onsdag 24. august 2016

DETTE ER EIT ANNA LAND

Onsdag 17. august 
drog eg ein tur til NRK-studio i Ålesund
for å snakke om lyrikk.

FOTO: Wilhelm Støylen, NRK

I samband med dette
las eg to dikt frå havflammen (1995),
memento og dette er eit anna land,
som det skal vere muleg å leite seg fram til
på denne lenka her (rundt 2.24.45):

torsdag 18. august 2016

LENGE LEVE HAREID


 LENGE LEVE HAREID !
STEM NEI!


Fyrstkomande mandag skal eg stemme NEI til ei samanslåing av Hareid og Ulstein. For meg handlar valet mest om fakta, menneskelege verdiar, demokrati og skepsisen til lokalpolitikarane sitt taktiske spel.




PRESTISJEN: Det er viktig å vere klar over at det er mykje som står på spel ved denne folkeavrøystinga. Kommunereforma er eit av dei mest prestisjefylte prosjekta til den blåblå regjeringa. Og det er nettopp denne som står i fare for å havarere. Det er derfor ikkje til å undrast over at den politiske leiarskapen i landet vårt investerer mykje i dette. At sjølvaste statsministeren bruker tid på signeringa av ein ny intensjonsavtale mellom to kommunar, syner faktisk at panikken i hovudstaden er ganske stor. «Prosjekt kommunesamanslåing» har gått elendig. Og resultata av avrøystingane hittil må ha vore ekstra skuffande for kommunalminister Jan Tore Sanner. Men det vil også vere eit stort politisk nederlag for Erna Solberg om reforma ikkje lukkast. Og allereie neste haust er det stortingsval.




UVILJEN: For kommunesamanslåingane har jo ikkje akkurat gått så raskt som ein hadde tenkt seg. Heller ikkje på Sunnmøre. Berre Volda-Hornindal og Ålesund-Skodje-Sandøy kan førast opp på lista over nye kommunar. Altså ikkje rare greiene. Regiondirektør i NHO, Toril Ytreberg, seier det rett ut til Møre-Nytt 15.7. at ho er svært skuffa over resultatet av kommunereforma i fylket. – Dette er jo berre pjask, seier ho. Og det har ho heilt rett i. Slik det ser ut no, vil reduksjonen av kommunar i Møre og Romsdal berre bli frå 36 til 30.


PISKEN: Kanskje er årsaka til den labre stemninga at det ikkje ligg noko folkeleg initiativ bak denne reforma. Som vi veit, var det mest inga samanslåingsstemning nokon stad før Sanner la på bordet ein ny inntektsmodell som ville straffe dei små kommunene. Ved press og pisk skulle kommunene slåast saman.


DET LATTERLEGE: Altså har trugsmålet om økonomisk fortaping og ROBEK-status blitt avgjerande for enkelte. Motiva for samanslåing har nok elles vore så ymse. I nokre tilfelle har dei sikkert vore ærlege nok. I andre tilfelle kan dei framstå som direkte latterlege. Nokre drøymer om eit spenstigare kommunenamn. Andre om moglegheita for å bli del av ein kjend by. I Møre-Nytt les vi til dømes at mange i Volda gler seg over at Hornindalsrokken kan bli den nye kommuna sin fyrste topp over 1500 meter. På denne måten kan dei no knive med Ørsta om å få Indre Søre sitt høgste fjell.


PÅ SANDGRUNN: Samtidig kviler både dei gamle og nye kommunane på sandgrunn. Til dømes reknar Ålesund, Skodje og Sandøy (ja, tenk Sandøy, inklusive den vesle øya Orten, med 13 innbyggjarar) med at regjeringa vil tvinge Haram til å bli med i den nye storkommunen deira, slik at den reint geografisk vil henge saman, trass i at Haram har sagt nei til å bli med. Den før omtala NHO-direktøren Ytreberg håper at Fylkesmannen vil skjere gjennom og bruke tvang, slik både ordføraren i Ålesund og Sunnmørsposten på leiarplass har teke til orde for.


VALET: I Hareid sa vi i vår altså JA til å stå åleine. Den gongen vart ikkje ein fusjon mellom Hareid og Ulstein vurdert som noko alternativ i det heile (sjølv etter lange førebuingar og grundige vurderingar). Og då valet stod mellom å bli ein del av Stor-Ålesund, Runde eller Hareid åleine 19. mai i år, stemte 73 % av folket JA til at Hareid skulle halde fram som eigen kommune. Det er nesten tre fjerdedelar av alle!


LOVNADEN: Dette var sjølvsagt eit stort politisk nederlag for Høgre, Framstegspartiet og støttespelarane deira. Men det stod respekt av ordføraren då han til Vikebladet same kveld sa at no hadde folket talt og at med eit slikt resultat kunne ein ikkje gå vidare med noko samanslåing.


TAKTISK SPEL: Men kva skjedde? Etter nokre veker vart brått Hareid-Ulstein-modellen aktuell igjen. Den som ikkje ein gong var verdig å stemmast over fyrste gongen! Eg trur mange tykte at dette var både overraskande og skuffande av ordføraren. I ettertid har han heller ikkje svart på kvifor han har gjort denne heilomvendinga. Trass i tallause oppfordringar i sosiale media. I Vestposten/Vikebladet torsdag 18. august seier ordføraren at han aldri har lovd dette. Er det ikkje rart kor dårleg vi hugsar ein torsdagskveld i mai?


MANDATET: Så kjem altså statsministeren hit for å oververe signeringa. Eg må innrømme at eg vart provosert. Det heile såg for meg ut til å vere ein slags religiøs seremoni – med Erna si overvaking – eller kanskje vi kan driste oss til å seie velsigning - av høgtidsstunda. Eg likte det slett ikkje. For kva med dei 73 prosent av folket som stemte JA til Hareid som eiga kommune? Med kva rett hadde det politiske fleirtalet i kommunestyret hatt til å setje i gang denne prosessen?  Blei vi ikkje spurde om råd?


SENTRALISERING: Men kommunereforma er berre ein liten del av eit mykje større prosjekt: Sentraliseringa av Noreg. Sentralisering er ei ønska utvikling for denne regjeringa. Og ho grip om seg på nesten alle felt. Mellom anna i helse, utdanning og politi. Vi må ikkje gløyme at den på mange måtar sympatiske statsministeren vår styrer ein kynisk distriktspolitikk der økonomane sit i baksetet og viser veg. Marknadsliberalismen rår. Nedleggjinga av Ekornes sin fabrikk på Hareid viser korleis denne tankegangen fungerer. Ei velfungerande verksemd som går i overskot er ingen garanti for framleis drift så lenge det ikkje gagnar sjølve konsernet.

Hugs: Det er ikkje dei marknadsliberalistiske storbyverdiane som har skapt innovasjon og velstand på Søre Sunnmøre. Det er det dei små lokalsamfunna som har gjort.

Likevel skal det bli færre og større einingar. «Storkjøkenet» skal levere billegare varer og meir effektive tenester. For dette skal visst gagne distrikta. Det vert til dømes sagt at fleire politimenn og -kvinner i dei største byane vil skape betre nærpoliti rundt om på bygdene. Og eg berre lurer: Er det verkeleg nokon som trur på dette? Kjem menneske nærare einannan ved å flytte frå kvarandre? Kven skal rope når keisaren kjem etter vegen: - Men han har jo ingen klede på?


FELLESSKAP: Underleg er det å tenkje på at kommune kjem av det latinske communis som tyder felleskap. Medan denne reforma slett ikkje er eit fellesskapsprosjekt. Snarare tvert om. Sjølvsagt har store og små kommunar både styrkar og veikskapar. Men frå regjeringshald synest det som om det berre er veikskapane til dei små og styrken til dei store som vert kommunisert. Ingen har lagt fram fakta (erfaringsbasert kunnskap) på at samanslåingar gir betre tenester, billegare tenester eller meir robuste fagmiljø, slik regjeringa hevdar. Det er berre påstandar. Og kva skal vi med eit robust fagmiljø som er langt vekke frå der vi bur?


DEMONTERING: Heldigvis ser mange at sentraliseringspolitikken fører til ei demontering av velfungerande ordningar i utkantane. Barnehagar, skular og eldrinstitusjonar står opplagt i fare for å bli lagde ned. Og det folkelege engasjementet og dugnadsånda i dei grendene som desse soknar til, kan fort bli svekka som ei fylgje av dette. Dei fleste føretrekk å bu slik dei gjer no. Altså i relativt små einingar. Folk er rimeleg fornøgde med tenestene dei har. Men element som trivsel, tilhøyrsle og kvaliteten på dei kommunale tenestene slik dei faktisk er, vert ikkje tillagd vekt av fusjonistane i hovudstaden.


