fredag 20. januar 2012

LYSET OVER GRUKKEDALEN

Så kom snøen og gav oss voner om skiturar i fjellet.
Framleis treng vi nokre centimeter til.
Ti eller aller helst tjue.
Men himmelen i vest ber ikkje bod om meir.


Inntil vidare lyt vi bruke joggesko 
og leite fram dei vekkgøymde råsene som kryp oppover langs steingardane.
Eller oppsøkje dei forlatne grusvegane
som ikkje endar nokon stad.
Slik eg gjorde i går kveld.


Då var lyset nesten heilt borte.
Mørket over bygda pinte det ned til nokre gule prikkar
under nordhimmelen.


Lågt skydekke. Og surklete slaps.
Kald væte.
Dette tusenår gamle nordvestlandske grunnelementet.
Men var det verkeleg etter meldingane.

Eg slo av musikken på øyrene og lytta til skogen si einsemd.
Min eigen håse pust.

Det var ingen der.
Berre elva sin ordlause song.

Lukkeleg den som hadde ull mot kroppen
og lykt på hovudet.


Men i morgon kjem det voneleg meir snø.
Eller kanskje allereie i natt.

Kven vil då vere den fyrste til å setje spor
og fylgje vegen heilt til endes.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar