fredag 16. september 2011

HAUSTLYS

Eg kjenner mange som ser på hausten som si beste årstid.


Om det ikkje er tyttebærplukkinga, rypejakta eller røyrfisket.

Plommetrea eller hummarteinene.

Alle fotballkampane eller dei nye TV-seriane.

Så er det fargane.

Dette at naturen vrengjer innsida ut.


Og lyset.

Over eit landskap som sakte døyr.


For min eigen del er det løpeturane om kveldane.

Aller helst i mildt regn.

Dei gir meg ei heilt særskild ro.

Dette å ikkje gjere noko strevsamt.

Samtidig med at ein er omslutta av eit totalt mørke.

Eg meiner taoistane kallar det wuwei.

Ikkje-handling.

Mørket er ei kjelde.

Porten til all forståing.



Men i går var det kaldt.

Og lufta skikkeleg rå.

Eg lyt vel berre innrømme det no.

Det finst ingen veg tilbake.



Hausten har bite seg fast.

Sjølv om eg framleis ventar på sommaren.

2 kommentarer:

  1. September har alltid vore min beste månad. Då er det stor flo og stille hav og krabbeteinene søkk i eit gjennomsiktig grått hav, småseien sprett i moreld i skyminga, og graset er grønast då. Kyrne er enno ute medan sauene er kome heim frå holmane.Potetene skal takast opp og gulrota kan dragast ut av jorda etter "håret", fin oransje, og som etter å ha blitt vaska i doggvått gras smakar gulrot slik gulrot skal smake.Naturen sine uttrykk er sterke og klåre på den tida og alt skal vare evig.

    SvarSlett
  2. Flott skildra! Tippar det blir Orta-tur snart!

    SvarSlett