torsdag 4. august 2011

SÖTA BROR

På sett og vis er Värmlands hovudstad ein kystby.

Vänern er trass alt ein av Europas største innsjøar.

Klarälven kjem nordafrå og renn gjennom byen som to årer.


Det er heller ikkje for ingenting at ishockeyklubben her heiter Färjestad.

Til liks med kystmetropolen Ålesund er Karlstad er ein vakker by.

Som namnet nesten tilseier vart byen grunnlagd av Carl IX.

Det var så tidleg som i 1584.

Og som Ålesund brann Karlstad ned.

Det var i 1865.

Men medan Ålesund vart bygd opp att som ein steinby i jugendstil ved hjelp av tyske arkitektar
(og svenske murarar)
i 1904,
vart Karlstad gjenreist i tre.

Året etter, i september 1905, gjekk forhandlingane rundt unionsoppløysinga føre seg her, i Frimurarlosjen sine lokale, på bardane til Klarälven.


Det blei altså ikkje krig.

Berre nesten.

Det er ikkje utan grunn at Christian Michelsen si statue i Bergen har Noregs høgste sokkel.

Rett mann på rett plass til rett tid o s v. 



Mange kunstnarar har på ulikt vis hatt tilknytning til denne byen.

Gustaf Fröding, Selma Lagerlöf, Nils Ferlin og Jussi Björling. 



Når ein nyt Det gode liv i grannelandet, opplever ein elles ganske raskt kva broderfolket er oppteke av.

Mellom dei friske dukkertane på hotellet tidlegare i dag, i ei solseng ved bassengkanten, nippande til dei siste dropane i kaffikoppen, registrerte eg toppsakene i eit par av dei største avisene.

At Italia si gjeld er ei tikkande bombe under eurosamarbeidet
(Dagens Nyheter).

At "centerextremisten" Barack Obama fyller 50 år etter eit elendig kompromiss i Kongressen.

At den billettlause jenta Nema på 11 år vart slengd av toget i Kumla
(vreiden rettar seg fyrst og fremst mot den ikkje namngjevne konduktøren og Sveriges svar på NSB, Statens Järnvegar).

"Ni måste ta hand om våra barn, SJ" (Aftonbladet).

At Malmö FF slo ut storlaget Glasgow Rangers frå kvaliken til Champions League og såleis kan tene mykje pengar framover.

"Miljonvrålet efter drömmålet" (Aftonbladet). 

Men den altoverskyggande saka i Sverige er framleis ugjerninga 22. juli.

Dagens Nyheter nyttar fire sider på den norske terrorsaka, Aftonbladet sju.

Med bakgrunn i det fryktelege som hende denne dagen, dreg journalisten A.F. i sistnemnde avis samanlikningar mellom terroristens haldningar og det tradisjonelle nordiske mannsidealet heilt fram til nyare tid.

Urovekkjande tankar.

Uansett.

Terrorsaka har rysta Sverige.

Lokalavisa Wermlands Tidningen melder elles at kondolanseprotokollane i Karlstad vert sende til den norske vennskapsbyen Moss i neste veke.



Deltakinga har vore stor.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar