fredag 3. november 2017

GLIMT AV OPPHAV - SHETLANDSKE DIKT PÅ NORSK

Minner om lanseringa av

GLIMT AV OPPHAV



med sunnmørsforfattaren
Odd Goksøyr 


sine gjendiktingar 
av den shetlandske poeten
Christine de Luca

NORLI -  AMFI, Ulsteinvik
onsdag 8. november
kl 1730.


Dei 40 tekstane



baserer seg på mange års arbeid
med Shetland Dialect,



ei blanding av old scots og norn,
som har røter i norrønt
og gamal norsk kultur,



og ei reise saman med forfattaren
frå sør til nord
på Shetland sommaren 2017.


Mellom mykje anna 
har Odd Goksøyr gitt ut to samlingar 
med gjendiktingar av den amerikanske poeten Robert Bly. 
Som desse kjem også denne boka ut på Ura Forlag.

SYN & SEGN 2-1999 - 6 DIKT


Tida går.
Ein ryddar bort det gamle.
Men tek vare på noko.
Inne i dette nummeret av Syn & Segn


fann eg seks dikt
som året etter
blei ein del av samlinga
fluktlinjer


der eitt av dei handlar om 
den årlege vitjinga frå Sirkus Arnardo
og for eit storhende dette var:


Alt var ikkje betre før.
Men noko var kanskje kjekkare.