søndag 1. september 2019

POPKUNST, JESUS OG FEITE DAMER


Litt synd 
at den flotte utstillinga
med dei fire kunstnarane
Per Ihle, Johannes Tvedt, 
Håvard Vikhagen og Arnfinn Mork Stordal
i dei gamle lokala til Hareid Elektriske
i Kjøpmannsgata (Miljøgata)
vart avslutta i dag, 
for denne kunne eg ha tenkt meg å sjå 
fleire gonger, 


 ikkje minst
er hareidsdølingen Arnfinn Mork Stordal 
sine tresnitt fascinerande,


med sin leik med 
kjende fjes frå media,
plasserte i originale settingar
og nye menneskelege relasjonar,


som ofte framkallar
uro og nagande uvisse,
trass i aktørane sine hjartelege smil,


noko som for denne sjåaren
gir hugskot i retning 


både Pushwagner 


og Andy Warhol, 


og sjølvsagt stoppar 
ein også opp ved



Per Ihle sine volumiøse kvinnefigurar 
i akryl


og Johannes Tvedt sine oljemaleri,
til dømes dette, 
med tittelen Kristus,
som sender tankane mine mot Emil Nolde 
sine nattverdsskildringar,


og det flotte gatemotivet
frå middelalderbyen
Rothenburg-ob-der-Taube,
der vi overnatta på veg til Italia i 1985,
og forstod 
at også tyskarane har dialektar
som kan vere vanskelege å forstå, 
men ikkje minst
har Håvard Vikhagen,
med oppvekst, bustad og atelier i Hjørungavåg krins,
og for mange kanskje særleg kjend 
for den grandiose biletserien 
om slaget ved Hjørungavåg,
mellom mykje anna 
to særs flotte maleri i linolje,
med tittelen
Solside,


som for meg leier tankane mot ein passeggiata 
ved ein kystby i Liguria,
og det vakre
Vikhage,
som sjølvsagt gir oss assosiasjonar
til kunstnaren sitt etternamn,


så vel blåst, 
Hareid Kunstlag,
og takk for den fine opplevinga, 
til slutt representert 
ved den sprudlande tusjteikninga
Hjørungavåger


skapt i eit muntert samspel mellom
Johannes Tvedt og Arnfinn Mork Stordal
(sjølv halvt hjørungavågar).

2 kommentarer:

  1. Fin tekst! Men eg kjenner meg igjen på Solsiden i Trondheim på biletet Solside. Hugs, han er også frå Trondheim �� Men det er det fine med kunsten, me kan sjå forskjelligt. Eg ser også Jonas Gahr Støre i eine tresnittet. Som nærast faldar hender og slår blikket ned. Eg er ikkje sikker på kva han ikkje vil sjå...

    SvarSlett
  2. Både Støre og Jagland, tippar eg :-) Ja, Trondheim skal ein aldri sjå bort frå :-)

    SvarSlett