fredag 30. september 2011

Glade dagar i Grukkedalen

Potetferien er endeleg her.

Med klarver og varm vind.

Ein etterlengta pust mellom regnbygene.



Grimstadvatnet speglar av sørhimmelen.

Ei hegre har vitja måseparet på Verparen.

Lyttar til lyden frå leikande born.  

Kvervlar opp minne om glade dagar i Grukkedalen.

All denne springinga vegalangs. Haukinga i skogen.

Fanst det noko betre enn å kome sliten og svolten heim.



Men snart skal båtane leggje ut på.

Og skjere skuggen frå Hovdenakken i små bitar.

Saudene er jaga ned frå fjellet.

Beitar på grøne marker under berget.

Ventar på eit kvart.



I farne tider.  

I vona om å blidgjere Skaparen.

Før hauststormane sette inn.

Slakta bøndene eit dyr på denne dagen.

Men no har sommaren kome tilbake.

I går, med Mikjelsmess, hadde vi 23 grader.


Og 19 i dag.

Så framleis er det sesong for kortebrøker og aviser på altanen.

Katten møter meg i tunet.

Han mel nøgd.

I morgon tek vi potetene.

Livet er godt.

mandag 26. september 2011

SISTE MILA

Stiv og støl i dag
etter over fire mil med asfalt og brustein i hovudstaden.



Stundom lurer eg på om eg nokon gong vil lære
av alle feilstega eg gjer.

Korfor endå ein gong
sjå så lyst på det


når eg veit kor ille det vil gå til slutt.

Men det opna bra.

Kroppen glei fint av garde i godt og vel tre mil.

Sola skein, lufta smaka sommar og folk heia og ropte namnet mitt
opp Karl Johan.

Jamvel på Aker Brygge.

Var det nokon eg kjende.

Var det kanskje menneske som ville meg vel.

Så brått. Ved Operaen.

Ingen krefter att. Kjensla av å vere inn i hampen stiv.

Og lysta til å bryte ut av denne meiningsløysa.

Begynne å gå. Eller setje meg i vegkanten.

Så forferdeleg stor.

Men føtene heldt berre fram utetter stranda.

Mot all vitskap og fornuft.

Heilt utan fråspark.

Og med tanken tom for bensin.

Sving etter sving tilbake.

Operaen. Festninga. Jernbanetorget. Tøyen.   

Og endeleg opp Karl Johan.

Truleg medvitslaus. 

På uforståeleg vis kom eg til mål.

  

Det var heilt sikkert ikkje noko vakkert syn.

Eg tenkjer på alt dette som var i ferd med å gå i oppløysing.

Fyrst og fremst hovudet. Og det som var att av musklar og skjelett.

Men eg var ikkje åleine.


Maraton knyter nye vennskap.

Slik at det til slutt vil bli ein lang ring av oss  
som aldri lærer.

Rådet er difor:

Sjå lyst på det. Og sjå svart.


torsdag 22. september 2011

VILJEN TIL SONG

Det femtiande Hareidsstemna er under oppsigling 
og

Jubileumsverket

VILJEN TIL SONG

vert framført i

Hareidshallen søndag 16. oktober.



  
Komponist og arrangør: Odd-Arve Hjørungdal

Tekstar: Andreas Bjåstad og Øystein Orten

Solistar: Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid (biletet)

Hjørungavåg Brass. Kor frå Hareid.











onsdag 21. september 2011

Milde vindar til Mattismess

I dag kom våren tilbake.

Milde drag strauk rundt husnovene.

Fylte lufta med forventning om noko meir.

Kanskje ein ny sommar.


Dagen er til minne om apostelen Matteus.

Evangelisten.

Tollaren.

Syndaren.

Han som seinare fekk namnet Levi.

Legendene fortel at han forkynte i Egypt og Etiopia.

Før han vart hoggen ned.

Difor vart den gamle primstaven merka med ei øks.


Fleire stader i landet vart Mattismess også kalla Lauvrivaren.

Dette skal ha vore dagen for sterke vindar.

No begynte bjørnen å ete maur.

Og nærsøkte folk og fe på gardar og sel.

Før han leita fram hiet sitt.

Den lange dvalen kravde mat og krefter.


 
Den siste bamsen på Hareidlandet vart forresten skoten i 1804.

Det var ved foten til Løkeberget oppe på Fjelle.

Ikkje rart farande folk væpna seg med spyd og øks i gamle dagar.

Særleg rundt Mattismess kunne ein høyre rasling i skog og lyng. 


Som her i Flåvika på Vartdalsstranda.

Berre nokre hundre meter frå gardane i Bjørndalen.

Det er ikkje så langt over fjorden til Alme.

Og bjørnen er ein god symjar.

Med sørleg vind, seksten grader og sol kan det vere freistande å kaste seg ut i.





fredag 16. september 2011

HAUSTLYS

Eg kjenner mange som ser på hausten som si beste årstid.


Om det ikkje er tyttebærplukkinga, rypejakta eller røyrfisket.

Plommetrea eller hummarteinene.

Alle fotballkampane eller dei nye TV-seriane.

Så er det fargane.

Dette at naturen vrengjer innsida ut.


Og lyset.

Over eit landskap som sakte døyr.


For min eigen del er det løpeturane om kveldane.

Aller helst i mildt regn.

Dei gir meg ei heilt særskild ro.

Dette å ikkje gjere noko strevsamt.

Samtidig med at ein er omslutta av eit totalt mørke.

Eg meiner taoistane kallar det wuwei.

Ikkje-handling.

Mørket er ei kjelde.

Porten til all forståing.



Men i går var det kaldt.

Og lufta skikkeleg rå.

Eg lyt vel berre innrømme det no.

Det finst ingen veg tilbake.



Hausten har bite seg fast.

Sjølv om eg framleis ventar på sommaren.

tirsdag 13. september 2011

Målmannens angst ved straffemerket

Nei, dette er absolutt ikkje meint som nokon harselas over den austerrikske forfattaren Peter Handkes glitrande roman med same tittel.

Die Angst des Tormanns beim Elfmeter.

Men eg har eigentleg aldri forstått dette.

Er det ikkje straffeskyttaren som har angst ved straffemerket?

Ingen kan vel kreve at keeperen reddar?


Presset ligg på han som skyt.

Forventningane er så store at dei nesten kveler han.

Han SKAL skore.

Viss ikkje er han ein fiasko.

Eit tungt faktum å bere.

Her illustrert med småguttelaget sin ball ved det austlege straffemerket på Hareidsmyrane stadion.

13- og 14-åringane.

Ei fantastisk aldersgruppe.

Men overgangen til 11-ar-fotball er formidabel.

ALT er blitt større.

Ikkje minst alvoret.

Og keeperen er blitt så liten at han ikkje ein gong synest i målet.

Men angst er det framleis straffeskyttaren som har.  




søndag 11. september 2011

Twin towers

Det har vore ein heilt vanleg haustdag på våre kantar.

Litt sol, litt regn.

Mildt.

17 grader i skrivande stund.

Vinden kjem frå sør. 



Om lag som for 10 år sidan.

TV-en stod på då eg kom heim frå jobb.

 - No kjem det eit fly til, pappa.

Umuleg å gje noko god forklaring til ein 11-åring.

Då borgarmeister Giuliani litt seinare vart spurd om kor mange som var døde, ville han ikkje svare.

Men det var fleire enn nokon var i stand til å bere.

Eg trur han siterte Jobs bok.

I dag veit vi talet.

2977.








fredag 9. september 2011

Politikarar med solbriller

Det fyrste eg kan hugse er Kings Bay.

Eg må ha lagt det til minnet berre nokre månader etter at eg lærte meg å gå.


August 1963.

På denne tida var det mykje liv og røre i heimen vår.

Store sysken som sprang ut og inn.

På veg til eller frå.

Korps, speidar, piano, fotball, friidrett, turn.

Akkompagnert av klirr og klang frå kjøken og radio.

Steikt ballj (med flesk) på fredagar.

Beatles song She loves you yeah yeah yeah.

Og så mor og far innimellom der.

Men frå alle samtalar rundt kjøkenbordet er det dette namnet eg hugsar.

Kings Bay.

Fyrst mange år seinare forstod eg at det handla om politikk.

Ei gruve på Svalbard.

Ein eksplosjon.

Døde menneske.

Og så nokon som heldt stilt med noko ein ikkje burde halde stilt om.

Altså Gerhardsen.

Statsministeren gjennom så mange år.

Og etter voteringa i Stortinget:

Smilet til Jon Lyng. 

Mindretalet sitt smil. Desse som ville utfordre makta.

Same kor stor ho var.

Denne gleda ved at kolossen kolva.

Same kven han var.

Sidan gjekk det slag i slag.

TV-en vart boren inn i stova.

Under NRK sine overføringar i stortingssalen nytta politikarane solbriller.

Dei likna mest pokerspelarar i Las Vegas.

Så Borten og Bratteli.

Lekkasje.

Folkeavrøystinga 25. september 1972.

NEI.

Den velmeinande Korvald.

Bratteli, Nordli og den unge Gro.

Gymnastida.

Unge Venstre mot Unge Høgre.

Erling Nordvik og Milton Friedman.

Blått, blått, blått.