DET FOLK VIL HA: Nokre av oss ser ut til å ha gløymt at dei mennesklege behova i stor grad handlar om å sjå og høyre OG å bli sett og høyrd. At inst inne treng alle eit nettverk av små fellesskap. Eg vil hevde at større einingar trugar desse. Men mange har heldigvis ikkje gløymt det. Og resultata av avstemmingane er blitt deretter. Folk vil ha barnehagar, skular og sjukeheimar i nærleiken av der dei bur. Dei vil ha innverknad på sin eigen kvardag i jobb og fritid og aller helst kjenne dei menneska som skal ta avgjerder på vegner av fellesskapet dei er ein del av.


KJENSLER: Kanskje byggjer nokre av tankane mine om kommunesamanslåing på kjensler. Men kva er det? Kjensler er nedarva erfaringar. Frå foreldre. Besteforeldre. Vener. Naboar. Det er nedarva klokskap. Historia har vist oss at små grender og små bedrifter kan skape verkeleg store ting. Smått er ofte godt.


INFORMASJONEN: Kva har vi så i vente viss det blir ei samanslåing? «Offentleg informasjon» om intensjonsavtalen er blitt lagt ut i postkassene i form av ein flott brosjyre. Men om denne er objektiv, er i beste fall høgst diskutabelt. I tillegg byggjer intensjonsavtalen – altså produktet som skal seljast -  opp etosen sin med biletet av den smilande statsministeren. Og vi let oss kanskje begeistre: - Tenk, Erna! - Her! Samanslåingstilhengjarane låner såleis autoritet frå den høgste myndigheitspersonen i landet for å styrkje si eiga sak – fusjonen av Hareid og Ulstein kommunar. Samtidig har «Hareid kommune» vore svært aktiv på Facebook og andre sosiale medium for å selje avtalen med «informasjon» om alle fordelane ved ei samanslåing. Og det er freistande å spørje – er det dei tilsette ved kommunen eller den politiske leiinga som skjuler seg bak denne?


INTENSJONSAVTALEN: Om vi studerer sjølve avtalen, så lat vi slå fast fyrst som sist: Ulstein er storfornøgde! Ulstein er så nøgde med denne avtalen at dei droppar ei folkeavrøysting! Det seier sitt. At dei ville bryte forhandlingane viss dei ikkje fekk kommunesenteret, seier også sitt. Folk i Ulstein ser ikkje problemet med ei samanslåing. For dei har ingenting å tape. Men det har vi.


EIN HUSMANNSKONTRAKT: Slik eg ser det, gir intensjonsavtalen Ulstein gjennomslag for 80-90 % av deira ynskje. Hareid vil misse mange funksjonar. Mellom anna kommunesenteret. Og all forsking viser at samanslåingar berre styrkjer tenestene i kommunesenteret, medan tenestene blir svekka i utkantane. Rett nok skal Hareid skal få gjennomføre to tunge investeringar – eit helsehus og ein ungdomsskule. Men kva garantiar har vi for dette? Som juridisk dokument er ikkje intensjonsavtalen verdt noko som helst. Så kor naive har vi lov til å vere? Er det ikkje sannsynleg at vi etter ganske kort tid – kanskje om tre-fire år – vil miste ein eller to av krinsskulane? Og kan ikkje dette igjen svekkje samhald, tilhøyrsle, engasjement og dugnadsånd i desse krinsane? Og kva med sjukeheimen og pasientane der? Avtalen vi har skrive under er ein husmannskontrakt. Det er ikkje noko som liknar jamstelling i denne fusjonen. Ordførarkjedet, kommunevåpenet og kommunenamnet er sanneleg ei fattig trøyst!


KVA ER VIKTIG: Ord som grend, bygd, lokalsamfunn og menneskeleg nærleik er avgjerande for valet mitt mandag. Likeeins institusjonar som barnehagar, skular og aldersbustader der folk bur. Og ikkje minst nærleiken til dei som bestemmer. Eg trur kommunereforma og samanslåinga mellom Hareid og Ulstein vil svekkje viktige ting som dette på sikt. Valet handlar for min del om kva verdiar vi vil basere lokalsamfunnet vårt på. Kva er viktig, og kva er ikkje viktig?

Vi må ikkje gløyme at valet om kommunesamanslåing kjem etter press frå den politiske eliten i hovudstaden. Dei vil så veldig gjerne at vi skal stemme ja! Men vi treng ikkje om å gjere det! Neste år er det stortingsval. Nye folk skal stemmast inn. Og i Stortinget ligg nøkkelen til kva ressursar kommunene skal få til å levere tenester med. Hugs det!

Så greier vi å stå i mot presset så lenge?

STEM NEI TIL SAMANSLÅING MÅNDAG 22. AUGUST!