lørdag 31. desember 2011

VEDUNDERLEG NYTT ÅR

Tida går sanneleg fort.
Brått står vi ved døra til eit nytt år.
Totusenogtolv.
Som ingen veit noko sikkert om.
Berre at vi tek opplevingane frå totusenogelleve med oss.

Månaden januar er jo oppkalla etter Janus.
Den romerske guden for dører, portar og opningar.
For alle byrjingar og alle avslutningar.
På gamle statuer er han avbilda med to andlet på eitt hovud.
Det eine ser seg tilbake.
Medan det andre skodar framover.

Altså nærmar vi oss i skrivande stund ein passasje til noko vi ikkje veit kva er.
Eit nytt rom. Ei ny tid.

Årsskiftet er visseleg ein overgang.
På sett og vis let vi vekta frå den eine handa gå over til den andre.
Berre ei lita stund er vi i lufta.
Skal tru kor det endar.


For oss som arbeider i skulen er det alltid rart å sleppe elevane frå seg.
Desse som vi så å seie har hatt dagleg kontakt med i to-tre år.
17-18-19-åringane.
Brått er dei spreidde for alle vindar.
Eit stort privilegium er det å få jobbe saman med ein slik gjeng.
Ingen må vere i tvil om at ungdomen representerer sjølve gullet 
i kongeriket Noreg.



For min eigen del førte også ei bokutgjeving i april med seg møte med mange spennande menneske.




Lanseringa av Sjabervik innebar festar, reiser og seminar.
Og ikkje minst mange opplesingar.



Jamvel bokbad.



Presentasjonen av Sjabervik var ofte gjort i samarbeid med gode vener.




Jubileumskonserten under Hareidsstemna i oktober,
"Viljen til song",
var ei flott oppleving.




Komponisten Odd-Arve Hjørungdal imponerte meg stort.
Det same gjorde solistane Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid.
For ikkje å snakke om hjørungavågbrassarane og det store hareidskoret.





Så trass i dei mange dramatiske hendingane var 2011 på mange måtar eit svært godt år.

Rikt på impulsar.

Etter ein liten månad på eit kunstnarkollektiv i Italia




kom eg heim og forstod kvar sentrum i universet er.




Innimellom fekk eg heldigvis også tid til å sjå nokre fotballkampar




og gå mange turar i fjell og fjøre.



Så kva er det beste vi kan håpe på for 2012.
Eg har leita etter eit adjektiv som kan romme alt ein kan ynskje for framtida.
Bøygd i superlativ.


Det er sanneleg vanskeleg å finne.
Men var det ikkje Nora i Et Dukkehjem som, etter sitt tunge val om å forlate Thorvald, likevel håpte på at "det vidunderligste" kunne skje.
Eg trur eg går for det - uavhengig av konteksten.

Altså det vedunderlegaste.

Godt År!



onsdag 28. desember 2011

SKOG

Gjekk ein tur på Holstadhornet i dag.
Ville sjekke om vinden hadde fare ille med skogen.
Allereie etter ti minutts gange fekk eg ei fin utsikt over fjorden.
Med Vartdalsfjell og Sykkylvsfjell under midtvintershimmelen.
 
 

Mange rotvelt møtte meg oppigjennom.
Men den vesle skogteigen vår hadde heldt stand.
Peparkakeskogen.



Vinden friskna på oppetter råsa.
Sjeldan har eg kjent sørvesten så kald.
På toppen av Holstadhornet venta restane av ein liten storm.


Ingen hadde kome frå Håbakkane i dag.



Turen nedatt gjekk på halve tida.
Men skyene tjukna seg til og gjorde dalen myrk.
 
 

Sjølv om nokre glenner framleis rydda plass for lyset.
 
 

 På Holstad stod to einslege bjørker.
Våte og bladlause.
Kvar av dei med sin unike personlegdom.


Men viljen og trassen har dei felles.
  Sjølve stirren.


Det finst røter som ingen orkan kan rive opp.

mandag 26. desember 2011

VIND

Den sterke vinden i går kveld lyt ta skulda for at årets kortaste joggetur berre målte 2700 meter.


Fyrst tok eg ei runde rundt huset.

Fanst der noko som ikkje var fastsurra.

Kunne stormen finne på å ta med seg noko.

Men kanoen, kompostdunkane og utebordet hadde ikkje rikka seg ein millimeter.

Rundt klokka sju slengde ei drusteleg byge meg mot verveggen.

Ho kom overraskande og eg vart piska våt.

Kunne kjenne at Atlanterhavet smakte salt.

Eg køyrde bilen inn i garasjen, kolva trillebåra og tok skia inn i gangen.

Brått gjekk lyset.

Og heile Hareid vart liggjande i eit middelaldermyrker.

Det var då eg kom på kaninene.

Marlon og Ludde.

Korleis var forma der, tenkte eg då eg tumla meg rundt huset att.

Ikkje så ille eigentleg.

Den eine hadde grave seg ned i høyet.

Men den andre var svært glad for å sjå meg.

Ein skulle slettes ikkje tru dei var i slekt.

Så sprang eg frå gards med hovudlykta mi.

 
Skogen ovanfor meg svartna og fyltest med djupe ul.

Og vinden lyfta meg med himmelske krefter innover myrane.

Steglengda var fantastisk.



Eg snudde ved ungdomsskulen.

Skrådde nord og vestover mot Nobba.

Stega var små og lette opp Drammensvegen trass i ei enorm motbør.

Små glimt av stearinlys i eitt og anna vindauget.

Nokre forpjuska hovud glante ut i julekvelden.

Kva for idiotar kunne finne på å vere ute i slikt eit ver.

Langs Gamle Brandalsvegen var ingen å sjå.

Nei ingen.

Så kom endeleg straumen.

Juletrelysa vaia mot meg frå kvart eit tun.

Brått var eg heime att.

Katten stod ved døra og ville inn.

Eg heiv han opp på vedladet.

Det var trass alt mange varmegrader.

Endeleg inne.

Ikkje ein gong sveitt.

Med bakgrunn i den overdådige middagen på julaftan hadde eg absolutt trengt ein litt lengre tur.

Men straumen gjekk att.

Og han vart borte lenge.

Resten av kvelden gjekk med til eting av snop og lesing under eit stearinlys medan eg høyrde at han friskna alvorleg på der ute.

Eg trur vi kan seie at det utvikla seg til ein orkan av det sjeldne slaget.

 

 
Så i dag tidleg tok eg ei vareoppteljing.

Kaninene er framleis saman med oss.

Ingen knuste takheller ligg på plenen.

Men pipehatten til naboen ser ikkje bra ut.

Og vindaugsrutene treng opplagt ein vask før nyttår.

Elles få materielle skader.

Dessverre er ikkje katten å sjå.

Eg håper han har funne venene sine nede i løa på Nelabrekkane.





fredag 23. desember 2011

GOD GRØN JUL

Ja, då har vi vaska golvet.

Pynta treet. Pakka gåvene. Spylt bilen. Jamvel stroke skjortene.

Koparkjelane blenkjer.

Kjøtet ligg i vatn.

Rabbene ventar i kjellaren.

Men veden er enno ikkje boren inn.


Eg tek han i morgon.

På sjølve dagen.

Det er bjørk og hassel frå skogane i Indre Herøy.

Han brenn godt og varer lenge.

Men det ser ut til å bli ei grøn og mild jul på våre kantar.

Og dårleg med ski og skeiser.

Ideelt for dei som trenar fotball eller spring langs vegane.

Vi har så ymse tradisjonar.

Kvar familie har sine rituale slik kvart hus har si lukt og sine lydar.

Det er reiret.

Eller hiet.

Dit vi alle lengtar.

Dei fleste greier å leite seg fram.

