fredag 23. desember 2011

GOD GRØN JUL

Ja, då har vi vaska golvet.

Pynta treet. Pakka gåvene. Spylt bilen. Jamvel stroke skjortene.

Koparkjelane blenkjer.

Kjøtet ligg i vatn.

Rabbene ventar i kjellaren.

Men veden er enno ikkje boren inn.


Eg tek han i morgon.

På sjølve dagen.

Det er bjørk og hassel frå skogane i Indre Herøy.

Han brenn godt og varer lenge.

Men det ser ut til å bli ei grøn og mild jul på våre kantar.

Og dårleg med ski og skeiser.

Ideelt for dei som trenar fotball eller spring langs vegane.

Vi har så ymse tradisjonar.

Kvar familie har sine rituale slik kvart hus har si lukt og sine lydar.

Det er reiret.

Eller hiet.

Dit vi alle lengtar.

Dei fleste greier å leite seg fram.

For min del let eg joggeskoa stå roleg innåt veggen.

Saman med snøskufla.

Mizuno Wave Riders.

Dei Trufaste Bylgjeridarane.

Som har fylgt meg så mange mil.

Dei skal få kvile.

Innspurten tek eg innahyses i kveld.

Det er noko småtteri som står att.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar