mandag 29. oktober 2012

Balsam for sjela


Trass i vinterleg vèr
gav UVS sin personaltur til Riga
full utteljing for deltakarane
 
 
både fagleg
 
 
kulturelt
 
 
og
 
 
sosialt.
 
 
Ikkje minst fekk vi
 
 
ei solid innføring i Latvia si heilt særeigne historie,
her representert ved
fridomsmonumentet i hjartet av byen,
med påskrifta
 
 
Fedreland og Fridom, 
 
 
og
mellom mykje anna
oppleve bølgjene
som slo mot dei milelange strendene
ved feriestaden Jurmala
 
 
 
i stiv kuling,
 
 
i tillegg til foredrag, bedriftsbesøk,
byvandringar,
operaframsyningar, orgelkonsertar,
kunstutstillingar
 
 
og kulinariske spesialitetar,
 
 
 
berre for å nemne noko.
 
 
 
Men for mange av oss
var det
den dagsaktuelle politiske situasjonen
 
 
og den historiske bakgrunnen for denne
latviske republikken
(med sine tre landskap)
 
 
som gjorde størst inntrykk
................

fredag 19. oktober 2012

Mil etter mil

Eg hugsar godt då Jahn Teigen vitja Hareid fyrste gong.
Det var på grusbana
for 25 år sidan,
altså i 1987.
 
 
Og den berømte popartisten uttalte etter konserten
at dette var det dårlegaste publikumet
han nokon gong hadde spelt for.
Vel.
Det gjekk betre i kveld.
I alle fall fekk dei
som var komne for å høyre dei store slagerane hans
(inklusive Prima Vera-perioden)
rikeleg att for inngangsbillettane.
Showet opna med
Mil etter mil,
og vi såg allereie frå fyrste steg
at denne mannen hadde gått langt.
Men for min eigen del starta fascinasjonen
for Jahn Teigen før
Grand Prix i 1978,
nemleg med Popul Vuh
og den glitrande låten Queen of All Queens,
som vart forboden på NRK 
i 1975.



Kanskje ein vågal tekst den gongen.
Men du verda for ei stemme.
Og enno er altså ikkje
denne mannen komen heilt i mål.
 
 

fredag 12. oktober 2012

Kinesisk potetferie

Det er alltid spennande
å lese dei nye nobelprisvinnarane.
 
Denne gongen er det kinesiske Mo Yan,
ein tidlegare offiser i Folkets Frigjeringshær,
som står for tur.
 
 
 Ikkje sjeldan blir det kø på lån
av dei heitaste titlane.
 
Men i dag
var det eg som sprang fortast til biblioteket.

Potetferien
er ikkje
det han ein gong var.
 
Eg les i staden for å stå
med hakkegrevet i åkeren
(slik også nobelprisvinnaren gjorde i sin oppvekst).
 
Og om det regnar alle andre stader,
skin sola på Hareid. 
 


torsdag 11. oktober 2012

Snøen på Kilimanjaro

Det var rimeleg kaldt
då eg passerte Fjelle i dag.
 
 
Ein plussgrad viste målaren
på Løset klokka 10.



 
Dei fleste pøytene over myra
var dermed frosne.
 
 
 
Så eg kom meg så å seie tørrskodd
opp på Kvamstua,
der eg kunne sjå heim.
 
 
Så starta turen mot Kongsvollen
i råser der det berre var spor etter hjort.
 
 
Frostrøyken frå Vartdalsfjorden
danderte austsida av fjellryggen
med ein kvit glasur.
 
 
Frå Høgenausa
kunne eg skimte snøen på toppen
 
 
og heile fem vatn i retning nord.
I fylgje soga vart den siste bjørnen på Hareidlandet
skoten i området mellom Fjellsvatnet og Hammarstøylen
(litt til venstre frå midten av biletet)
i 1803.
Framleis er det mykje god blåbær
i bratthellingane under Løkeberget.
 
 
I sør spegla Liadalsnipa seg i Ørstafjorden.
  
 
Så starta eg på Bukketroppene.
Nokre sleipe steinar var der nok i dag,
men berre ein held seg fast
og ikkje leikar Tarzan,
kjem ein seg som regel opp
(å kome ned er aldri noko problem).
 
 
Trass i råmen frå fjorden,
vart eg ikkje skuffa over
utsikta denne gongen heller.
Folk med gode auge
kan sjå heilt til Sjøholt herifrå.
Snø pynta varden i dag.
Skiføret var godt heilt ned til Laupen.
Rett nok var det ikkje skeisseis på Laupsvatnet,
men det ville sikkert ha vore kaldt med ein dukkert.
 
 
Så kan ein då lure på korleis dette fjellet,
683 m o h,
Hareidlandets nest høgste,
har fått eit så flott namn.
Er det utsikta som er kongeleg,
eller var det sjølvaste Kristian kvart
som sprang opp her,
då han kom siglande nordafrå,
gjennom Vartdalsfjorden,
på si andre Noregsreise
den gongen i juni 1599.
Vi veit at kongen reiste incognito.
Men om fem eller seks orlogsskip
la til ved Alme eller Eiksund,
trur eg nok at folket langs strendene her
forstod kven som hadde kome på besøk.
Ein freistande tur for ein sprek 22-åring
kunne det i alle fall ha vore.
 
  
Så barst det nedover att
(både for Kristian kvart og meg).
 
 
Over Løseteidet passerer ein denne steingarden,
som gir oss assosiasjonar
til både Riksgrensan og Hadrians Wall.
At han går parallelt med kommunegrensa,
er i alle fall temmeleg sikkert.
 
 
Og så stega eg over myrane igjen.
 
 
Det var blautare no
enn då eg tok laust.
 
 
Ikkje så rart kanskje,
sidan det no var blitt heile åtte grader
i den svake vinden på Løset.

tirsdag 9. oktober 2012

Snellelida i oktobersnø

 
Sola drog oss opp i høgda i dag.
Og endå ein gong var det Flø-fjella som fekk ei overraskande vitjing
frå Hareid.
 
 
Turen mot Snellelida hadde nokre få stopp.
 
 
På Brørevatnvegen.
 

Ved Brørevatnet.
 

Frå Snellelida har ein godt utsyn mot tindane
i Ørsta og Volda kommunar.
 
 

 Sikta mot havet skal ein heller ikkje klage over.
 
 
Og korfor ikkje lage ein engel på Smørkinna
 


før ein vitjar sjølvaste Kjerringa,
 

 
som kikar med lengsel
mot Lesten på Godøya,
ein gamal friar,
 
 
og set kursen mot Ytrefløvatnet,
 
 
og bårene,
 
 
kviene
 
 
og saudene i utmarka på Flø.


torsdag 4. oktober 2012

Den heilage Frans talar til saudene i dalen

 Forkynnj evangeliæ
til allje tidæ -
om nøvendi
bruk or
 

Denj støste gåvå
e å vinnje
åver sej sjøl

 
 
For
de e mæ å gje
at oss fæ
 
 
4. oktober er Fransmess,
til minne om Frans av Assisi (1182-1226),
leiar for gråbrørne,
Italia sin skytshelgen,
kjend for å samtale med fuglar og dyr.