søndag 20. desember 2015

Grønt, grønt, grønt (og berre litt kvitt)

Den tradisjonelle 
juletrehentinga i Peparkakeskogen 
gjennomførte vi i dag,
men snøen mangla.


Kattugleburet i Holeråsa 
stod derimot framleis.


Det var lett å gå.
Men vått.
Vel framme gjekk vi, 


det vil seie Håkon,


til arbeidet.
Men kva tre skulle vi velje,
og kva skulle vi la stå?


Til slutt fann vi den perfekte grana!
For det gjer ikkje noko at toppen 
er litt skeiv,
om berre stammen er
rett.


Etterpå 
var det tradisjonen tru
kakao, mandarinar 
og peparkaker


til utsikta mot Sula
og Sykkylven.


Og grønt var det nesten over alt.
Berre nokre snøstrimler inne i Vartdalsfjella
kunne vi skimte bak ferjene på fjorden.


Og om turen opp til Øvrestøylen
tok berre omlag 20 minutt,
gjekk det like lang tid ned att.



Men trass i 2000-talets enklaste
 juletrehenting, håper vi likevel på


  skeisseis og gode forhold 
i hoppbakkane 
til jul.

fredag 6. november 2015

STEIKJE TE STYR

Om nokon skulle vere interessert,
så tek eg del i lanseringa 
for Selja forlag si bok

STEIKJE TE STYR
14 forteljingar om Sunnmøre



 i Ivar Aasen-tunet
søndag 8.november
klokka 14.

Teksten min heiter
KJEFTEN HASS SEBULON
og tek utgangspunkt
i eit bryllaup her på Søre Sunnmøre
i 1890-åra.

Sjå

Vel møtt!

søndag 20. september 2015

Slogen i skodde og godt lag

Trass i gode meldingar på yr.no
og ein nydeleg morgon på Sæbø,
leita skodda seg fram
under turen til Slogen på søndag.


Vi gjekk Slogen-råsa frå Øye


med god utsikt 
mot Nordangsdalen


og Smørskredtindane


før vi etter 
omlag tre timars gange såg toppen 
på 1564 m o h.


 Vi møtte omlag tjue personar
som trassa yr og råme
og tok fatt på dei siste klyva
mot toppen.
Fleire kom frå Patchellhytta,


 men dei fleste
kom same vegen som oss.


Turen nedatt


 var kanskje endå flottare


sidan vi no kunne sjå både attover
mot Slogen


og austover


mot Habostaddalen


medan vi gjekk over breen


ned mot 


stidelet


og kunne ta fatt på nedstiginga






slik at vi kunne sjå
Jakta 
(1588 m o h)


og Keipen



(1220 m o h)

 

før


 vi


alle 


kunne 


seie 


at det hadde vore 


ein fin tur.