lørdag 9. juli 2011

MONTE PINCIO

Inspirert av dei mange biografiane som har kome i høve 100-årsminnet for Bjørnstjerne Bjørnson, tok eg i dag turen til Piazza Barberini for å gå i fotspora til den store diktaren.


Berninis Fontana del Tritone utgjer framleis sentrum på denne piazzaen, som ligg i enden av Via Veneto, eit område der mykje av Fellinis La Dolce Vita vart spelt inn i 1960.


Eg meiner å ha lese at Bjørnson, som altså budde med Karoline og resten av familien i ein større appartamento i nærleiken, stundom lot seg irritere av lyden frå vasspruten i denne fontenen (det er den knelande havguden Triton som bles vatn gjennom ein konkylie). Vel, i dag er den knapt høyrleg med all biltrafikken som susar rundt Piazza Barberini.


Elles har vi ofte høyrt om Bjørnsons spaserturar til Monte Pincio. Slik den store forfattaren skildra det (attgjeve med stor innleving av tallause lektorar i det norske gymnaset), må desse vandringane ha vore svært strevsame og ikkje så lite kondisjonskrevjande.

I dag gjennomførte eg derfor ei lita tidsstudie på denne turen.
Frå Piazza Barberini til Trinita dei Monti (kyrkja ved toppen av Spansketrappa) tok det fem minutt i moderat gange (36 grader i dag).


Eg tippar Bjørnson tok seg ei lita pause her, før han gjekk vidare til Monte Pincio, som høyrest ut som eit fjell, men som knappast er ein hump etter norsk standard. Sju nye minutt brukte eg.


Altså Piazza  Barberini - Monte Pincio ca 15 minutt (med innlagd pause).

Om Bjørnson syntest dette var ein krevjande tur, må han sanneleg ha vore i dårleg form. Han var trass alt tidleg i 30-åra dei fyrste par gongane han var her. Ikkje rart at han berre vart ferdig med halve Maria Stuart i Skottland under sitt fyrste opphald i Roma.

Men når han fyrst kom fram til Monte Pincio (kanskje gjekk han saman med diktarvenen H.C. Andersen eller husvenen P.A. Munch) fekk han eit flott syn over byen (med kuppelen på Peterskyrkja i det fjerne).


Monte Pincio er særleg kjend for sine vakre solnedgangar og flotte dammar.


Om Gianicolo har statuer av Italia sine militære heltar, har Monte Pincio eit tilsvarande galleri av filosofar og diktarar.


Parken er elles særleg verdfull for turistar og innfødde i dag sidan her både er rikeleg med vatn, skugge og fred (ingen bilar).

Ein kan også bli freista til å kjøle ned føtene før ein tek fatt på vegen heim.


Noko truleg Bjørnson ikkje gjorde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar