tirsdag 24. januar 2012

DEAD NOVELISTS

Dead Novelists - Great Norwegian Novels

Berre for å seie det med ein gong:
Eg kan ikkje fordra rangeringar eller lister med beste eller verste av noko slag.
Spesielt ikkje når det gjeld biletkunst, musikk eller litteratur.
Alt som minner meg om æresprov, hyllingar eller helgenkåringar innanfor desse felta, gjer meg kvalm.
Eg skal spare eventuelle lesarar av denne bloggen for grunngjevinga for dette.


Likevel.
Trass i denne etter måten sterke aversjonen mot litterære kanoniseringar, ser eg behovet for å peike på gode tekstar, ikkje minst overfor den oppveksande slekt.
Altså ungdomen.
Kva romanar skal vi rå dei til å lese
(utanom dei nye og samtidige).
Kriterium: Litterær kvalitet. Originalitet. Språk. Personleg smak.
Her er eit framlegg :


Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
Arne Garborg: Fred (1892)
Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
Johan Falkberget: Den fjerde nattevakt (1923)
Olav Duun: Menneske og maktene (1938)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Kåre Holt: Det store veiskillet (1949)
Johan Borgen: Lillelord (1955)
Jens Bjørneboe: Frihetens øyeblikk (1966)
Alfred Hauge: Mysterium (1967) 


Sjølvsagt er det mange flotte romanar som manglar.
Bevares.
Og slikt skaper alltid irritasjon.

Likevel - vener og kollegaer - send meg DI liste!

NB: Av ulike grunnar opererer vi berre med døde forfattarar.



4 kommentarer:

  1. Med forratterar som med andre menneske, er det snakk om eit første MØTE. Og det kan vere veldig viktig. Eg møtte Arne Garborg då eg var 16 år i "Bondestudentar"-eg har ikkje lese Garborg etter det! Med unntak av "Haugtussa".
    Slik er det med mange bøker, ein må vere moden for dei. Trur mange lærarar overvurderer dei unge elevane sine.Elles var det ei fin liste du har laga-eg skal etter kvart prøve å sette opp ei liste sjølv.

    SvarSlett
  2. Har diverre ikkje lese alle du ritar opp, så takk for gode tips.
    Men trur eg må flytte "Menneske og Maktene" opp som nr 1, og kanskje Bjørndalstrilogien av Trygve Gulbranssen som nr 2.......
    Den siste viking av Johan Bojer gjorde også inntrykk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Bojer! Absolutt! Og Gulbrandsen er mange blitt hekta på. Her manglar fleire! Men slik vil det nok alltid vere!

      Slett