vel verd eit besøk. Byen er på mange måtar ein nøkkel til å forstå italiensk, austerriksk og jugoslavisk historie, reaksjonane på oppgjera etter begge verdskrigane og ikkje minst forfattarskapane til modernistiske frontfigurar som Italo Svevo og James Joyce.
  
  
 


  

Men framfor alt er Trieste nøkkelen til å forstå den strålande forfattarskapen til  Claudio Magris.

  


 No gler eg meg til at den nye romanen kjem ut på norsk.