Kampen mot neddemminga av Altavassdraget o s v.

Grønt. Grønt.

Og no?

11. september og 22. juli minner oss om viktigheita av å stemme.

Vi skal vere stolte av dei gamle norske valurnene.



Og det er flott å oppleve eldre folk i besteklede på veg mot vallokalet.

Demokratiet har element av både høgtid og andakt i seg.  

Ytringsfridomen er ein verdi som alle normer skal verne om.

Men stundom er det vanskeleg å vite kva ein skal stemme.

Eg kan liste opp gode innvendingar mot samtlege politiske parti. 




Likevel.

Eg trur eg går for motkulturane.

Slik eg alle tider har gjort.

Eg gir mi stemme til Johan Sverdrup og Elias Blix.

Og Hans Jæger.

Finn Gustafsen og Giuseppe Garibaldi.

Eg kunne tenkje meg ei slags blanding her.


mandag 5. september 2011

Himmelen nordom Skoddeheimen

I kveld såg vi himmelen.


Vegen nordover låg der mjuk og innbydande.


Medan skodda låg tung sørom eidet.


Varden på Melshornet.

Ein gong varsla han om krig.

Sætretausene bar mjølka ned frå sela bak Holstadhornet.


Gutar sprang i fjellet.

Sanka inn saudene til gardane på Grimstad.


Elva veks.


Nede ved fjorden ligg bygda og ventar.


Lyttar til bårene frå havet. 

søndag 4. september 2011

Studie i regn

Eg høyrde det allereie i natt.

Innimellom ferjeavgangane.

Sildringa i takrennene. Dropane mot ufsesteinane.


Regnet fylte dalen med væte.

Gøymde fjella i skodde.

Gjorde lufta rå.


Det surkla i myrbøtene.

Hundreår gamle sukk høyrdest frå dei rotnande torvløene. 

Nokon sørga over alt som var gløymt.

Der graset la seg varsamt inn mot råsa.




 Elva hadde vakse seg stor og uovervinneleg.

Jaga med breie skuldrar ned mot fjorden.

Myrk, djup.


Men regnet var ikkje svart.


Og ikkje blått.




Grøngult og raudt var regnet i dag.

Då ramnen skrapa i berget.

Og eldgamle gubbar vada gjennom våt myr.


torsdag 1. september 2011

DAGEN FØR ISLAND

Fredag kveld møter dei norske landslagsspelararne sine fjerne tremenningar frå Island til ein ganske viktig fotballkamp.



Det er litt moro å tenkje på at hadde ikkje Harald Hårfagre vore så ivrig etter å samle Noreg (les Vestlandet) til eitt rike, så hadde det (med ei romsleg praktisering av sølibatet) vore etterkomarar av irske munkar vi skulle ha spelt mot på Ullevål i morgon.

Islendingane er jo eigentleg norske.

Var det ikkje det vi lærte på skulen?

At dei fyrste immigrantane stort sett var hovdingar frå kyststrimla mellom Sunnmøre og Rogaland som nekta å underkaste seg denne unge kongen i tida før og etter slaget ved Hafrsfjord rundt år 880.

For desse stirrige kystaristokratane vart dei nakne myrheiane på Island berginga.

Her kunne dei ture fram.

Vedde, hore, drepe og hemne seg.

Skape råstoff til skaldekvad og ættesoger.

Slik at den forblesne og anarkistiske øya hundrevis av nautiske mil mot vest brått vart eit sentrum for europeisk litteratur.

 Men no er landnåmstida og høgmellomalderen over.

Dei islandske fotballspelarane vender attende til slektsrøtene sine med ein teknisk standard som langt overgår den norske.

Og kombinert med kreftene frå vulkanar som Hekla, Katla og Herdubreid er eg redd dei fleste hovudduellar framfor mål blir vunne av karane frå Tingvellir og Reykjavik.

Favorittstempelet i morgon ligg difor på våre islandske vener med lang røynsle frå arenaer i britisk championship.

Det einaste laget manglar, er ein seidmann.

Men Drillo er heldigvis norsk.

På biletet under (teke frå Blåtind) ser vi Raudøya ytst ute i Ørstafjorden.



Det var her den islandske hovdingen Egil Skallagrimsson drepte den sunnmørske valdsmannen Liftur Bleike.
Mordet var ei venneteneste.

Ein farleg assosiasjon om ein tenkjer på våre sluttspelkonkurrentar Danmark og Portugal.

På det neste biletet (teke frå Klungsdalen ved Haddal) ser vi rett vest.
Bak alle desse øyane i Ulstein og Herøy ligg Island.


Så difor:
Gløym ikkje at himmelretningane vert definerte ut frå eit sentrum.
Austmennene - det er vi.