onsdag 18. mai 2016

Frå sjølveigar til husmann?

Kommunesamansuriumsreforma
- og eg



Torsdag 19.5. kjem eg til å stemme for at Hareid skal halde fram som eiga kommune. Kanskje handlar det litt om kjensler, men aller mest handlar det om fornuft.



REFORMA: Fyrst og fremst har planleggjinga av denne reforma vore så skral frå kommunalminister Jan Tore Sanner si side at den minner meir og meir om kompetansereforma for lærarar, som var så lite gjennomtenkt at den vart trekt tilbake av undervisningsminister Torbjørn Rød Isaksen berre fem - 5 - dagar før søknadsfristen for opptak til universitet og høgskular gjekk ut. Slik eg har forstått det, er heller ikkje oppgåvene til dei nye kommunene klarlagde. Når i tillegg målet om å redusere landet sine 19 fylke til 10 regionar vart lansert av regjeringa så seint som 5. april - altså i lang tid etter at prosessane om samanslåing var komne godt i gang rundt om kring, framstår denne reforma som meir og meir useriøs. Innanfor kva region skal desse nye kommunene ha ansvar for kva?


PREMISSANE: Hovudtanken bak regjeringa sitt ønske om større kommunar skal vere at desse vil skape betre tenester, billegare tenester og meir robuste fagmiljø (kva no det måtte vere). Men stemmer dette? Eg har framleis ikkje sett undersøkjingar som kan stadfeste at tenestene faktisk er blitt billegare der kommunar allereie er slegne saman. Om du spør innbyggjarane i Aure på Nordmøre (som slo seg saman med Tustna i 2006) vil nok svaret vere: -Tvert i mot. Om du spør innbyggjarane i Sula, som gjekk ut av Borgund i 1977, vil truleg melodien vere den same: -Før betalte vi 12 prosent av skatten inn til storkommuna, men fekk berre 4 prosent av investeringane tilbake. No går skatteinntektene til oss sjølve. Sula som eiga kommune har vore ein suksess. Smått kan gjerne vere godt.


SENTRALISERINGA: Sjølvsagt vil resultatet av samanslåingane til slutt vil bli sentralisering, større avstandar til nødvendige tenester og avfolking i dei minste krinsane. Det var dette som skjedde i 1960-åra. Samanslåingane utrydda fleire lokalsamfunn. Også i Sverige. Om du køyrer ein tur gjennom Jämtland og Herjedalen, ser du resultatet. Hus som rotnar. Hus som fell ned. Attgroing av gamle jordbruksområde. Rasering av kulturlandskap. Dei mennesklege kostnadene for sentraliseringa kan bli temmeleg høge. Og er vi villige til å betale denne prisen - ein gong til?


UTPRESSINGA: Utpressinga som ligg bak, provoserer meg. Skremslet om straff. For dei statlege overføringane gjennom det nye inntektssystemet til kommunane skal skal gi færre millionar til dei små kommunane. Og fleire til dei store. Eg trur dette får mange til å tenkje på epokar i Noregssoga som ingen ynskjer seg tilbake til. Eg likar ikkje pisken.



GRUNNSYNET: Etter mi meining avslører også dette eit syn på samfunn – og menneske -  som er blitt ein trend i organiseringa av det nye Noreg. Den blinde trua på at dei store einingane vil gjere alle ting betre. Utviklinga har vore på gang i mange år innan helse og politi. No står også utdanning for tur. Vitale og tradisjonsrike institusjonar som Høgskulen i Volda må finne seg nokon å slå seg saman med, viss ikkje kan dei bli lagde ned. Altså: - Finn deg vener, eller forsvinn! Her kjenner vi pisken igjen. Ting skal på død og liv spissast. Arbeidsplassane skal bli ei oppsamling av spesialistar. Politikarane skal profesjonaliserast. Allroundarane, som dei fleste av oss er, har ingenting i politikken å gjere. Det er som den lokale AUF-politikaren skreiv i avisene i samband med diskusjonen før denne avrøystinga: - Spørsmålet er for viktig og for vanskeleg til at vanlege folk kan få bestemme dette! Så det verserer altså ei blanding av ei ovanfrå-og-ned-haldning og ein bedriftsøkonomisk tankegang mellom politikarar (sikkert både i storting og regjering og innan fleire parti) som ikkje berre er ei hån mot veldrivne og livskraftige einingar i distrikta, men som også avslører ei manglande forståing for kvar verdiskapinga (og kulturskapinga) i landet vårt gåre føre seg. Kommunereformen = Noreg sett frå Oslo. Dumt, men sant.

INTENSJONSAVTALANE: Eg trur ikkje nødvendigvis at det er intensjonane det er noko gale med. Det er heller ingen grunn til å tvile på at ordførarane har gjort sitt beste. Intensjonsavtalane seier likevel ingenting. Intensjonsavtalane er som luft. Dei forpliktar ikkje. Fokus har vore på kommunenamn! Og at ingen skal seiast opp! Tenk det! Så kva er dei verde, desse avtalane? I Ålesund har den noverande ordføraren gått inn for at den nye storkommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Då erke-ålesundaren Harald Grytten vart spurd om dette under ei boklansering i Aasen-tunet for ei tid sidan, svarte han lakonisk: «Det kommer aldri til å skje».

ALTERNATIVA: For meg er alternativet med Ålesund utenkjeleg. Og det botnar ikkje i den ampre stemninga som rådde under fotballkampane mot diverse bylag som mange av oss opplevde i 1970-åra. Det handlar heller ikkje om at Hareid ligg sør om Breisundet (sjølv om det har delt Sunnmøre i to sidan tidenes morgon). Nei, det handlar om realitetar. At Hareid med sine 5000 menneske skal få avgjerande innverknad i ein storkommune med 100 000 innbyggjarar, er det same som å tru på julenissen. Å håpe på at tenestene våre skal bli betre (eller i alle fall like gode) innanfor ein storkommune med Ålesund, er i beste fall svært naivt. I tillegg til Brandal, vil sjølvsagt krinsskulane i Hjørungavåg og på Bigset bli lagde ned, og det temmeleg snart. Og er det så sikkert at dei gamle verkeleg får leve dei siste åra sine på sjukeheimen på Teigane? Dessutan: Å gi frå seg kommunestyret og få tilbake eit bydelsutval, høyrest ut som ein svært dårleg deal. Om vi blar litt i historieboka – blir ikkje dette det same som å gå frå sjølveigande bonde til husmann utan jord? Kvar blir det av sjølvråderetten? Kvar blir det av innverknaden til å forme sitt eige lokalsamfunn og nærmiljø? Nokon vil kanskje seie at Runde er eit betre alternativ, men her sprikar kommunane sine ynskje i alle retningar. Det vil bli som å bere staur. Altså svært vanskeleg. Om ein fyrst måtte slå seg saman med nokon, ville jo kanskje Hareid og Ulstein vere det mest nærliggjande alternativet for mange, men dette er altså ikkje tema denne gongen. Men vi ikkje slå oss saman med nokon. Vi blir berre pressa/truga/lokka (stryk det som ikkje passar). Så greier vi å stå i mot?

KONKLUSJONEN:
Tanken om at dei store einingane skal gjere samfunnet betre kviler på premissar som ikkje held mål. At storkommunar vil svekkje lokaldemokratiet, kan det ikkje vere tvil om. Det har dei alle tider gjort. Og når investeringane er blitt store i desse storkommunane, er det blitt spart inn ved å tynne ut i nærtenester - som skular og sjukeheimar i utkantane. Eksempla er mange, og vi er lite kloke viss vi ikkje vil lære av denne historia. Men framfor alt botnar kommunereformen i eit syn på samfunn og menneske som undervurderer bygdene og folk flest. For meg blir dermed valet enkelt. Hareid har for mykje å tape på å bli ein del av Runde eller Ålesund. Å stemme for nokon av desse, ikkje minst i den uklare situasjonen som rår no, kan fort bli ein brølar som vi kjem til å angre bittert på. Vi har derimot mykje å vinne på å stå åleine. Derfor stemmer eg JA til Hareid som eiga kommune.



































































































































12 kommentarer:

  1. Takk for bekreftelsen på mine egne tankar omkring samanslåing eller ikkje.
    Jeg har for lengst bestemt meg for JA for Hareid som eigen kommune.

    SvarSlett
  2. Flotte greier! Takk for hyggeleg tilbakemelding!

    SvarSlett
  3. Interessante tankar det er lett å vere samde i. Men som eg lærte i norsktimane har jo ei sak som regel fleire sider, og desse vert ikkje nødvendigvis underkjent av dårlig planlegging frå statsråden si side:

    1) Noreg har mindre å rutte med i framtida, og offentlig sektor må slankast. Kan kommunesamanslåing vere ein del av dette? Når offentlege pengar blir mangelvare vil dei også verte meir verdt. Då er det kanskje bedre å ha sjukeheimsplassar i det heile enn å ha veldig mange administrasjonssentrum.