For min del let eg joggeskoa stå roleg innåt veggen.

Saman med snøskufla.

Mizuno Wave Riders.

Dei Trufaste Bylgjeridarane.

Som har fylgt meg så mange mil.

Dei skal få kvile.

Innspurten tek eg innahyses i kveld.

Det er noko småtteri som står att.


tirsdag 20. desember 2011

ALLE LES SJABERVIK


Bjåstad, Goksøyr & Orten


les her frå SJABERVIK



Andreas Bjåstad les

IMMANUEL OG HÅRLOKKEN

XXXXXX


Odd Goksøyr les

ANGEL, EIN HUSMANN

XXXXXX


MOBRO

XXXXXX



Øystein Orten les

HIMMEL-JON

XXXXXX


JONNI STØA, FERJEMATROS

XXXXXX




lørdag 17. desember 2011

Oh When The Saints

Wolverhampton-Stoke 1-2.

Dette kunne gjerne ha vore ein vinterleg tippekamp på NRK ein gong på 1970-talet.

Med snø i lufta, tøffe taklingar og høge ballar framfor mål. 

Og Øyvind Johnsen som kommentator.

Men det er altså eit ferskt resultat frå dagens runde i Premier Leauge.


Wolves var klart best i fyrste omgang.

Matt Jarvis herja slik på venstresida at Stokes Jonathan Woodgate blei bytta ut etter berre 18 minutt. 

Då hadde han allereie laga straffe og fått gult kort.



Den tidlegare Real Madrid-spelaren er rett og slett blitt for treig.

Godaste Jarvis minte meg elles om den gamle Wolves-vingen David Wagstaffe.


Også han kom til mange innlegg i Øyvind Johnsen sine dagar.

At Stoke snudde kampen i andre omgang, etter mål av Robert Huth og Peter Crouch, var inga bombe.

Eg forstod faktisk at dette kunne gå vegen då eg høyrde at Stoke-fansen song Oh When The Saints rett etter 0-1.

The Boothen Ends.

Det er slikt ein kallar supportarar.

Dei fyller kampane med nytt liv og gjer at engelsk fotball framleis er  laurdagens høgdepunkt for gamle høgrebackar.  




fredag 16. desember 2011

ORTEN LES HIMMEL-JON

Øystein Orten




les her HIMMEL-JON frå novellesamlinga SJABERVIK


XXXXXX



Hatlestubben lydstudio -  Hareid 7. desember 2011.

onsdag 14. desember 2011

Øystein Orten: Sjabervik (2011)







Storslagne noveller


Finslepen fortellerkunst om mennesker i et kystsamfunn på Nordvestlandet gjennom 175 år.


Øystein Ortens nye bok er sjangerbetegnet som en novellesamling, men fremstår snarere som som en original kollektivroman. Det dreier seg om det lille stedet "Sjabervik", kanskje et sted i nærheten av Ålesund, om lengsler og lidelser hos beboere på alle nivåer i lokalmiljøet, fra 1835 og frem til våre dager.

De er her alle sammen; de fremtrer spill levende for oss gjennom Ortens presise fortellerteknikk. Det starter med husmannen som har tyvslaktet en av storbondens sauer så han må i fengsel. Men på grunn av "oppsetsighet" mot fenriken som hentet ham, får han en tilleggsstraff i gapestokken. Det er godt gjort av en nåtidsforfatter å skildre gapestokkens spesielle lidelser så troverdig at leseren kjenner smerten rundt halsen og nummenheten i kroppen.

Alle vi møter er knyttet til dette lille stedet mellom fjellene og havet, et sted som på sett og vis inntar hovedrollen i boken. Ortens skrivekunst utmerker seg med tilsynelatende enkle, meningsladede, psykologisk rammende setninger. Med noen få korte, skarpe riss gir han oss plutselige innganger til sine hovedpersoner, som alle skildres med stor innlevelse og dyp empati.

