søndag 15. juli 2012

Nordover, nordover

Frå toppen av Løkeberget
får ein eit ganske fint blikk
over Hareidsdalen
og Snipsøyrdalen
med alle sine herlegheiter
  

og nærliggjande perler,
som Ulset og Hjørungdalen
m m m.
Om ein siktar
mot Nonsberget (og Gamlemsveten i det fjerne)
herifrå,
vil ein sjå temmeleg rett mot nord.
Og då er vi no ved sjølve grunnretninga,
som landet vårt er oppkalla etter,
nordover.
Den gongen isen smelta
(for om lag 10 000 år sidan)
var dette faktisk sett på som
det lova landet for dei menneska som bala lengre sør.
Berre ein kunne kome seg nordover!
Om det ikkje akkurat rann over av mjølk og honning,
så var her i alle fall
reinsdyr, kval, sel, fisk o s v.
Forholda var fine i kveld
for ein 90 minutts tur.
Litt vind og 10 plussgrader.
Så istida er nok over.
Likevel bad vi gudane
om noko høgre temperaturar framover
  
før vi fann råsa nedatt


til skogen på Løset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar