fredag 17. oktober 2014

Kamerat Edvard Nobel


Så har altså Hareid fått sin nobelpris,
og eg kan smykke meg med at eg
(som den einaste i verda, trur eg)
har gått i skuleklasse
med den eine av vinnarane i 12 år.
At vi på nordsida av øya
no har greidd å avle fram ein mann
som vert nemnd i same andedrag som Ernest Hemingway og Nelson Mandela, kom sjølvsagt som eit gledessjokk på mange,
men at ein barytonist frå skulekorpset og eit medlem
av speidarpatrulja Bjørn av 1. Hareid KFUM
skulle stikke av med prisen
i nettopp medisin, 
var eigentleg ikkje overraskande for meg.
Dei siste dagane har eg tenkt mykje på ulike faktorar
som kan ha lege til grunn for suksessen,
særleg med tanke på alt som har med natur og retningssans å gjere.
Og la det vere sagt med ein gong:
Denne prisen er ein stor siger for skulesystemet i Hareidsdalen,
ja, for heile segmentet Oppvekst og kultur,
som det så fint heiter i kommuneplanane,
frå dei verslitne furene på Nevstadnipa
og heilt ned til dei glatte svaberga på Sveneset.
Ingen må lenger vere i tvil om
at å vekse opp på Hareid er gollj!


Edvard vart
(som meg eit par månader seinare)
fødd på det gamle sjukehuset ute på Klipra i Ålesund
27. april 1962, forresten dagen etter vår gode klassekamerat Morten N
(som vart fødd "oppå lofta" heime).
Eg kan hugse at det ofte vart gjort eit lite poeng av desse tette fødselsdagane i skulestova:
- 27 er større 26, men kven av gutane er eldst.
Det skapte jamvel slåstarkauler på eit bursdagsselskap
ein eller annan gong tidleg på 70-talet.
Nobelprisvinnaren
lærte seg elles å gå oppreist i ein sørvest kuling ute på Nordøyane,
nærare bestemt på Haramsøya,
der faren arbeidde på ein orgelfabrikk,
før familien tok til fornuft og flytta til Hareid
i god tid før han skulle begynne på skulen,
og faren kunne starte opp
Vestlandske orgelfabrikk, etterkvart ein kjend arbeidsplass for mange finsnikkarar i nørdste enden av Hareidsmyrane.
Vår fyrste skuledag
vart elles gjennomført i den øvste etasjen på Hareid Rådhus,
omlag tre veker etter at amerikanarane hadde landa på månen
med Apollo 11.
Eg hugsar ikkje om Edvard begynte på søndagsskulen i 1968,
sidan eg (på grunn av det lange håret mitt)
vart feilplassert hos jentene og dermed ikkje kunne sjekke
om han sat saman med gutane under preikestolen i kyrkja.
Men eg trur han var der, sidan det kunne vere likt foreldra hans
å sende han dit.
Mykje ut av seg kunne han likevel ikkje ha gjort.
Han brølte ikkje,
og han sette heller ikkje fyr på noko,
så vidt eg hugsar. 
Fiskar og stjerner i garnet fekk han nok likevel.
For det må ikkje vere nokon tvil
om at Edvard kjem frå ein danna heim.
Tilfeldig var det nok derfor ikkje at familien hans bygde seg hus fram i Geilane, berre eit steinkast frå det kvite våningshuset i Ivergarden på Grimstad, Søre Sunnmøre sin kulturelle navle, i alle fall når det gjeld fleirstemt korsong og høgtlesing av skjønnlitteratur.
Bøane fram på Grimstad
er tvillaust eit Entorhinala Cortex i mange sunnmøringar sitt åndelege medvit, og her vaks altså nobelprisvinnaren opp.
Allereie tidleg 
kom Edvard sitt talent for forskning til synes.
Enno hugsar eg 60-meteren vi målte opp nedanfor huset deira.
Den hadde to svingar og ein motbakke på slutten.
Vi noterte ned persane utover hausten.
Han mine. Og eg hans.
Så tenkjer eg etter,
må eg ha vore hans fyrste vitskaplege assistent.
Men helst var det vel aktivitetane i barneskulen
(frå andre klasse på Brekkemarka)
som skulle bane veg heilt fram til prisutdelinga hos svenskekongen no i desember:
Ikkje minst utforminga av Det heilage landet i ei sandkasse
(eg kan enno hugse kor djup Jordandalen var).
Og farsdagskorta med Handi hans far min av Anders Hovden og flotte bordar rundt.
Vidare pipesmiinga på sløyden
(prøverøykt med torvtòs bak Fantehuset).
Blokkfløytelommene i tekstil.
Musikktimane med Orff-instrument.
Teikningane av Johannes Døyparen i ei kamelhårskappe.
Fadervåret om morgonen.
Fager kveldssol om ettermiddagen.
Og i løpet av nokre år dreiv korpset og speidaren mange av oss
endå tettare saman.
Eg er overtydd om at all trakkinga gatelangs etter El Capitan og Gamal jegermarsj om våren
har spelt ei avgjerande rolle i utdanninga av nobelprisvinnaren vår.
Sameleis innsamlinga av hjorteekskrement i Gullikskogen
og nattmanøvrane i den haustsvarte Brandalsstranda.
Før vi brått begynte på ungdomsskulen,
og verda liksom låg og venta på oss alle.

Kvar var det så det skar seg for meg.
Kvar skiltest våre vegar.
På gymnaset.
Å jau,
også eg studerte naturvitskaplege disiplinar.
Men der Edvard valde realfaga matte, fysikk og kjemi,
valde eg realfaga matte, fysikk og ballspel.
Det var nok her gullet glapp i mitt tilfelle,
kom eg på her ei natt.
Der Edvard valde kjemi, valde eg skøy og avslapping
(stikk i strid med far min sine råd).
I denne kjemiklassa møtte Edvard elles May-Britt for aller fyrste gong.
For dei som har lese VG eller fylgt med på Skavlan,
er resten av historia kjend.
Dei blei eit uslåeleg par.
Og vi lyt berre innsjå
at sjølv A-laget sin krinsmeisterskap frå 1955,
etter 6-3 over Velledalen og Ringen,
og gullet på Breimstafetten i 1982,
med dei påfylgjande tjue sekunda i Sportsrevyen,
bleiknar litt
i forhold til det desse to har prestert.
Så derfor:
Edvard Moser er Hareidsdalen sin største son.
Og vi er mange som er svært stolte over å kjenne han.
Til begge to seier vi:
GRATULERER!


Er det då noko eg ikkje har sagt.
Jau, Edvard har to kjekke systrer.
Og mor hans lagar verdas beste pannekaker.

PS: Katten vår har no fått namnet Hippocampus. 

2 kommentarer:

  1. Flott tekst, Øystein. Det kan eg seie sjølv om eg er ein god del eldre og ikkje har vakse opp i Hareidsdalen, men i ein dal litt
    lenger nord.
    Helsing Finn Sindre Eliassen

    SvarSlett
  2. Tak for det, Finn Sindre! Det var vel ikkje så verst å vekse opp ut i Ytredalen, heller :-) Best hels

    SvarSlett