En tilleggsdimensjon er forfatterens stilistiske beherskelse av fortidig norsk språk, slik det kommer til uttrykk i den danskfødte kapellanens fortvilte oppsigelsesbrev, og "uddrag av reisebeskrivelse" fra en engelsk turist på 1800-tallet. Dette bokprosjektet kunne blitt svært så trivielt. Men det har blitt stort og verdifullt. Takket være en uvanlig  dyktig og innsiktsfull forfatter.



Arne Hugo Stølan



VG 4. desember 2011


mandag 12. desember 2011

GOKSØYR LES ANGEL

Odd Goksøyr


les her ANGEL, EIN HUSMANN frå novellesamlinga SJABERVIK

XXXXXX

søndag 11. desember 2011

VENSTREVINGEN FRÅ PETERBOROUGH

Stoke slo Tottenham 2-1 i dag.

Dette var eit svært overraskande resultat.

I alle fall for oss som har sett laget frå Nord-London i det siste.


For dette var i utgangspunktet betong i luft mot ballett med ball.

Centimeter og kilo mot hælspark og tunnelar.

Primitive moldoksar mot briljans og artisteri.

Men laget med ein keeper, åtte midtstopparar og to vingar vann.

Sanneleg, sanneleg.


Spesielt gledeleg var det at ein avskriven og nederlagsdømd venstreving frå Peterborough avgjorde kampen. 



To mål av Matthew Etherington ordna nemleg biffen for oss som har heia på Stoke heilt sidan Gordon Banks.

Vi får nyte han så lenge vi kan.




torsdag 8. desember 2011

OPPLESING PÅ STRAX

SJABERVIK

Opplesing og signering



STRAX BOK & REKVISITA

Hareid

LAURDAG 10.des
kl 1200





Kort sagt: Det har vært herlig å lese en solid novellesamling igjen. Etter en lang periode uten nye korttekster som har berørt, hvor returen til Kjell Askildsens små mesterverk aldri har vært nærmere. Så kom Øystein Ortens "Sjabervik".
Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis





Storslagne noveller ... finslepen fortellerkunst ... en original kollektivroman ... det har blitt stort og verdifullt. Takket være en uvanlig dyktig og innsiktsfull forfatter.
Arne Hugo Stølan, VG

onsdag 7. desember 2011

ORTEN LES SJABERVIK

Øystein Orten


les her JONNI STØA, FERJEMATROS frå novellesamlinga SJABERVIK

XXXXXX



Sjå også blogginnlegga

GOKSØYR LES SJABERVIK

og

BJÅSTAD LES SJABERVIK


søndag 4. desember 2011

BJÅSTAD LES SJABERVIK

Andreas Bjåstad

lærar, bonde og poet


les her IMMANUEL OG HÅRLOKKEN frå novellesamlinga SJABERVIK

XXXXXX


Andreas Bjåstad (f 1948)
er kanskje fyrst og fremst kjend som salmediktar og omsetjar.




I dei seinare åra har han også - i samarbeid med ulike lokale artistar - skapt fleire framsyningar der hans eigne (og andre sine) songar er blitt presenterte i ein ny og original samanheng.

Både Vår ferd i dine hagar og Sans og samling fekk svært god omtale og trekte fulle hus.

Andreas Bjåstad er ein allsidig forfattar.
Han kombinerer ein ypparleg språksans med ein heilt særprega reflekterande stiltone i ulike sjangrar.

Etter Norsk litteraturfestival si novellekonkurranse under Sigrid Undset-dagene i 2010, vart han
representert i samlinga LØSRIVELSE med teksten Skuggeland.

Han har også omsett fleire dikt av Christina Rossetti og Christine de Luca (prenta i Bokvennen 2-2007 og 4-2010).

Det aller meste av produksjonen hans er likevel knytta til musikk.
I tillegg til hans eigne melodiar, har både Anita Winsjansen og Odd Goksøyr  tonsett tekstane hans.

