Då Petter Jarle Erstad døydde fredag 17 november,
miste vi ein god ven og nabo.
Og fleire av oss var til stades under gravferda
i Hareidskyrkja fredagen etter.
Petter Jarle (PJ) og eg vaks opp nær kvarandre.
Berre hundre meter
mellom heimane våre. I eit område rett ovanfor sentrum.
Ei eiga verd
var det. Der alle kjende alle.
Og verda heitte Gjerda-Brekkane.
Den gamle Brandalsvegen delte verda i to.
Bilar og bussar
kosta langs med. På veg til Alvestadkaia. Der ferja
til Ålesund venta.
Og gardane på kvar si side. Inndelte i grøne rektangel.
Både nedanfor og ovanfor.
Med sauder og kyr. Hestar og traktorar.
Hesjing og potetopptaking.
Der borna i kring fekk vere med.
Ja ei lukkeleg verd var det. Med lukkelege årstider.
Ski om vinteren. Fotball om våren. Hopping i høyet ut på
seinsommaren. Gøyme og leite om hausten.
Når det var blitt mørkt. Og det var
spennande å vere ute.
Jamaldringane til PJ fortel om eit stort
idrettstalent. I fotball var han skikkeleg god. Kvikk og
spenstig. Med eit godt tilslag. Under kampane oppe på
Bøen var ingen raskare enn PJ.
Så debuterte han også på
A-laget då han var berre 16 år. La tidleg opp.
Men fekk 45 kampar for
Hareid.
Eg kan hugse han frå eg var ein liten gut.
Leiken på plenen vår
stoppa alltid opp då han kom glidande forbi i bilen sin.
Med lys skinnjakke. Solbrun hud. Og ikkje sjeldan
med ei fin jente i
framsetet. Det var noko internasjonalt over han.
Noko moderne og annleis. Vi høyrde han hadde vore
i utlandet. Hadde haika nedover i Europa.
Åleine.
Han var bereist, som vi seier.
Seinare skulle studiar, jobb og naboskap føre oss saman.
I 1981-82
studerte vi begge på Distriktshøgskulen i Volda.
PJ tysk. Eg norsk. Frå 1990 var vi kollegaer ved UVS.
Og berre nokre år etter vart vi også naboar i Reiten.
Så åra viska aldersskilnaden ut.
Brått var vi jamgamle.
Merka at vi hadde mykje felles.
Det var noko med interesser.
Haldningar. Kanskje også verdiar.
Eit slags syn på ting som
skjedde rundt oss som vi delte.
Vi skifta på å køyre utover. Han rygga alltid opp til
inngangsdøra vår. Stod der klar til eg kom.
Eg hugsar skinet
frå dei raude bremselysa i snøen.
Så bortom barnehagen på
Teigane for å levere ein av gutane mine.
Annankvar dag venta PJ med bilen i bakken der.
Fem minutt. Ti minutt.
Til vi køyrde over Eidet.
Det gjorde han ingenting at han frakta
mine ungar.
I fleire år gjorde vi dette. Køyrde over Eidet.
Til og frå jobb. PJ fortalde. Frå ei tid før mi tid.
Levande.
Han hugsa replikkar. Kom med spissformuleringar.
Vi diskuterte. Utveksla erfaringar.
Kjende oss att i kvarandre. Og desse samtalane.
Om alt mellom himmel og jord. Med mykje latter og skøy.
Dei vil eg alltid sakne.
Så kom Anne Pernille. Og dei tre borna.
Jenny. Marius. Johan.
Ingen tvil om fyrsteprioriteten heretter.
Sjølvsagt ikkje.
Sola stod høgt.
Himmelen var blå. Dagane lyse.
Yrkeslivet hans var mangslungent. Med produksjon av møblar.
Sal av møblar. Drosjekøyring. Skule.
I nesten 30 år arbeidde han ved Ulstein vidaregåande.
Underviste i tysk, historie og økonomi. Han var ekspert på
skatterett. Ikkje rart at fleire av dei gamle elevane hans
spurde han til råds
om utfyllinga av sjølvmeldinga då dei vart vaksne.
Han må ha vore ein god lærar.
Der var foreldre som kontakta
skulen for å høyre om ikkje guten eller jenta deira kunne få
PJ også neste skuleår. For PJ var flink til å kome i kontakt
med elevane. Prinsippet var å møte eleven akkurat der han var
fagleg. Og ikkje der han burde vere.
Slik kunne tillit byggjast.
Og læringa ta til.
Interessa hans for historie og kulturarv var stor.
Drosjekøyringa gjorde at han visste kven som budde
i alle hus.
Han fortalde med knappe setningar. Gav treffande
karakteristikkar. Avslutta med ein replikk som gjorde at ein
berre måtte le.
Den lokalhistoriske innsikta hans var
formidabel.
Eg trur ingen har lært meg
meir om Hareidssamfunnet enn PJ.
Han peika på vitale fakta. Viste meg viktige samanhengar.
Korleis opplevde eg han?
Var han påliteleg? Til det ytterste!
Alltid til å stole på. Ein mann var ein mann.
Eit ord var eit ord. Og ein mann heldt ord.
Var han sta? Kanskje.
Men mest i tydinga – uthaldande, trufast
- mot det han meinte var rett.
Sparsomeleg? Truleg.
Men også svært raus, hjelpsam, omtenksam.
Mange av oss fekk erfare dette.
Som ein av sønene mine svarte
då han fekk meldinga om at PJ var borte:
«Han var ein fantastisk snill og mild mann».
Var han kunstnarisk? Veit ikkje.
Men i alle fall ein
estetikar. Oppteken av arkitektur. Stil. Design.
Særleg innan møbel. Som naturleg var.
Med åra vart treffa våre færre.
PJ fekk problem med føtene. Det vart tungt å gå.
Aksjonsradiusen kortare.
Omgangskrinsen mindre. Slik det blir med oss alle.
Sjeldnare ute. Meir heime.
Men minna kunne framleis flyge.
Frå verandaen i Reiten
kunne han sjå kveldsola male fjella
i Sykkylven raude.
Der inne hadde foreldra hans vakse opp.
Der inne var røtene. Dalføra og setrane og turane dit inn.
Han gløymde
dei ikkje.
Livet går i bylgjer.
Sjølv om kontakten var blitt mindre dei
siste par åra, var den ein gong stor og viktig.
Vi vaks opp i same verd. Opplevde ting saman.
Lærte av kvarandre.
Og ikkje minst – vi lo saman.
No er det raude bremselyset i snøen borte.
Turane over Eidet er over. Og kvelden er mørk.
Men snart kjem våren.
Og borna på Gjerda og Brekkane skal leite fram fotballen
og dele seg inn i lag igjen.
PJ er ikkje på banen lenger.
Men ein gong var han den raskaste guten på Bøen.
Kvil i fred, Petter Jarle!
Vi minnest deg med glede!




Der skreiv du eit nydelig ettermæle over Petter Jarle!! Tusen takk!❤️
SvarSlettTusen takk!
SlettGode ord om PJ 😀
SvarSlettTusen takk!
SlettFine ord om svogeren min Petter Jarle🌹🌺🌹
SvarSlettTusen takk!
SvarSlettFlott tekst. Kvil i fred PJ
SvarSlettTusen takk!
SvarSlettDet var flott skreve om PJ som var min Hyttenabo i Engeskaret. Han var ein god og kjekk nabo.
SvarSlettKvil i Fred Petter Jarle.
Tusen takk!
SlettSå nydeleg, jordnært og hjartevarmt om ein ven og kollega! Eit vakkert ettermæle!
SvarSlettTusen takk!
SvarSlettSå fint skrive Øystein ❤️
SvarSlettTusen takk!
SlettTakk for god omtale av Petter Jarle, Øystein.
SvarSlettTusen takk, Ingebjørn!
SlettDette var rørande å lese. Ein fin mann! Takk for at vi får ta del i dine minne!
SvarSlettTusen takk!
SlettGodt skrevet. Kvil i fred, PJ.
SvarSlettTusen takk!
SlettFlotte ord om Onkel Pett
SvarSlettKjekt å høyre! Tusen takk!
SlettIkke len deg tilbake og se på at forholdet eller ekteskapet ditt sakte faller fra hverandre slik jeg gjorde. Forholdet mitt på seks år tok slutt, og kjæresten min blokkerte meg på alle sosiale medier. Jeg var knust og gråt uendelig, men innerst inne visste jeg at gråt ikke ville fikse noe.
SvarSlettPå grunn av kjærligheten jeg hadde for ham, fortsatte jeg å lete etter en løsning – noe som kunne bringe ham tilbake. Ikke døm meg. Alle som virkelig har vært forelsket, og har blitt elsket tilbake, vil forstå nøyaktig hvordan jeg følte det.
Mens jeg søkte på nettet, kom jeg over mange kommentarer om hvordan Dr. Dawn hadde hjulpet folk med å gjenopprette forholdene og ekteskapene sine. Noen hevdet til og med at han hadde hjulpet med å kurere kreft, HIV, herpes og mer. I desperasjon bestemte jeg meg for å kontakte ham og forklarte alt jeg gikk gjennom.
Etter å ha lyttet til meg, fortalte han meg at en jente nær kjæresten min hadde kastet en forbannelse på ham.
Ærlig talt hadde jeg lagt merke til en bestemt jente fra kontoret hans som pleide å besøke kjæresten min ofte, men jeg tenkte aldri så mye over det den gangen. Dr. Dawn forsikret meg om at partneren min ville komme tilbake innen 48 timer. Jeg trodde ham ikke – det hørtes for godt ut til å være sant.
Men til min overraskelse begynte jeg innen 48 timer å motta meldinger fra et merkelig nummer. Det var kjæresten min. Han sendte flere meldinger, der han beklaget og ba om tilgivelse. Til slutt aksepterte jeg ham tilbake, spesielt etter at han hadde gjort en oppriktig innsats for å gjøre ting riktig.
Måneder senere giftet vi oss, og i dag har vi et vakkert barn sammen. Jeg er takknemlig for Dr. Dawn for hvordan alt gikk. Familien min og jeg er lykkelige og i fred.
Hvis du går gjennom en vanskelig tid i forholdet ditt, ekteskap, infertilitet, sykdom, uflaks, ikke mist håpet. Kontakt Dr. Dawn, ting vil definitivt snu når du minst venter det.
Hans WhatsApp: +2349046229159
E-post: dawnacuna314@gmail.com