søndag 27. januar 2013

Bøn for Eden Hazard

Nei, eg har ikkje tenkt 
å be til Vårherre 
for denne eminente fotballspelaren 
si sjel.


Eg prøver berre 
å heve røysta
og vifte med armane
slik at nokon
i det britiske fotballforbundet 
fjernar det raude kortet 
som han fekk
mot slutten av ligacupsemifinalen mot Swansea. 


Som nesten alle hugsar
prøvde Hazard
under Chelsea si jakt på redusering
 å sparke kula ut av hendene
på ein syttenårig ballgut
(som gjorde alt han kunne
for å hale ut tida)
akkurat slik vi gjorde på Bøen 
i gamle dagar,
berre med den skilnaden
at vi sparka mykje hardare, 
 slik at dritungar som dette 
fekk litt låkt,
viss vi då ikkje dukka dei i Gjerdselva
og sidan 
gav dei passeleg med bank
sånn at
dei ALDRI øydela leiken igjen. 


Men det var på Hareid
for omlag førti år sidan,
den tida vi spelte mot eitt mål
heilt til det myrkna
og ingen kunne sjå ballen lenger
før vi sprang svoltne heim
til henne mor
og åt ferskt grovbrød 
med smelta smør og plommesylte. 

søndag 20. januar 2013

SAKNAD - Goksøyr spelar harpe og Orten les dikt

 
Ivar Aasen fyller 200 i år.
 
Og det er 150 år sidan Symra.
 
 
 
Vi markerer dobbeltjubileet
med harpeklang, jubel og song!
 
Fyrst ute er kjærleiksdiktet
 
 
SAKNAD
 

søndag 13. januar 2013

Men Hjallis gjekk aldri på Grimstadvatnet

Så kom kulden
og la si varmhjarta hand over dalen igjen.
 

 Lenge før middagstider strøymde
turistar frå grannekommunene nedgjennom
og parkerte bilane sine i nørdste enden
av Grimstadvatnet,


  slik at dei kunne menge seg
mellom dei innfødde i glad leik  


og seige tak
heilt frå Verparen
til vakre Bjåstad,


der også unge veteranar
sveva med spenst og mjukn
langs bardane


nesten som stjerner med djevlehuer
langt nede på femti-
eller sekstitalet. 

Hjallis 
gjekk visst 
aldri med skeiser på Grimstadvatnet,
men det er enno ikkje for seint.


mandag 7. januar 2013

Målaren som ikkje skulle måle

Heldige var vi
som vitja Nasjonalgalleriet før jul
og fekk med oss den flotte utstillinga
med den dansk-tyske målaren
Emil Nolde
 (1867-1956).



Den biografiske bakgrunnen hans
er spennande.
Hans Emil Hansen,
som han eigentleg heitte,
vart fødd ved den vesle byen Tønder i Sønderjylland,
som på denne tida nyleg
(etter den dansk-tyske krigen)
var blitt ein del av Preussen.
Han vaks opp i Nordfrisland
(eller vestkysten av Slesvig),
og utdanna seg til bilethoggar i Flensburg.
Etter mange år i Berlin,
der han blei ein del av kunstargruppa
Die Brücke,
og lange reiser til Asia
(mellom anna Ny-Guinea),
 vende han attende til heimtraktene,
og han busette seg i Seebüll,
nær danskegrensa.
Det dansk-tysk-nederlandske
kystlandskapet
avspeglar seg såleis i mykje av
kunsten hans.


 
Nolde hadde i byrjinga sympatiar med nasjonalsosialistane,
men han fall snart i unåde hos Goebbels,
som gjorde han til ein slags frontfigur
i propagandautstillinga
Entartete Kunst
i 1937.
Nolde fekk etter dette
målingsforbod
av nazistyresmaktene.
Han blei fråteken lerret og penslar,
men heldt fram med målinga
i skjul,
noko som førte til ein serie av akvarellar,
(ofte gøymde i hønsehus eller løer,
og gjerne måla på baksida av andre bilete)
 etter krigen eksponerte som
Ungemalte Bilder
(1938-1945).



Forfattaren Sigfred Lenz (f 1926)
teiknar eit flott portrett av den aldrande malaren Emil Nolde
gjennom karakteren Max Nansen
i den framifrå romanen
Deutschstunde (1968).
 

Motivkrinsen til Nolde er svært spennande.
Biletarsenalet hans
spenner vidt og botnar djupt.
 
 
Utstillinga er open til 20. januar.
Om du ikkje har sett henne, er det altså framleis tid til å sjå!