Viser innlegg med etiketten IRLAND. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten IRLAND. Vis alle innlegg

torsdag 24. oktober 2013

THE TROUBLES

Det skal ikkje stikkast under ein stol
at mine eigne assosiasjonar til Nord-Irland (Ulster)
er dominerte av alt bråket 
mellom protestantar og katolikkar
framigjennom.
IRA-aksjonar, sveltestreikar og provoserande minnemarsjar
minnest mange av oss med undring og gru.
Sjølvsagt har det med media å gjere
og alle dei bileta av politisk graffiti, prosesjonar, bilbomber og gatekampar
frå nordirske byar
som er blitt serverte gjennom norske TV-ruter
sidan midten av sekstitalet og nesten heilt fram til i dag.
Alt dette 
som var meir eller mindre valdelege uttrykk
for den spenningstilstanden som eksisterte
mellom desse religiøse gruppene 
i perioden ca 1969-1998,
ofte kalla The Troubles,
er det vi hugsar best.



Striden har sanneleg djupe historiske røter
og heilt sikkert etterlate seg stygge arr i mange sjeler.
Men om du besøker Belfast,
som ligg berre ein to timars tur med toget frå Dublin, 
i dag,
får du eit klart inntrykk av 
at dei aller fleste av innbyggjarane
ynskjer å leggje striden bak seg.
Rett nok skyssar både The Black Cabs og Hop-On-Hop-Off-bussane
turistane langs den såkalla Peace Line,
eit seks kilometer langt gjerde
(som ingen likar),



og sidan 
(i ganske stor fart)
gjennom dei mest kjende bydelane i Vest-Belfast,
hugsa for sin glødande patriotisme og sine mange valdsepisodar,


som det protestantiske Shankhill


og det katolske Falls,


begge framleis sterkt prega av 
murmaleri (murals), 


tallause vimplar og flagg,
og med kvar sine blomsterrike minnelundar
for sine døde heltar.
Folk i byen fortel oss
at det enno ikkje kjennest heilt trygt å gå gjennom her,
sidan dialekta di kan avsløre 
kva område av byen 
(og dermed kva religiøs retning)
du soknar til,
sjølv om det no er mange år sidan våpenkvilen 
og Good Friday-avtalen vart underteikna 
i 1998.


Heilt sidan slaget ved Boyne i juli 1690,
der den protestantiske William III av Oranien
slo den katolske kongen av Skottland og England, James II,
og dermed starta ei brutal undertrykkjing
av det katolske fleirtalet i Irland, 
har gnisningane vore sterke.
Vi treng ikkje ein gong om å gå tilbake til 
Bloody Sunday-massakeren i 1972.
I nordirske byar som Derry og Armagh
er det framleis mykje uro mellom unionistar og republikanarar,
særleg når dei fyrstnemnde feirar dette avgjerande slaget
med å arrangere Oransjemarsjar
gjennom katolske bydelar
12. juli kvart år.
Striden mellom unionistar 
(mange av dei er etterkomarar av skotske immigrantar)
og republikanarar
er altså høgst levande fleire stader  .


Så ein kan sanneleg spørje seg om det nokon gong
vil bli skikkeleg fred i Ulster,
slik flagget til den nye irske staten frå 1922
var meint å symbolisere.
Våre jamaldringar i Belfast,
som har fått barndoms- og ungdomstida si prega av bomber,
håper på det.
Dei vil helst ikkje snakke om murals og The red Hand of Ulster,


som dominerer i midten av det nordirske flagget.
Då er det mykje kjekkare å nemne 
at nobelprisvinnaren Seamus Heaney underviste ved Queen`s University,
ei vakker bygning i sørenden av byen,
omgitt av nesten 20 000 studentar,
at det nye sjukehuset har fått klengenamnet Camilla,
sidan prins Charles under eit besøk nyleg
uttalte at bygninga var så lite vakker,
at Van Morrison kjem frå Aust-Belfast,
ikkje så langt frå verftet der Titanic vart bygd,
og at næraste flyplass no heiter
George Best Belfast City Airport, 
oppkalla etter verdas beste fotballspelar i 1968.
Det er dei positive tinga
ein helst vil syne fram.
For som den kvinnelege guiden vår seier,
med typisk nordirsk galgenhumor:
- We can`t stand each other,
but we really love tourists.

onsdag 23. oktober 2013

Beware of the risen people

At undertrykkjing og fattigdom 
skaper kriminalitet,
er vel ei sanning
som er like gamal som menneskeslekta.


Og at fengselet dermed blir eit spegelbilete
av dei økonomiske og sosiale vilkåra
som folk til ei kvar tid lever under,
blir ein verkeleg mint på
under ei vandring gjennom det gamle
Kilmainham Gaol
i Dublin,


som no er blitt restaurert
og teke vare på som eit irsk nasjonalmuseum.
Fengselsdommane
frå slutten av 1840-åra,


under The Great Hunger,
viser dette til fulle.


På ei anna side
var det irske samfunnet så fullt av svolt og kriminalitet 
på denne tida,
at enkelte stal for å kome innfor murane.
Her var det i det minste ganske trygt.
Dessutan fekk ein eit minimum av mat.


Då Kilmainham Gaol stod ferdig i 1796,
som ein nøyaktig kopi
av Pentonville Prison i London
(og her går tankane både til forfattaren Arthur Koestler  
og sunnmørske ishavsskipperar som sat der i byrjinga av  
siste verdskrigen), 
var det eit ganske lite fengsel,
og i hovudsak nytta til transitthamn
for kriminelle i Storbritannia
(epletjuvar o l)
som vart dømde til straffarbeid i Australia.
Meir enn 25 000 irske kvinner
møtte denne lagnaden
(og mange av dei sat altså i Kilmainham og venta på overfarten) .
Men det er også blitt hevda 
at på denne måten blei
Irland si tragedie
Australia si frelse.


I fengselet er det i alle fall mange spor
etter ulukkelege sjeler.
Lidinga kunne vare lenge.


Kanskje var det nettopp dette
dublinaren 
Oscar Wilde (1854-1900)
tenkte då han
frå djupet av fengselskjellarane utanfor London
skreiv
De Profundis
og 
seinare
The Ballad of Reading Gaol
(etter den to år lange dommen for homoseksuelle handlingar):

Suffering is one very long moment
We cannot divide it by seasons 
We can only record its moods
 and chronicle their return

Men det er handsaminga av
dei mange irske rebellane, 
dei politiske oppviglarane, 
republikanarane,
frå Robert Emmet til Eamon de Valera,
som gjer mest inntrykk i Kilmainham Gaol,
ikkje minst sidan hendingane ligg så nær i tid.



Etter Påskeopprøret i 1916,
då proklamasjonen om irsk sjølvstende var lesen opp
og oppstanden sidan slått brutalt ned,
rita Padriac Perse nokre liner frå sitt eige dikt
på denne murveggen,
med tydeleg adresse til dei britiske koloniherrane:

Beware of the risen people
Who shall take what ye would not give...
Ye that have harried and held,
Ye that have bullied and bribed

I mai dette året
vart han stilt opp mot denne muren
og skoten
saman 12 av kameratane sine.


Nokre dagar seinare vart 
James Connolly,
som var blitt alvorleg såra under oppstanden,
frakta inn på båre, surra opp til ein stol
og skoten
i den andre enden av plassen.


Altså 14.
Så ein skal kanskje ikkje undre seg over
at nesten alle gater, torg og togstasjonar i Dublin
er oppkalla
etter rebellane frå 1916.
For dei fleste irar
 er nok desse
nasjonale heltar den dag i dag.

lørdag 19. oktober 2013

FEED YOUR HEAD! READ!

Ikkje mange byar 
kan skilte med fire nobelprisvinnarar
i litteratur, 
men både William Butler Yeats, George Bernhard Shaw, Samuel Beckett
og nyleg avlidne Seamus Heaney
var anten fødde i Dublin
eller budde her store delar av livet sitt.


Patrick Kavanagh
derimot
fekk aldri denne heideren,
men er muligens den forfattaren
som har kome med flest kjærleikserklæringar
til den irske hovudstaden
i tekstane sine
(On Ragland Road, Lines written on a Seat 
on the Grand Canal o s v).


Det same kan nok ikkje seiast om 
Oscar Wilde,


som sikkert lirar ut or seg
nokre spydige (men treffande) kommentarar
frå sin utkiksstad
i parken Merrion Square.


Uansett er det James Joyce
(og ikkje minst 
romankarakterane hans)
som har sett flest spor etter seg
i Dublins gater,


til dømes i pubdistriktet
Temple Bar,


der Stephen Dedalus,
ein sentral figur både i
A Portrait of an Artist as a Young Man
 og Ulysses,
skodar ned på deg frå veggane,


og der du også kan henge deg på 
ein av dei mange walks,
som for eksempel
The Icon Walk,


som losar deg gjennom
den irske litteratursoga


og jamvel svippar innom
den nordirske
Van The Man,


 før han skjer austover, 
langs murane til Trinity College,
oppover Nassau Street
 (i Leopold Blooms fotspor)


og endeleg kjem til 


The Grand Canal


der Patrick Kavanagh framleis sit 
og ventar på neste Bloomsday 
(16. juni)
og ein atten timar lang odyssé gjennom Dublin
si underverd,

 

som til slutt dukkar opp 
ved døra til No 7 Eccles Street,
teken vare på i James Joyce Centre,
ikkje så langt frå Parnell-monumentet 
i enden av O` Connell Street,


der ein,
forutan nyare skildringar og tolkingar


av dei meir enn frodige figurane 
i denne fantastiske romanen,


også kan studere diktaren sin hatt


frå skriveåra i Trieste


og Irland sine gåvmilde muser
for musikk og kunst. 

fredag 18. oktober 2013

ST. STEPHEN´S GREEN

Om du er interessert
i musikk, språk, litteratur og historie,
og samtidig finn glede i
å vere saman med 
uhøgtidlege,  joviale og fridomselskande menneske, 
er Dublin staden for deg,
for denne byen er skapt av poetar og patriotar.


Og unngå for all del ikkje
å gå ein tur gjennom den flotte parken 


St. Stephen´s Green,
ei av dei grøne lungene på sørsida av byen,
som ligg i enden av den sydande gågata Grafton Street,
påkosta av ølmagnaten Arthur Guinness
(verkeleg ein velgjerar med høg stjerne i byen),
og nytta som base under Påskeopprøret i 1916,


for her står den fremste av alle irske rebellar,
Robert Emmet,
 visst nok ikkje meir enn eit steinkast
frå barndomsheimen sin,
midt inne i den vidkjende talen 
han heldt rett før han vart avretta i 1803.


Men her er fleire tale- og skriveføre 
fridomskjemparar,


poetar, journalistar
og soldatar,


både menn

 

og kvinner,


i tillegg til minne frå 
The Great Famine,
hungersåra 1845-49,
som førte til den enorme utvandringa
til USA
(mellom anna Kennedyane),


 og ei tysk takk
for humanitær hjelp etter
den andre verdskrigen, 


men fyrst og fremst er dette
James Joyce sin park, 


kanskje 
Irlands største forfattar
gjennom alle tider,
sjølv om han knappast var innom her
dei siste 28 åra av livet sitt.