Med startnummer tretten fullførte eg i dag min fjerde maraton.
Det er ikkje mykje å skryte av.
Ein kar frå Nordfjord, som løp saman med meg frå Runde til Hareid i årets Nordvest Maraton - i det som kanskje er landets hardaste løype - hadde sprunge 412.
Og han meinte at sjølv det var lite, sidan ein tysk mann i 70-åra har gjennomført over 1500.
Så der har vi begge noko å strekkje oss etter.
Vel, med eit relativt skrint treningsgrunnlag kom eg meg altså heim.
Men det byrja å gå ganske tungt allereie etter 10 km.
Og etter 21 km var eg temmeleg tom.
Halvmaratonløparane hadde nettopp starta, så eg fekk lite drahjelp av dei.
Når eg passerte 32 km var eg stokk stiv. Der var heller ingen krefter att.
DÅ starta ei mote på 3200 meter.
Og eg begynte å sjå ned på føtene mine, slik dei norske skeiseløparane bruker å gjere når dei ligg etter skjema til nederlendarane på 10 000 m.
Og smerten oppsøkte dei ulike kroppsdelane. Negative tankar fylte hovudet.
Situasjonen blir kritisk:
Det går mesta ikkje framover. Du skrapar i botnen. Risikerer å gå på grunn.
Brått dukkar ein kollega opp i vegkanten med eit fotoapparat.
Smil!
Og du seier til deg sjølv: Dette blir siste gongen.
Aldri meir.
Så friskna føtene litt til nedetter dalen.
Steglengda auka.
Eg tok att nokre løparar.
Og smakte på verbet å lukkast.
Då eg nærma meg mål, kasta eg startnummeret frå meg.
Eg ville unngå latteren når speakeren sa:
Her kjem nummer tretten.
Etter å ha passert mål sa eg til meg sjølv (nesten lukkeleg):
Det er vel vondare for kvinnene å føde born.
Men maraton er nok det nærmaste vi andre kjem.
Levande skreve Øystein. Vart nærmast sliten av å lese det,ispedt ein god latter langs med vart ditte ei oppleving som eg levde meg inn i fra start på Runde til du vart lettare i steget nedgjøna eide. Ikkje værst for ein som e nær det magiske talet : ).. Eg sjølv hadde ikkje komt meg til fyrste utkjørsla på Rundebrua før eg hadde fått hold i sia kan eg tenkje meg.. kjempe innsats Øystein. : ) Helsing Georg.
SvarSlettTakk for det, Georg. Men eg trur nok du hadde kome deg eit stykke med to-tre månaders trening :) Best hels Ø
SvarSlett"Med smerte skal mannen føde sitt maraton..." Det var ikke godt å lese dette! Fikk vondt i beina jeg...
SvarSlettJa, det er no berre å melde seg på til neste år. Dra kajakken på land!
SvarSlettDu har nytelsen etter aktiviteten... jeg har nytelsen under aktivieten... Så kan man jo lage en filososfi med dette som utgangspunkt...
SvarSlettJa, det synest eg du skal gjere. Ein slags isme som sameinar det lars-monsenske og arne-næsske med Dostojevskij og Walt Whitman.
SvarSlettjeg kunne ikke tro at jeg noen gang ville bli gjenforent med min eks-kjæreste, jeg var så traumatisert av å være helt alene uten kropp å være ved meg og være sammen med meg, men jeg var så heldig en dag å møte dette kraftig trollformler Dr Dawn Acura, etter å ha fortalt henne om situasjonen min, gjorde hun alt menneskelig mulig for å se at kjæresten min kom tilbake til meg, faktisk etter å ha trollbundet trolldommen kom min eks-kjæreste tilbake til meg mindre enn 48 timer, min eks-kjæreste kom tilbake og tryglet meg om at han aldri ville forlate meg igjen, 3 måneder senere ble vi forlovet og giftet oss. Hvis du har samme situasjon, er det bare å kontakte Dr Dawn Acuna på e-posten hennes: { dawnacuna314@gmail.com } tusen takk mor for gjenopprettingen min eks-kjæreste tilbake til meg,
SvarSlett*Hvis du vil gjenforenes med kjæresten din.
*Hvis du ønsker å bli gravid.
*Hvis du vil kurere noen form for sykdom.
Kontakt henne for løsning: Whatsapp { +2348032246310 }
E-post: { dawnacuna314@gmail.com }