fredag 23. april 2021

BRODER ANDREAS 73

Lærar, gardbrukar, diktar, gjendiktar og ungdomsarbeidar m m Andreas Bjåstad fyller 73 år laurdag 24. april. Han har vore svært viktig i fleire kulturkreative samanhengar her på Sunnmøre. Og ikkje minst for meg. Ikkje berre som ein framifrå opplesar og medspelar i kampen for å drive fram ein god tekst, men også som medsamansvoren i utforskinga av litteraturen. Mellom mykje anna arbeidde vi i 2006-07 tett saman om ein presentasjon av den britiske poeten Christina Rossetti, noko som munna ut i fleire gjendiktingar av henne i essayet AVKALLETS ESTETIKK (Bokvennen 2/2007). Og i 2009-10 bora vi oss i lag med Odd Goksøyr inn i forfattarskapen til den shetlandske poeten Christina De Luca, noko som resulterte i flotte gjendiktingar av dei engelskspråklege tekstane hennar, presenterte i essayet TIDSSIRKLAR (Bokvennen 4/2010), og Odd Goksøyr si bok med gjendiktingar av dei shetlandske, GLIMT AV OPPHAV (GLIMS O ORIGIN, URA FORLAG 2017). I høve dagen serverer vi eit par smakebitar på dette her. 

Fyrst Christina Rossetti sitt dikt A BIRTHDAY:

EIN FØDSELSDAG

Mitt hjerte lik ein songglad fugl

Med reir ved vassfall nær ei bukt

Mitt hjerte lik eit epletre

Med greiner bøygd` av mogen frukt

Mitt hjerte, skjer av perlemor

Som padlar i ein lykkesjø

Meir glad er eg, min kjære kjem

Så slepp mitt hjerte gråte, blø


Reis meg ei silketrone høg,

Dekk ho med purpufarga skinn,

Granateple og påfuglar

Med hundre auge, skjer dei inn,

Som druer gjort av gull og sølv

På liljeblad med sølvgrått preg

For fødselsdagen i mitt liv

Er no, min kjærast er hos meg


CONTAGION OF GOODNESS av Christine De Luca:

SMITTE AV GODLEIK

Reisa er meir enn vakker i dag.

Det opna himmelskjelet:

    eit perlemorgry

og strålande grøne enger frigjer

smittsam godleik. Ingen slør av frykt

eller klage kan falle, gjere alt om.

Reisa gjennom livet er vakrare i dag.


Mange av oss vil seie at tittelen på dette diktet avspeglar mykje av det dagens jubilant har bore med seg i arbeidet sitt gjennom alle år.


VI GRATULERER!




torsdag 8. april 2021

Thermopylae

Litt etter klokka halv to, inne i det nye døgnet som skulle heite tysdag 9. april 1940, vart far og dei 24 medelevane hans på befalskulen ved Akershus festning, kasta ut i ein springmarsj gjennom Oslo for å nå dei ulike luftvernstillingane innan dei fiendtlege flya ville fylle himmelen over hovudstaden nokre timar seinare, men då laget hans nådde fram til Huk, var kanonene, av typen Bofors, øydelagde, leidningar og slangar kappa, spakar og hendlar fila av eller benda bort, slik at skytset var ubrukeleg, det same var tilfelle ved fleire av dei andre forsvarspunkta i byen, fienden, kven det no måtte vere, hadde allereie sluppe inn, luftvernet var sabotert, og då sjefen deira, ein ung og svært respektert fenrik, oppdaga sviket ute ved Fornebu, skaut han seg, truleg for ikkje å bli arrestert og pumpa for vitale opplysningar, så då meldinga om dette kom over radioen, var det eit stort, stort sjokk for far og dei andre, men laget sprang likevel vidare, mot ei stilling på Smestad, med ein svær lyskastar og to mitraljøsar på eit hustak, der dei var i kamp med tyske fly frå det grydde av dag, ein gong mellom klokka sju og halv åtte, til ut på ettermiddagen, då ein norsk offiser, som dei ikkje kjende att, stakk hovudet opp fra takluka og bad dei om å stanse elden, og returnere til kasernen på festninga, der dei vart arresterte, av tyske soldatar, og sperra inne på festsalen, og såleis kom i fangenskap der, 

og resten av soga kjenner vi, avslaget til dei tyske krava, som fører til klappjakta på kongen, kronprinsen og regjeringa, som kjem på flukt, etter kvart vestover, så nordover, den nølande mobiliseringa av regimenta i Sør-Norge, per brev, men snartenkt løyst av lensmenn, som bruker telefonen, major Q sitt statskupp over radio, før vi skriv 10. april, den såkalla panikkdagen, då 200 000 menneske flyktar ut frå Oslo, sidan dei fryktar at britane vil bombe byen, og, i ly av denne panikken og denne frykta, som også okkupantane deler, rømer far og ein kamerat frå festninga, det er under ein flyalarm, og spring mot Østbanen, der dei tek toget til Lillehammer, melder seg for politiet der, og blir mobliserte på Jørstadmoen, og seinare tek del i kampane ved Tretten og Kvam, før britane trekkjer seg ut, og heile forsvaret av Sør-Norge raknar, slik at far kjem på retrett nordover, tilbake, tilbake, saman med soldatane frå IR 11 Møre, til Dombås, og ned Romsdalen, og endeleg til eit brennande Åndalsnes, der han grev ned geværet, og haikar med ein rusten lastebil til eit nedbomba Molde, der han, etter nokre netter i eit naust, endeleg får båtskyss, utover mot sine heimtrakter, der han kontaktar lensmannen, som ber han om å vente nokre dagar, sidan kampane enno ikkje er over i Nord-Norge, for det kan bli bruk for han ein gong til, noko det ikkje blir, i alle fall ikkje no, og i alle fall ikkje slik han hadde tenkt, for ein månad seinare, 7. juni, er det slutt, vi kapitulerer også i nord, der vi trass alt har ytt inntrengjarane tøff motstand, og kongen og kronprinsen forlet Tromsø med den britiske kryssaren «Devonshire» med kurs for London, 

så er Norge okkupert, og gradvis, sakte, men sikkert, trass forsøka på mellomløysingar, prøvd forhandla fram av attverande stortingspolitikarar og høgsterettsdommarar, blir vi ein fascistisk stat, ein nazistisk stat, der det eine rettsstatlege prinsippet etter det andre vert sett til sides, tallause påbod og forbod vert innførte, grunnlovsvedtak omgjorde, tusenvis av små og store  restriksjonar avgrensar liva våre, samtidig som arbeidslivet på forunderleg vis kjem seg til hektene, og sjølv om den stramme innsnevringa av det gamle livet, med varemangel, rasjonering, blending, meldeplikt, sensur og eit tungt nærvere av framande soldatar varer ved, blir somrane varme, folk tek søndagsturar til setrane, born badar, skogen blir felt og sidan fløtt nedetter elvane til sagbruka, kyr blir mjølka, oksar og grisar slakta, langs kysten blir varene frakta med båtar til næraste meieri eller slakteri, fisket er godt, sildefangstane eventyrlege, mottaka i byane har meir enn nok å gjere, og mykje, om ikkje nesten alt, av det vi produserer, blir kontrollert og distribuert dit dei nye makthavarane ynskjer, mellom anna til dei 350 000 tyske soldatane rundt omkring i landet, eller tyske soldatar i kamp ved andre frontar i verda, det er vanskeleg å unngå, for kva skal ein gjere, om ein produserer meir enn ein treng sjølv, 

alt dette medan flyktningtrafikken mot Sverige og øyane i vest skyt fart, det er kurerar, ofte ungdomar, jamvel born, som set seg sjølv og foreldra sine i stor fare på veg gjennom skogane, det er fiskeskøyter som fraktar modige menneske, i all hovudsak unge menn, over hav og grenser, slik at dei snart kan kjempe mot alt dette som bryt oss ned og stel fridomen frå oss, altså flukt, som blir sett på som desertering, ja, faneflukt, og dermed kvalifiserer til dødsstraff, noko altfor mange får røyne, fedrene til dei som har reist over, blir arresterte og sende til Grini, og nokre jamvel «sørover», til konsentrasjonsleirane, og sit der som gissel, medan desse som vert tekne, og dei som organiserer alt dette, folka i eksportgruppene, fyrst vert torturerte, stundom på det mest bestialske, før dei blir drepne og slengde i massegraver, noko dei større avisene, med sine nasjonalsosialistiske redaktørar, men som elles er fulle av dikt, forteljingar og små, søte nyhende frå land og strand, denne blandinga av lygner og idyll, som er fascismens ansikt, ikkje nemner eit ord om, 

heller ikkje rekvireringane av båtar, kjerrer, lastebilar, hestar, ja, okkupanten tek seg til rette, han utnyttar, stel og vandaliserer, han lemlestar, piner og drep dei som mæler i mot eller yppar seg, han øyremerkar, arresterer og sender jødane ut av landet, med adresse til den uhyrlege og kaldt gjennomtenkte løysinga, sjølve utslettinga, gjennom gass og  krematorieomnar, men betaler også bra for arbeid som lyt gjerast, for behovet for arbeidskraft er stort, 500 festningar skal byggjast langs kysten, for å stå imot åtaket som kome, truleg frå Storbritannia, fabrikkar til produksjon av krigsmateriell skal reisast, flyplassar og vegar må byggjast, det er ikkje nok med 130 000 krigsfangar, hovudsakleg russarar, men også jugoslavar, så vanlege nordmenn får tilbodet om godt løna arbeid, og kanskje er det vanskeleg å halde fronten, som dei seier, for kvar går grensa mellom rett og gale, mellom tvang, ubehageleg plikt og samarbeid,

samtidig som motstanden tek seg opp, fleire av flyktningane blir skyssa tilbake til fedrelandet som geriljasoldatar og sabotørar, der dei organiserer paramilitære celler, dei skal byggje opp ein hær, som ein dag skal overta dette landet igjen, gjere det fritt, røynde sjarkfiskarar fører skøytene mot norskekysten, med høg risk, den sikre død ventar, om dei blir tekne, dei er ikkje mange, men viktige, for alle som ynskjer okkupantane dit peparen gror, noko dei aller, aller fleste gjer, 

samtidig som tusenvis av norske sjøfolk går i konvoi over hava, med våpen og flybensin til dei allierte, i arbeidet for å knekke inntrengjarane, fascistane, dei såkalla aksemaktene, heile tida i fare for å gå på miner, bli senka av fly eller ubåtar, slik at den psykiske helsa blir øydelagd for livet, viss dei ikkje døyr, viss dei ikkje blir liggjande i havet, brennande i olje, før endeleg freden kjem, 

freden, med all si lette og all sin jubel, men også ransakinga av gjerningar, av det du gjorde og ikkje gjorde, av det du budre ha gjort og ikkje burde ha gjort, det er kondisjonalis-formene av verbet vi bruker no, skulle ha, og burde ha, og slik blir over 90 000 nordmenn saumfarne av rettssystemet i det frie Norge, og meir enn 40 000 blir dømde, dei aller fleste truleg med rette, lat det vere sagt, men kanskje ikkje alle, for, på ein eller annan måte, å ha samarbeidd med, eller hjelpt, fienden, i løpet av okkupasjonen, og som i ettertid blir kalla «desse som valde feil», samtidig som borna deira blir frosne ut, fleire blir rundjulte på skulen, utan at lærarar eller vaksne grip inn, samtidig som dei nærare 200 000, som var blitt  innrapporterte for økonomisk samrøre med okkupanten, for det vi kallar "tyskerarbeid", går fri, sidan dei er så mange, og såleis representerer eit uoverkomeleg arbeid for domstolane, samtidig som nokre få, men framskotne personar i kyrkje og politikk, som hadde svikta i aprildagane, no blir dei hardaste fordømarane og fremste strategane i det nye Norge, og slik får stor plass i filmavisene, som blir sende for fulle kinosalar i bygd og by, så kva er ære, 

og kva er rett, no, i det landet som heiter Etter krigen, noko som får meg til å tenkje på forelesningane ved universitetet, på HF i Oslo, 35-40 år seinare, om persarkrigane, då kong Xerxes ville hemne faren Dareios, kongen over alle kongar, sitt forsmedelege tap ved Marathon, ved å gjere eit overraskande overfall mot dei greske bystatane nordåfrå, med ein enorm hær, skal vi tru den samtidige historikaren Herodot, det var meir enn ein million mann som stod klare, men som måtte gjennom eit trangt pass, oppe ved Thermopylae, der grekarane hadde forskansa seg, heilt til Efialtes, ein gjetar frå Thrakis, i vona om ei stor løn, fortalde Xerxes om ein omveg, ei smal rås i fjellet, som kunne leie persarane inn i hans eige fedreland, noko som førte til at den greske generalen, kong Leonidas av Sparta, då han fekk høyre dette, sende dei fleste av soldatane heim, for å spare liva deira, medan han sjølv og tre hundre av hans eigne, vart verande att for å ta i mot inntrengjarane, ein av dei fyrste dagane i september i året 480 f Kr, og der desse kjempa til siste pust, sjølv om dei heile tida visste at det ville munne ut i den sikre død, altså svikaren Efialtes, kong Leonidas og dei 300 frå Sparta, så kva er ære, og kva er rett, 

og kven sleppte fienden inn her, major Q sitt svik er godt dokumentert, han hadde absolutt ingen legitimitet i dette landet, og det er umuleg å reinvaske dei som stod i leietog med han, desse som planla det heile, og losa okkupantane inn, viste omvegane, dei små råsene, som gjorde overfallet muleg, for far var overtydd om at det var nordmenn som stod bak sabotasjen av luftvernstillingane i Oslo, det var personar i leietog med fienden, det kunne jamvel vere norske offiserar, utan at han kunne seie kven dette var, han var også overraska over, og jamvel bitter på, dei norske styresmaktene, som hadde vore så godtruande, og som hadde budd landet, og soldatane i dette landet, så dårleg på det som skulle kome, denne grenselause naiviteten, på grensa til dumskap, desse vekene før niande april, men vart alltid oppglødd ved synet av fotografiet der milorg-mannen Terje Rollem tek over Akershus festning, medan dei tyske offiserane gjer  honnør til denne karen på hans eigen alder, kledd i knickers og knestrømper av ull, 11. mai 1945, for då var han på ein måte tilbake til start, så kva er ære, eigentleg, kva er rett, og kven vil kaste den fyrste steinen - på kven?