Fleire av salmane hans er prisløna, sist i Nynorsk kultursentrum sin konkurranse om beste feiringssalme i 2006.

Han var også ein av tekstforfattarane bak
komponisten Odd-Arve Hjørungdal sitt jubileumsverk til Hareidsstemna
 Viljen til song hausten 2011.




fredag 2. desember 2011

GOKSØYR LES SJABERVIK

Odd Goksøyr

lektor, forfattar og trubadur


les her MOBRO frå novellesamlinga SJABERVIK

XXXXXX


Odd Goksøyr (f 1952)
har dei seinare åra gjort seg særleg gjeldande som komponist, visesongar og omsetjar.




I tillegg til eigne kabaretar
(Karen, Filler av lys og Drive sytalaus i solnedgangen - Ivar Aasen er her på gjennomreise og Kongen les dikt)
har han vore svært delaktig i framsyningane Amerikansk kjærleik på ny norsk, Vår ferd i dine hagar og - no i haust - Sans og samling.

For det store publikum er Odd Goksøyr kanskje mest kjend som ein glitrande omsetjar og - ikkje minst - tolkar av Leonard Cohen sine songar, men han har også omsett såpass ulike lyrikarar som Robert Bly og Christine de Luca.

Under Litteraturdagane på Lillehammer 2011 vart Goksøyr premiert med tredjeprisen for omsetjinga si av Bob Dylans Lay Lady Lay.


torsdag 1. desember 2011

SJABERVIK I STUDIO

MED HJELP FRÅ GODE VENER


Odd Goksøyr, Øystein Orten, Andreas Bjåstad.

Smakebitar frå SJABERVIK.


Torsdag kveld
var denne gjengen
 i Hatlestubben lydstudio
og gjorde opptak
 av tre noveller.


Lydspora vert å finne på bloggen ein av dei nærmaste dagane.

SPJELKAVIK HAREIDSVIK ØRSTAVIK SJABERVIK GJERDSVIK ULSTEINVIK

søndag 27. november 2011

KOME

Fyrste søndagen i advent kom med storflo og høge bølgjer over Breisundet.
Nysnøen la seg som sukkerdryss over Sulafjellet.
I ishavsbygda Brandal spelte musikantar frå skulekorpset med valne fingrar.
Skuleborna song.
Vart.
Vakkert.
Så vart julegrana tend i stiv kuling.
Og gode brandølingar spanderte gløgg, kaffi og peparkaker på dei frammøtte.


Så er den store ventetida i gang.
Men gløym ikkje at advent kjem av det latinske ordet for å kome.
Heldigvis slepp vi å gjere noko.
Kanskje er det sjølve essensen i heile juleevangeliet.
Det er nokon som kjem.
Jamvel hit til det forblesne nordvest.
Kvart eit lys vi tenner skal minne oss om det.

fredag 25. november 2011

Svart Elvis Syng Beatles


Ikkje for det. 
Paul McCartney og The Beatles si framføring av Let it be er verkeleg strålande.
Likevel.
Ray Charles (1930-2004) tilførte denne låten noko nytt.


Som ein ung og meir eller mindre (kanskje helst det siste) lovande bluespianist på 1970-talet
var det ingen eg såg meir opp til
enn Ray Charles.


Det måtte i så tilfelle vere Oscar Peterson.
Men han song ikkje.
Om Billy Joel (ein annan glitrande pianorockar) har rett i at Ray Charles har vore viktigare for utviklinga av popen enn Elvis, 
veit eg ikkje.
Men at verda hadde vore fattigare utan musikken hans, og ikkje minst dei mange coverversjonane, 
er eg heilt sikker på.


Når Ray Charles  gir stemme til denne songen med all si tøffe livserfaring frå sørstaten Georgia, 
fyllest teksten til The Beatles frå Liverpool med ei anna meining.    
Slik erobrar kunsten nye rom.