mandag 25. februar 2013

La Luna

Ein gong for lenge sidan,
den gongen eg gjekk på lærarskulen i Volda,
skreiv eg dikt om månen
over Rotsethornet.
I går hang same karen
selskapssjuk
over Vartdalsfjella.


Vi 
heldt lag
heile vegen frå Bjåstad 
til  Hareidsbrua,
men framme i Kaldholen
hadde saudene gått i fjøsen,


og løysingen oppe i Vabakkane


var heller ikkje å sjå.

fredag 22. februar 2013

Pederi stol

På denne dagen,
som dei i retteleg gamla dagar kalla Pederi stol,
til minne om læresveinen Peter, 
som vart den fyrste bispen for dei kristne i Roma,


vart desse gutane fødde,


med 75 års mellomrom,


den eine i 1915,


den andre i 1990,


og drivande karar



vart dei begge to.



!Congratulazioni!

tirsdag 19. februar 2013

Innseilingen til de lykkelige øyer

Det var visst nok
Henrik Sørensen som gav 
pengesetelteiknaren, dørdekoratøren og malaren m m
 Oluf Wold-Torne
(1867-1919)
ideen til tittelen på dette maleriet,


skapt under eit ferieopphald på Holmsbu,
på sørvestspissen av Hurumlandet,
ved innløpet til Drammensfjorden,
sommaren 1911, 
til liks med Landskap fra Holmsbu,
som vi ser her,



og Kris syr,
som er eit av mange portrett av kunstnarkona Christine,
truleg fullenda i 1915.



Den unge kunstnaren,
opphaveleg frå Son,
som fekk mykje av utdanninga si
(mellom anna i København og Kristiania)
finansiert
av ei velståande tante,
var elev av mellom andre
Erik Werenskiold og Thorvald Erichsen,
men var nok aller mest inspirert av 
den store Cézanne,
noko som kanskje var avgjerande
for opphaldet hans ved Det franske akademiet i Roma
i 1895,
eit landemerke for alle som har vandra opp Spansketrappa
og søkt skuggane under trea i parken på Monte Pincio
på varme sommarkveldar.



Men tilbake til 
Innseilingen til de lykkelige øyer.
Både tittel og motiv
tematiserer avslutninga på ei lang reise,
kanskje med noko kjent og kjært i sikte.
Ei oddyséaktig heimkjenning.
Eit slags endeleg framme.
Ironisk nok var
Wold-Torne ein av dei mange som døydde av spanskesykja,
så livskvelden hans vart truleg ikkje så lukkeleg,
men kva veit vi.
Uansett heng maleriet på Nasjonalgalleriet.
Det er verdt ein snartur frå Karl Johan.

søndag 10. februar 2013

AllTidMorSinDaG


To morsdagskort.

 

"Til mor" 

(1988)



"Ferjene på fjorden"

(1992)

fredag 8. februar 2013

ZORNOMANIA

Om det er den vakre skjergarden
eller dei nakne kvinnene
som gjer meg 
så oppslukt
av den svenske målaren
Anders Zorn (1860-1920)
er ikkje godt å seie.

I skjærgården 1894

For ein som har feriert
i grannelandet
heilt sidan han vart fødd,
er landskapet i Bohuslän
faktisk blitt ein nødvendig del
av sommaren.

Ute  1889

Og kvinnene hans
er det umuleg 
 ikkje å snu seg etter.

Frileuse 1894

Så høgst truleg 
er det begge delar.
Sjølve kombinasjonen.

Mot strömmen 1918

Altså badande kvinner.
Zorn er ikkje akkurat åleine i kunstsoga
om dette motivet.
Det er nok å nemne 
Renoir og Degas.
Men kvar er dei svenske svaberga i deira bilete.
Kvar er Strömstad og Kong Oscar sine sardiner.

På sanden 1916

Som lærar 
har eg ofte spurt elevane mine
på 18 og 19 år
(i uhøgtidlege, men anonyme undersøkjingar)
om kva dei assosierer med
Det gode liv.
Og svært mange har 
(ikkje overraskande) 
nemnt 
vennskap, forelsking, reiser, god helse, trygg økonomi o s v.
Men 
ingen stikkord slår likevel 
VATN.
Av ein eller annan grunn
(muligens er det drikke, vask, bading, leik,
kva veit eg)
ser dei på dette
som sjølve føresetnaden for
Det gode liv.

Vattennymfer 1918

Kanskje er det difor 
Zorn 
frå Vasalopphovudstaden
Mora i Dalarna
fangar meg med bileta sine.

Min modell och min baat 1894
 
For det er vatnet og kvinna
som skaper 
Det gode liv.

fredag 1. februar 2013

VIDSIDH


"Ville nokon kalle henne ei druspe der ho kom kavande med ei trille langs vegen, så kunne ikkje mange protestere. Var ikkje akkurat noko gjævekone lenger. Det humpa og gjekk mot bygda med henne. Med ein fot på asfalten og ein på grusen. Bilane kom i slake bølgjer. Pressa henne halvvegs ned i grøfta. Ein grøn Renault tuta hardt då han susa forbi henne. To gutar på ein moped svinga bort i ei søyle. Gjorde den side kåpa hennar våt. - Sjå deg føre, di gamle gygre, brølte føraren og rusa med motoren. "

Slik opnar

VIDSIDH

Foto: Odd Goksøyr

ei novelle
inspirert av Ivar Aasen sine dikt
skriven til Hareid kommune
i høve
Språkåret 2013

 
Foto: Odd Goksøyr

og framført
mandag 30. januar 2013.



"Vide hev eg vinglat

i Vegom ute"