Viser innlegg med etiketten FOTBALL OG LIVSKUNST. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten FOTBALL OG LIVSKUNST. Vis alle innlegg

fredag 30. desember 2022

BØYLEHEST, SKLITAKLINGAR OG PIGGSKO OVER STOKK OG STEIN

Eg trur det må ha vore nokre veker etter månelandinga, altså  ein haustdag i 1969, at eg fyrste gongen heiv dei nye gymsokkane i eit nett og sprang over den mørke Brekkemarka mot Rema, før eg tok peiling mot den einslege lykta på det gamle klubbhuset, for å bli med på mi aller fyrste trening i turn. Der inne venta dei gamle storturnarane, med Eindride Hareide i spissen, kjende frå turnoppvisningar i Trudvang rett etter krigen, saman med litt eldre gutar, og jamvel jenter som nesten var på veg til å bli damer, noko som var ekstra spennande, spesielt for dei halvvaksne karane, men også for den aller yngste guten, som var eg.

 

Og saman med desse fekk eg dei neste tre-fire åra utforske denne idretten sine seks disiplinar, der ringar og svingstang var dei mest spennande, sidan trenarane måtte ta i mot meg i tilfelle avhoppet hadde kurs utanfor matta, til dømes mot ein vegg eller ei dør, og bøylehesten den vanskelegaste, sidan sjølve hesteryggen var i breiaste laget for dei korte føtene mine.

 Allereie frå Dag 1 lærte eg at turn eigentleg handla mest om kroppshaldning. Det var viktig å vere rett i ryggen, fekk eg høyre, same kvar eg stod eller gjekk, både i og utanfor klubbhuset, slik at det alle tider såg ut til at eg hadde full kontroll. –Inn med raua, gut! Inn med raua! Ikkje sjå ut som om du heile tida skal ta i mot ein ball!

Toppen på turnkarrieren min kom med to fjerdeplassar under KM i Molde, i frittståande (eller matte, som det heitte på Hareid) og skranke, som truleg var mi beste øving, sidan eg hadde klatra mykje i (og også falle ned frå) diverse tre under opphenging av fuglekasser i Gjerdeskogen, noko eg var godt nøgd med, sidan eg var to år yngre enn dei andre i mi klasse. Eg brukte også opp alle dei 50 kronene som far min sende med meg til denne helga i Idrettens hus, hovudsakleg på snop, brus og flipperspel.

 Eg la opp som turnar då eg var 11 år, om lag samtidig som Eindride markerte 70-årsdagen sin med å stå på hendene på løetaket sitt for Sunnmørsposten sin fotograf, sidan eg glei meir og meir over i friidretten, der bror min var med, saman med kompisane sine, og primus motor Kåre Oksavik og sønene hans.

 Forutan gateløp og terrengløp hist og pist, var dei klassiske øvingane for oss som var yngst, 60 m, kule og lengde, men dessverre også 600 m, som eg grudde meg som ein hund til, sidan eg visste at eg kom til å stivne mot slutten og truleg spy når eg kom i mål. Ikkje sjeldan spydde eg også før start, sidan eg tenkte på kor låkt det kom til å gjere på oppløpssida, men alt vart fort gløymt når løpet var over, og eg som regel hadde kome nummer to eller tre, og kunne site å studere den vesle medaljen på ferja heim att.

 
Det vart altså mykje sølv og bronse på meg. Men i ettertid har alle desse løpa, kulestøyta og lengdehoppa sosa seg saman til ei salig røre, og eg greier ikkje å skilje dei frå kvarandre. KM i Ørsta i 1974 hugsar eg derimot godt. Kanskje er det fordi far min var sjåfør til dette arrangementet, og dermed tilskodar, og at han hadde møtt nokre kjenningar der inne, truleg frå sine glansdagar i 50-åra, som han stod saman med då eg kryssa målstreken på 60 m aller fyrst, hårfint framfor ein gut frå Langevåg. Truleg var det også akkurat dette, at far min var der, saman med dei gamle kameratane sine, som gjorde denne sigeren så spesiell.

 Det skøyaste som fanst var likevel stafettane om våren, der eg begynte som skårunge, altså den vesle pjokken som skulle vere yngst muleg for at samanlagtalderen skulle gå opp. Stafettane utvida også den geografiske horisonten vår, med reisene inn til Sunnmøre sine mange avkrokar, ofte i baksetet på ein bil, inneklemt mellom seniorar med hår på brystet. Tenk berre på Patchellstafetten, med den intense teven av rev og mink, og premieutdelinga på trappa til det keisarlege Union Hotel etterpå! Skal eg vere ærleg, var Norangsdalen meir eksotisk enn Afrika for meg, og dei blinde vekslingane og kivinga med ørstingar og ålesundarar i den stramme lukta mellom revefarmane der inne, kjem eg aldri til å gløyme. Det var gollj! 

Så tok fotballen over, det vil seie, den organiserte fotballen, for fotball hadde eg sparka sidan tidenes morgen, på Bøen, på Hovlidbana, på Allenvoll, i Åsendalen, på ymse marker inn med elva, og elles overalt, særleg etter hóslåtten, då forbodet mot bruk av høvelege atteleger for ulike ballspel var delvis oppheva. Vi hadde drakter, seriespel, dommarar og tabellar, hundre prosent sydde saman av oss sjølve, utan innblanding frå vaksne. 60-åra var i sanning ei lukkeleg tid for mange gutungar på Hareid.

 

Kampane for dei yngste aldersbestemte laga til Hareid Idrettslag vart elles i all hovudsak spelte på grus. Sidan dette var før vi begynte på ungdomsskulen, møtte mange av oss jamaldringar frå andre skulekrinsar for fyrste gong. Tenkje seg til - gutar frå Bigset og Brandal! Slik såg dei altså ut. Men nesten ingen kom frå slagstaden Hjørungavåg. Allereie den gongen forstod eg at folk frå denne delen av kommuna var noko heilt for seg sjølv. Historisk medvitne. Og stolte over sin breie plass i Snorre sine kongesoger.

 Som fotballspelar hadde eg heilt sikkert mine avgrensingar og tilkortkomingar, men eg var rimeleg rask og temmeleg taklingssterk, skal eg tru dei som såg meg. Men trass i ein grei høgrefot, god fart og bra styrke, var venstrefoten daud som ei sild og berre brukande til støttepasningar. Eg var heller ingen Jostein Flo i lufta. Men ein plass på laget hadde eg, og det er ikkje mange ting som er viktigare enn akkurat det.

 Trenarsituasjonen desse åra var svært oversiktleg. Smågutte: Einar Elvanes. Gutte: Einar Elvanes. Junior: Einar Elvanes. Truleg er Einar Elvanes ein av dei viktigaste oppsedarane som nokon gong har levd i Hareid kommune. Mange ungdomar har lært god folkeskikk og sunne haldningar av denne mannen. Han hadde presise tankar om kva som var rett og gale, både på bana og i livet elles. Det var umuleg å misforstå kva han meinte. Men å gjere det på bana, og for så vidt også utanfor bana, var noko heilt anna. Det kunne også vere tøffe treningar, med doggisar opp og ned bardane inne på stadion, ofte til ein kjende blodsmaken i munnen, og armhevingar med ein fot på ryggen, om du ikkje senka brystkassa langt nok ned.

 

Av Elvanes lærte eg såleis dei viktigaste prinsippa for ein høgreback, og eg kan framleis høyre ropa hans frå sidelinja, alltid gjenteke to gongar: Opp-i-raua-på-nå! Opp-i-raua-på-nå! Eitt spark! Eitt spark! Lat ballen gjere arbeidet! Lat ballen gjere arbeidet! For meg handla det om å hindre innlegg, blokkere skot og aldri – aldri - late nokon kome forbi meg. Altså hadde eg kun defensive, eller rettare, sett frå motstandaren si side, destruktive, oppgåver. Ein sideback på 70-talet skulle elles vere ytterst varsam med å passere midtstreken. Det var tryggast gje frå seg ballen til ein midtbanespelar og så stå og vente der.

 Dette var forresten ein periode i lokalfotballen si historie der ei vellukka sklitakling kunne følest like viktig som eit mål, ja, jamvel viktigare, særleg om ho var vakker. Eg kan godt hugse at eg vaks på å setje inn ei saftig takling i Huldalen eller på Høddvoll. Då kunne eg møte på skulen med ein rettare rygg dagen etter.

 På mange måtar har Elvanes sine reglar for ein forsvarar også forma meg som person. Eg vandrar framleis rundt i verda og både tenkjer og oppfører meg som ein høgreback. Ja, faktisk har livet mitt sidan åra med Elvanes i dei fleste samanhengar handla mykje om å stoppe kjeften på den offensive mennesketypen, ein angripar, til dømes ein ving, og eg er overtydd om at dette har gjort meg til ein betre person.

 Ofte lengtar eg tilbake til desse tidene då sidebacken var ein øydeleggjar. Dessverre har kunstgraset utrydda den gamaldagse backen. Ei saftig takling på gras eller grus er framleis ei nyting å sjå, men finst no berre i dei lågare divisjonane. Ei skikkeleg sklitakling i den norske eliteserien er nesten blitt like sjeldan å sjå som paraplyar i Sahara.  

 Kva meir hugsar eg frå desse sesongane med fotball då eg var mellom 13 og 17 år? Draktene som alltid hang til tørk utanfor huset til familien Andersson i Hareid sentrum. Skiftesvis gule og raude duva dei på snorene som kveldsbølgjene ute i Breisundet og gjorde seg klare til neste kamp med nye gutar inni. Sjølv den gongen, då eg framleis hadde svært lite innsikt i korleis saker og ting hang saman her i verda, forstod eg at det fanst foreldre som gjorde ein ekstra innsats for idrettslaget.

 Men reint sportsleg? Den fyrste juniorkampen. Då eg var 15. 0-0 mot Hødd på Hareid stadion. Ein siger for ein høgreback. Etter kampen følte eg meg på høgde med John Marsh i Stoke.

 Kampane mot Bergsøy hugsar eg som spesielle. Det er vel ikkje berre eg som har oppdaga at folk uta Våje er ein eigen rase. Det var dessutan mange «dommarar» på tribuna der ute. Dei «dømde» både hands, offside og straffe. Og det var sjukt irriterande, som ungdomane seier i dag.

 Om ikkje oppgjera mot Hødd var like ampre som mot laga i byen, så hadde dei alltid høg temperatur, med rikelege mengder av kjeftbruk, lårhøner og høg fot. Ingen ville tape ein slik kamp. Uavgjort gav derfor låge odds. Eg har framleis eit arr på venstre kne etter ein ettersleng frå ein Hødd-spelar på grusen der ute (truleg av ein nedsliten grasknott med bly inni). Eg møter han i lokalmiljøet med jamne mellomrom, men nikkar berre så vidt. Han hugsar sikkert, og forstår nok kva det dreiar seg om. Eg skal ikkje nemne namn.

 Eg meiner vi hadde eit ekstra godt juniorlag i 1978. Denne sommaren tjente eg 2400 kr på sommarjobbar. Av desse kjøpte eg meg eit par Adidas Mundial for 800 kr. Det hadde ekte skinn. Og sat nydeleg på foten. Men far min meinte eg var heilt på styr. At eg kunne bruke så mykje pengar på eit par fotballsko! Så reiste vi til Norway Cup. Som fyrste lag frå Hareidlandet. I tre bilar. 

Hugsar eg rett, vart det eitt tap, ein uavgjort og ein siger, men ingen avansement, i ei turnering der Molde, med Jo Nesbø som spiss, vann. Vi såg finalen på Bislett før vi køyrde heimover. Overnatta i telt på ein campingplass på Dombås.  


Året etter vart eg lokka til å bli med på gateløp og stafettar igjen. Det var kjekt å vinne. Friidrettsgruppa var blitt ein stor familie. Og åra rundt 1980 skulle bli gullalderen for løping på Hareid, med stor breidde og sterke resultat.

 

I starten var Kåre Oksavik ein prima organisator i friidrettsgruppa. Etter kvart fekk han god hjelp av brørne Johansen, som både var utmerka løparar, trenarar og leiarar. Særleg Asle Geir si rolle kan ikkje overvurderast. Han var limet i denne gjengen, både sportsleg og sosialt, gjennom svært lang tid, og eit forbilde for mange av oss. Han skjerpa krava om kvalitet og intensitet på treningane, og løfta både gutar og jenter opp til solide prestasjonar.

 Kanskje var stafettsirkuset om våren det skøyaste for dei fleste. Sesongen begynte med Breim, så Holmenkollen,

 før dei lokale stafettane i Volda, Ørsta, Norangsdalen, Sunnylven og Ulsteinvik gjekk av stabelen. 

Stafett var elles midt i blinken for meg. Kjekkare å springe i terreng enn på bane. Helst på gras, over stokk og stein, mellom kyr og sauder, og gjerne med ein motbakke til slutt. Heldig var eg som fekk bli med på sigersrekkene og løyperekordane til seniorlaget i 1980-81! Eg kan hugse at piggsko vart brukt på alle underlag, også asfalt.

 Men kva var det aller største høgdepunktet? Gullet i eliteklassa på Breimstafetten i 1982! Som fyrste sunnmørslag. Vi hadde vunne både B- og A-klassa tidlegare år, og jakta intenst på den aller gjevaste pokalen. Og søndag 3. mai 1982 klaffa det altså for alle ti  på laget. Eg sprang fjerde etappe. 350 meter ned ein gardsveg og inn på det intime Reed stadion med 2500 tilskodarar oppetter dei grønkane bakkane. Det vart ei spennande avslutning med eksil-høddaren Svein Ove Fylsvik, som gjekk i tet på niande etappe, og 16 år gamle Bjarte Mork, som trygga sigeren inn. Ei stor oppleving. Forsterka med ein 25 sekund lang reportasje i Sportsrevyen med Knut Th. Gleditsch som kommentator då vi kom stolte heim om kvelden.

 

Kva meir hugsar eg frå desse siste åra som aktiv løpar? Jau, lukta av sveitte, litervis med sveitte, og lukta av thermal (særleg når det var kaldt ute), men også at treningskleda sjeldan vart vaska, berre tørka, og at det derfor kunne lukte temmeleg stramt i garderobene, både før og etter trening. På ei anna side pussa vi grundig tennene og brukte rikeleg med After Shave på stemne og stafettar, der ein kunne risikere å møte folk ein helst burde gjere eit godt inntrykk på med tanke på det som kunne kome til å skje seinare i livet.

 Dei siste åra begynte det også å demre for meg at utan alle desse  vaksne som hadde vore med som leiarar, trenarar, oppmenn, vaskarar,  sjåførar og hjelparar av alle slag år ut og år inn, hadde eg aldri fått oppleve så mykje lærerikt og skøy, noko som har gjort meg glad kvar gong eg har tenkt på denne tida, heilt fram til dag. Eg har vore svært heldig! Og sjølv om det i fleire tilfelle er for seint no, vil eg likevel seie til alle desse frivillege – Takk! Og takk igjen! Utan dokke o s v.

 

Kåseri framført under 100-årsfesten 

til Hareid Idrettslag 

28. desember 2022 

og prenta i jubileumsskriftet

"Idrettsglede gjennom 100 år" (2022)

(Red: Leiv Arne Grimstad)

  

 

søndag 27. februar 2022

Vakre skot

 

FOTO: Bergens Tidende


Høddvoll,24.august 1966:

 Hødd mot Lyn. Eg er fire år. Sit klemd mellom mor og bror på tribunen. Det opnar bra. Hasund-brørne herjar. Hødd leiar 3-0. Men Lyn et seg inn på. 3-1. 3-2. Kampen står og vippar. Så riv Kjetil Hasund seg laus frå markeringa. Fyrer av med høgra frå 30 meter. Ballen fyk opp i nettaket. Alt er fyrst heilt stille. Så kjem eksplosjonen. Den veldige bylgja av glede, latter og rop. 4-2. Såg eg skotet? Nei. Høyrde eg det? Ja.

 

Marseille,23.juni 1998:

 Norge mot Brasil. Eg er trettiseks år. Sit framfor TV-en. Saman med kjerring og ungar. Stillinga er 1-1. 87 minutt er spelt. Ein brasiliansk spelar dreg Tore Andre Flo i trøya. Innanfor 16-meteren. Det er straffe. Kjetil Rekdal tek fart med gule sko. Plasserer skotet hardt og til sides. 2-1. Arne Scheie brøler. Så går vi ut. Deler inn i to lag. Born. Vaksne. Kveikjer jonsokbålet. Spelar til natta blir dag.

 

 Ullevaal,25.november 2012: 

Hødd mot Tromsø. Cupfinale. Eg er femti år. Sit saman med svigerfar i den blå svingen. 1-1 etter ordinær tid. Straffekonkurranse. Tromsø har bomma tre gongar. Hødd to. Andreas Rekdal tek  den siste straffa. Pang i krysset. 4-2. Svigerfar og eg omfamnar kvarandre for aller fyrste gong. Tromsø-svingen brått tom. Glade bilar heim over Strynefjellet.

 

Tre favorittar/Dag og Tid/250222 

fredag 7. november 2014

GRUS

Ved inngangen 
til denne andre helga i november,
då den norske eliteserien  
skal avsluttast,
for det meste på strøkne kunstgrasbaner,
slår det meg
at dei aller fleste kampane vi spelte i gamle dagar
var på grus.


 Hareid sitt guttelag i 1978. På grus. 

 Storparten 
av mi eiga fotballkarriere,
frå lilleputt til junior,
hovudsakleg som høgreback med ein halvdaud venstrefot,
gjekk altså føre seg på ørsmå bitar av stein,
erodert frå grunnfjellet
 heilt sidan siste istida.
Berre ein sjeldan gong
slapp vi til på sjølve stadion.
For graset måtte gro.
Og det tok tid.
T-i-d.
Opp og ned langs kalksstripene 
sprang eg derfor 
år etter år
på restane av eit knust norsk fjell.
Akkurat dette kom eg til å tenkje på no,
rett før seriefotballen rullar
ein siste gong før jul.

fredag 11. juli 2014

Dritsekk-VM

Så skimtar vi altså i enden
på fotball-VM i Brasil,
som ikkje berre har vore til stor glede for oss heime i stovene,
men også for brasilianarane på tribunane
(mest truleg dei frå øvre middelklasse)
og under dei 16-tommars store TV-ane
(rundt om i slumområda),
som trass i heimelaget sin store nedtur i semifinalen,  
kan sjå tilbake på ein idrettsfest av vanvittige dimensjonar,
med prestasjonar og underhaldning på høgt nivå.



Sjølvsagt er det vanskeleg å akseptere 
at det er blitt svidd av så store midlar på eit slikt arrangement
 når ein samstundes veit kva sosiale, økonomiske og - ikkje minst - miljømessige utfordringar
Brasil (og dermed heile verda) står overfor.
Men det er ikkje det.
Når eg likevel sit her med ein litt flau smak i munnen etter alle desse tette og gode kampane,
har det meir med dei immaterielle verdiane som vert formidla gjennom 
spel og dømming å gjere, enn pengar.
Det verkar som om handlingar og haldningar 
som tidlegare vart rekna som usportslege, uverdige og unfair,
 i større og større grad vert sett på som akseptable, positive og nærast nødvendige i den fotballen som vert vist i Brasil.
Eg tenkjer ikkje på bitinga til Suarez.
Eg tenkjer ikkje ein gong på augneblinken då den colombianske backen Zuniga
drylte kneet i ryggen på det brasilianske ikonet Neymar.




Eg tenkjer meir på armbruken, trøyehaldinga, albogane, etterslengane og stemplingane, som vi såg stygge døme på allereie under førre VM-finale.


Eg tenkjer på filminga, med dei kunstige falla og svalestupa
(jamfør den flygande hollendaren Robben mot Mexico) 
innanfor sekstenmeteren og dei usannsynlege bortoverrullingane
(rundt og rundt og rundt)
etter ei rein takling.
Og ikkje minst:
Uthalinga av tid.
Det er ikkje grenser for kor god tid ein har,
ved eit utspark, ein dødball eller eit spelarbytte, berre ein leiar kampen.
Døma er mange.
I siste gruppespelkamp sparka ein reserve frå Algerie ballen på tribunen så ikkje Russland skulle få eit siste angrep.
Du skal ikkje stele, heitte det i gamle dagar.
Det blei eit gult kort på den nordafrikanske innbyttaren, men sjølvsagt ingen alvorlege konsekvensar for laget.
Det som er rett og gale, er altså i endring.
I min barndom fekk vi ofte låkt når vi sparka fotball oppe på Bøen.
Det kunne vere eit ufrivillig spark i leggen.
Eit kne i magen.
Eller ein ball i taska.
Blåkulane og lårhønene var det mange av.
Men om nokon filma,
kom dei store gutane og jaga dei vekk.
Dette å late som, simulere, fake, spele, var siste sort.
Dessverre bryt "dei nye" verdiane i fotballen mykje med
det vi lærte i gamle dagar, både på løkkene og seinare på gute- og juniorlag,
og som mange av oss har prøvd å formidle som trenarar seinare:
Du skal gjere så godt du kan! 
Spel hardt, men ærleg!
Ikkje gjer deg til!
Reglane er til for å verne om noko viktig:
Sjølve spelet.
Og ein rettferdig kamp.
Kanskje har Wayne Rooney rett når han seier at om England skal kome seg vidare i eit sluttspel,
må dei slutte å spele så naivt og godtruande, 
men vere meir kyniske,
slik som enkelte andre landslag er
(her er det farleg å nemne namn).
Den engelske spelestilen, som også vi har vakse opp med, med etiske standardar som heiar fram heilhjarta innsats, men fordømer lureri,
er OUT.
Ingen blir verdsmeistrar i fotball med gamle dygder
som sanning og ærlegdom.
Det er OK å bryte reglane så lenge ein tener på det.
For det er dritsekkane som vinn VM.

søndag 2. juni 2013

Nils Blåsar

Vel,
om det ikkje enda med siger,
så var det i alle fall 
ein fantastisk spennande kamp
mellom Hødd og Molde sist onsdag.
Og stemninga var verkeleg formidabel,
ikkje minst for oss som stod ved sida  av
Blåsarane, 


noko som fekk oss til å tenkje på
den vanvittige (men absolutt helsebringande) Brann-semien
og ikkje minst den uverkelege cupfinalehelga
i Oslo
nesten heilt fram under jul,


berre at dette enda opp
med stang ut


og eit resultat
på vranga,


men at Hødd var veldig nær 
noko skikkeleg stort igjen,


skal ingen ta frå oss,
der vi står under dei kvite og blå flaggremsene
på tribuna 
saman med blåsarar frå heile søre luten
og håper på tre poeng
mot Elverum i kveld.

onsdag 24. april 2013

Ufyseleg og fantastisk for Hødd

Så er det berre
å gratulere Noregsmeistrane frå 2012 med ei flott sesongopning
på den tradisjonsrike og snart historiske Høddvoll.
Sigeren over Hamkam smakte godt,
kanskje mest fordi spelet
var både eitt og to hakk betre enn
på same tid i fjor.
Og sjølv om hedemarkingane pressa litt mot slutten,
med stangskot og redusering til 1-2,
sat vi der og følte oss temmeleg trygge,
 naboen og eg.
Nei, absolutt ingen angst
for at sigeren ville ryke.


 Så takk til laget,
med eminente Latifu i spissen,
takk til heiaropsjefen på hovudtribuna,
som aldri blei sliten av å piske opp stemninga
i det våtkalde publikumet,
og takk til det ufyselege vestavéret,
som heldt ballen så lenge i lufta
at ingen forstod kvifor heimelaget fekk straffe 
og difor kunne gå opp til 2-0
ved ein glitrande god nigerianar som vi aldri må gi slepp på.

søndag 27. januar 2013

Bøn for Eden Hazard

Nei, eg har ikkje tenkt 
å be til Vårherre 
for denne eminente fotballspelaren 
si sjel.


Eg prøver berre 
å heve røysta
og vifte med armane
slik at nokon
i det britiske fotballforbundet 
fjernar det raude kortet 
som han fekk
mot slutten av ligacupsemifinalen mot Swansea. 


Som nesten alle hugsar
prøvde Hazard
under Chelsea si jakt på redusering
 å sparke kula ut av hendene
på ein syttenårig ballgut
(som gjorde alt han kunne
for å hale ut tida)
akkurat slik vi gjorde på Bøen 
i gamle dagar,
berre med den skilnaden
at vi sparka mykje hardare, 
 slik at dritungar som dette 
fekk litt låkt,
viss vi då ikkje dukka dei i Gjerdselva
og sidan 
gav dei passeleg med bank
sånn at
dei ALDRI øydela leiken igjen. 


Men det var på Hareid
for omlag førti år sidan,
den tida vi spelte mot eitt mål
heilt til det myrkna
og ingen kunne sjå ballen lenger
før vi sprang svoltne heim
til henne mor
og åt ferskt grovbrød 
med smelta smør og plommesylte. 

onsdag 21. november 2012

Heia Kåre

Helga nærmar seg med høg fart.
Folk på Hareidlandet pakkar koffertane.
Nokre leitar fram flybillettane.
Andre fyller bensin på tanken og sjekkar lufttrykket i dekka.
Alt skal vere klart til reisa nedetter dalane
mot cupfinalen
mellom Tromsø og Hødd.
 

Dei siste vekene har interessa rundt kampen eksplodert.
Folk har nesten gått over lik
for å skaffe seg billettar.

Nokre har kjøpt seg fri
frå jobben og bestilt seg reise og hotell
for dei pengane som eigentleg skulle gå til julegåver,
andre har lovd borna sine ein katt eller ein undulat
(same kor allergiske dei er)
berre dei får reise denne helga til Oslo.

Åleine.

Alt flyt på Ytre Søre.
Reglar for takt og tone.
Skikk og bruk.

Vener som du tidlegare såg opp til
har allereie køyrt sørover
og late borna gå på sjølvstyr heime.

Men i skrivande stund,
berre tre kveldar og fire netter før den store kampen,
går tankane våre likevel mest til Kåre,
som gav bort sin einaste billett til kompisen,
slik at han kunne få ta med sonen sin til Ullevål stadion.



Sjølvsagt hadde Kåre ynskt
å sjå cupfinalen.
Svært gjerne.
Han har trass alt heia på Hødd i nesten femti år.
Men han visste ikkje at kona hans
hadde bestilt tur til Syden.

Der finst store ting i livet.
Og der finst små.
Apostelen Paulus
hadde sjølvsagt heilt rett 
då han skreiv om desse
 i sitt aller fyrste brev til kyrkjelyden i den greske byen Korint:

"Og størst av dei er kjærleiken"

Så no blir det syttiårsdag
saman med kjerring og seks svigerinner
for han Kåre.
Feiringa skal gå føre seg
 på ein stad i Spania
som byrjar på T og sluttar på -vieja.

Så vi håper verkeleg at du finn ein pub
som sender kampen, Kåre.

Tenk ikkje på at
ein Tromsø-siger berre gir 1,30 i odds.

Spør
dei som står bak disken om
Final de la Copa
de Noruega
og sjå kva som skjer.

Eller du kan prøve
den norske sjømannskyrkja.
Der får du sikkert vaflar.

Men pass deg for dei spanske senoritaene.
Dei kan brenne av
når du minst ventar det.

Heia Hødd!
 
  


torsdag 27. september 2012

Nauta skøy

 
Orda blir liksom litt fattige
når ein skal skildre
kveldens semifinale på Høddvoll.
 

Fantastisk
og glitrande 
blir faktisk i spakaste laget.
Og då snakkar vi både om
prestasjonen
og opplevinga for oss som såg på. 
Dette var rett og slett
nauta fortent og nauta skøy
og kjem til å varme oss
langt inn i vinteren
same kor det går i finalen.
Gratulerer, Hødd!

lørdag 8. september 2012

Jenter i vinden

  
 
I går kveld starta kvalifiseringa til fotball-VM i Brasil 2014.
Men minst like viktig var J16-oppgjeret
mellom Hessa og Hareid.
Den spennande kampen vart avvikla
i sol, regnbyger og sterk sørvestleg vind.


Kanskje var det kuling i nokre av kasta.
Kanskje var det storm.


 
Spelet bølga i alle fall fram og tilbake.
På kryss og tvers.
Mykje av tida var ballen i lufta.
 
 

Og hadde det ikkje vore for nokre av dei lettbeinte heimesupportarane
(som stod i vaflekø ved kiosken)
hadde mange innlegg, langskot og klareringar
enda på havet.
 
  
Det vart ein intens og jamn kamp.
Ved halvspelt tid var stillinga 4-4
(eller deromkring)
og alt kunne framleis skje.
 

I pausa såg eg ei ørn sveve over Sukkertoppen,
men eg rakk ikkje å knipse henne.
 
 

Eg fekk også ei kjensle av at hausten var komen.




I løpet av ein kort periode i andre omgang
skora Hessa tre mål og Hareid ingen.
Mykje takka vere Hessa sin spelar nummer 9.
Og sjølv om jentene våre netta to gongar heilt mot slutten,
svarte heimelaget med tre fulltreffarar til.
Dermed enda kampen 11-7.
Eller 7-11.
Alt etter kor ein likar å sjå det.
På vegen ned til garderobene var vaflekøen borte.
Men vi kunne vi sjå nesten heilt heim.
 

 Bak Eltreneset venta Brandalsstranda og Holstadhornet.
Og regnet kom i elingar.
Alt var som vanleg.