onsdag 24. august 2011

SOLA VARMAR VED BARTOLOMEUSMESS

Hundedagane er over. Det er haust. Men veret er vent og vakkert.

Sol og 20 grader.

Dessverre.

I fylgje lokale spådomar inneber det regnfulle månader framover.  



I farne tider flytta ein ned frå sætrane ved Barsok.

Ein trudde rovdyra kunne truge både folk og fe no når nettene vart lengre.

Dagen er oppkalla etter læresveinen Bartolomeus.

Altså ein av dei tolv.

Han skal ha blitt flådd levande før han vart halshogd og krossfest - på persisk vis.

På den gamle primstaven er dagen difor avmerka med ein kross og ein kniv.

Leivningane hans skal ligge i kyrkja som er oppkalla etter han på Isola Tiberina i Roma.

Bileta er tekne med min avlegsne NOKIA mobiltelefon frå Magerholm førre mandag (på veg til fotballkamp).

Vi ser ferja ved Ørsneset, møbelbygda Sykkylven og fjella i det gamle Dale skipreide.

Bondeføraren Jo Jamt og heksa Sva-Maska levde ein gong bak desse kvasse tindane.

Ingen stader var opprørstrangen og overtrua sterkare enn der.



  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar