tirsdag 31. juli 2012

Jentejubel

Så glade blir vi
etter
14-0, 4-1 og endeleg 3-2


i ein kamp full
av
sjansar


sol og regn.




The Hide Sisters

The Sisters of Mercy
(Peace & Love)


Valle Hovin, Oslo, 31st of July 2012



torsdag 26. juli 2012

Hei, Knut

I kveld
vitja eg Knutnakken i Brandal
for aller fyrste gong.


Trass si stutte høgde (281 m o h)
var det fin utsikt nordover
herifrå.



Men eg møtte korkje Knut eller nokon andre på turen
(Gjerde-Holstadhornet-Tørlinghaugane-Lågheida).
Eit par støvlar stod ved ein hyttevegg i Håbakkselet.
Og høyrde eg ikkje stemmer ved Koppelva.
Det var i tilfelle alt.


Heller ikkje i den vesle steinhytta øvst i Indredalen
var folk heime.

Hei, Knut. Her er din song.




fredag 20. juli 2012

Lyset over dalen

Sanneleg kom ikkje sola
og fylte dalen med lys


og ikkje minst eit aldri så lite
håp


om at sommaren ikkje er heilt slutt
før han eigentleg 
har begynt.

Hovdenakken  kl 1930
(474 m o h)
 

torsdag 19. juli 2012

Peak experience

Blå mann på Blåtind.


 
Hareidlandet sitt høgste punkt,
697 m o h.

tirsdag 17. juli 2012

Ein smak av sommar

Orten, Sandøy kommune, Ytre Romsdal



Tysdag 17. juli kl 1315.




mandag 16. juli 2012

Sjufjellsturen

Sommaren er full av gamle rutinar.
I dag tok eg årets sjufjellstur.
Hareidlandet på tvers.
Ruta:
Frå Gåsneset på Ulstein
til Roppehornet (412 m o h)
God utsikt mot Vattøya og Runde m m.


Vidare over Trollvassegga
til Breidfjellet (534 m o h).
Herifrå er det turr og god rås 


opp mot Sarshornet (542 m o h)
og endeleg Brørene (620 m o h),


der ein kan sjå nordvestover,
mellom anna mot Godøya,
 og ikkje minst Lesten,
eit kjent (og heilt sikkert kjært) med
for fiskarane i gamle dagar,
men også eit fjell nytta til bloting
i førkristen tid
(når sola steig opp over fjella i aust).
Frå Storebroren
fylgjer ein så råsa,
som er farleg nær kanten,
men som også representerer den syltynne kommunegrensa
mellom Hareid (fast grunn)
og Ulstein (fortapinga),  
til Mellombroren
og sidan nedover mot   
synste Mosvassenden,
der ein då tek ein tjue minutts omveg bort
til Mosvarden (550 m o h),
eit trygt og godt fjell,
sjølv i tjukk skodde, som i dag,
før ein snur og returnerer
i den godt merka råsa
som dukkar opp i Dalsmunnen,
mellom Bigsetsetra og Bjåstadsetra,
og stimar vidare mot Skafjellet (573 m o h),
av uforståelege grunnar Hareidlandets mest vindfulle topp,
og difor kalla Svinfjellet,
jamvel  av trauste fjellfolk,
før ein endeleg (gjennom skoddedottane)
anar Storfjorden,
til songen frå den trufaste, vesle heilokolonien,
og kan moe seg opp til den aller siste bratta,
til Holstadhornet (531 m o h),
sjølve Barndomens fjell,


og derifrå kan sleppe seg ned
Gjerdsråsa
og
endeleg kome seg heim.

Ein gong i tida
sprang eg denne turen på godt under tre timar.
Eg har gått han med born
i rette alderen (10-12 år)
på rundt seks timar.
I dag: Fire timar og ti minutt.

GOD TUR!

søndag 15. juli 2012

Nordover, nordover

Frå toppen av Løkeberget
får ein eit ganske fint blikk
over Hareidsdalen
og Snipsøyrdalen
med alle sine herlegheiter
  

og nærliggjande perler,
som Ulset og Hjørungdalen
m m m.
Om ein siktar
mot Nonsberget (og Gamlemsveten i det fjerne)
herifrå,
vil ein sjå temmeleg rett mot nord.
Og då er vi no ved sjølve grunnretninga,
som landet vårt er oppkalla etter,
nordover.
Den gongen isen smelta
(for om lag 10 000 år sidan)
var dette faktisk sett på som
det lova landet for dei menneska som bala lengre sør.
Berre ein kunne kome seg nordover!
Om det ikkje akkurat rann over av mjølk og honning,
så var her i alle fall
reinsdyr, kval, sel, fisk o s v.
Forholda var fine i kveld
for ein 90 minutts tur.
Litt vind og 10 plussgrader.
Så istida er nok over.
Likevel bad vi gudane
om noko høgre temperaturar framover
  
før vi fann råsa nedatt


til skogen på Løset.

lørdag 14. juli 2012

Skodde lodde

Fjortande juli.
Opplett og tolv grader.
Ein typisk sunnmørsk sommar.
Men klag ikkje.
Dette veret er brukande til nesten alt.
I dag fekk vi oss ein flott tur til Garnestua.



Innimellom skoddedottane
viste fjellheimen i nabokommunen
seg absolutt
frå ei bra side.
Sikta mot heimbygda var nemleg rimeleg god.
Folk med gode auge
kunne nok skimte både Hamarstøylsvatnet,
Grimstadvatnet, Snipsøyrsvatnet og Hjørungdalsvatnet.
I tillegg til
Storfjorden og Vartdalsfjorden.


Og bak Myrkevatnet
dukka sanneleg også Vartdal opp.



Med gamle og sterke band til
ferjestaden på nordsida av denne øya
som vikingane kalla Hod.
Ikkje dårleg på ein gjennomsnitts sommardag. 
 

tirsdag 10. juli 2012

Färdas måste vi ju

På desse tolvgraders julidagane
med skodde og grå vind
over Hareidlandet
lever vi framleis på smaken av svensk sommar
frå Bohuslän


och Värmland du sköna


medan vi les Arthur Lundkvist
under plommetreet
heime

Färdas måste vi ju, röra oss framåt.
Fortsätta in i det hotfullt okända.

 


Är allting redan för sent?
Eller är det aldrig før sent?
Aldrig för sent på jorden?
Aldrig för sent för människan?

 

mandag 2. juli 2012

¡Felicidades!

Etter gårsdagens oppvisning på Olympijskij stadion i Kiev
er det vel ikkje vanskeleg å gratulere spanjolane
med sigeren
i det som vert kalla
verdas tøffaste fotballturnering.


Sigeren over Italia var meir enn overtydande.
Og truleg var det meisterskapens beste kamp.
Men kva anna hugsar eg best etter EM 2012.

Grunnspelets høgdepunkt:
Russland-Tjekkia 4-1.

Beste kvartfinale:
Tsjekkia-Portugal 0-1.

Beste semifinale:
Tyskland-Italia 1-2.

Og vidare.

Arshavin sitt comeback.
Det irske publikumet.
Portugal si dødsinnstilling mot Spania.
Italia sin positive fotball.
Pirlo.
Og Pirlo.

Med mykje meir.

Likevel er det Spania
sin maktdemonstrasjon i finalen som sit i kroppen.
Ikkje berre dei flotte måla.
Men også måten dei kom på.

Eg tek av meg hatten
og gler meg allereie til VM i 2014
medan eg drøymer om mitt personlege All-Star-lag.

Patricio (Port)

Ramos (Spa) 
Lescott (Eng)
Gebre Selassie(Tsj)  
Alba (Spa)

Iniesta (Spa)
Pirlo (Ita)
Khedira (Tys)
Silva (Spa)

Arshavin (Rus)
Cassano (Ita)

Så kan ein no i mellomtida undre seg over
kva som skjedde
med Nederland og Frankrike,
som stod att på perrongen då toget gjekk.