    2) Ein treng ikkje vere for avfolking av bygdene sjølv om ein ymtar frampå at Noreg kanskje har litt vel mange administrative einingar. Om Ulstein og Hareid slår seg saman vil det framleis vere relativt oversiktlige kår. Sande og Herøy likeeins. Kan dette gjerast med ein positivt økonomisk effekt utan for mange nedsider? Kva storleikar og konstellasjonar gir best uttelling.

    SvarSlett
    Svar
    1. No ser eg forresten at alternativa ein vert bedt om å stemme på er noko pussige. Det svekkar mitt andre punkt og styrkar ovanfrå-og-ned-inntrykket.

      Slett
    2. Takkar for engasjert svar, Kristian! Det er mykje fornuft i det du seier. Men som du sikkert forstår, er eg ute etter ideologien som ligg bakanfor denne reforma, og i denne er det ikkje alt eg liker :-)

      Slett
  4. Eg skjønar at utpressinga som ligg bak provoserer, det provoserer meg og. Men kommunereforma er vedteken, det same er samhandlingsreforma mellom spesialisthelsetenesta og kommunene, dette må oppfyllast anten ein likar det eller ikkje.
    Hadde eg budd i Hareid ville eg stemt JA til Ålesund. Dette fordi Hareid kan ikkje klare å oppfylle alle lovpålagte oppgavene på eiga hand.
    Tidene endrar seg og kommunene er forplikta til å legge tilrette for alle innbyggarar, ikkje berre dei som er opptekne av å ha det slik det alltid har vore. I dag lever folk lengre, det betyr ein må vere rusta til å gi alle dei eit godt tilbod. Mange slit med rusproblematikk som ikkje blir borte berre ein sluttar å tenkje på det. Korleis skal Hareid kommune ta imot og gi rusmisbrukarar eit godt tilbod? Og rehabilitere rusmisbrukarar som er utskrivne frå sjukehuset? Korleis skal Hareid kommune gi personar med psykiske lidingar god habilitering/rehabilitering? Dette betyr stor auke i kompetanse, ein stad dei kan bu under rehabiliteringa, eit godt dagtilbod, arbeidstilbod, oppfølging etc.
    Kva med utskrivingsklare pasientar? Frå 01.01.2017 skal Hareid kommune ha kompetanse, medisinsk utstyr og plass til å ta imot desse. Viss ein ikkje kan imøtekome dette vil dette gi eit bor på mellom 4000-6000 kroner dagleg.
    Kven skal betale for denne moroa?
    Ein må kutte meir enn ein plass for at dette skal la seg gjere. Er de komfortable med det?

    Uansett om Sanne skulle endre meining og ikkje økonomisk straffe dei kommunene som vel å stå åleine, så vil kostnadane likevel vere skyhøge og dei svakaste gruppene må bere den største børa av dette. Då meiner eg personar med behov for helsetilbod, omsorgstilbod, spesialundervisning og anna.
    Korleis kan ein forvare dette etisk?

    Eli S Brandal

    SvarSlett
    Svar
    1. Takkar for engasjert svar! Det rokkar likevel ikkje ved grunntankane bak reformane som pushar fram dei store einingane. Dei har eg liten sans for. Trur absolutt ein kan møte utfordringane framover utan å gjere det på dette viset.

      Slett
  5. Svært godt innlegg.

    SvarSlett
  6. Samhandlingsreforma har fungert ei god stund allereie, og Hareid har klart dette godt i fylgje leiaren for omsorg i Hareid kommune. Vi har ikkje fått ei einaste dagmulkt. Og ellers scorar Hareid bra når det gjeld alle tenester (betre enn Ålesund t.d. på kommune-barometeret). Dei mindre kommunene gjer det jamt over betre enn dei større, og folk er meir fornøgde. Noko av problemet med reforma er at den ikkje seier noko om kva tenester kommunene skal ha, som dei ikkje har i dag. Bortsett frå at offentleg tannlege muligens skal flyttast frå fylkeskommuna til kommunene. Hareid husar allereie offentleg tannlege-teneste.

    Det er veldig bra det du skriv i bloggen her, mange tankar som går til kjerna - ærleg og ope.

    SvarSlett