Kattekatedralen
Largo di Torre Argentina er ein stor open plass i den såkalla Mars-marka
(det gamle eksersis-området for dei romerske soldatane)
og er hovusakleg kjend for tre ting:
Teatro Argentina, der mange berømte operaer har hatt premiere.
Area Sacra, eit område med fire mindre tempel frå republikk-tida, som ein ved eit tilfelle grov seg ned i under byutbygginga i 1920-åra.
Og endeleg - dei fleire hundre heimlause kattane som har slege seg til i desse meir enn to tusen år gamle ruinane.
Store og små hendingar i det offentlege liv har funne stad her.
Komponisten Gioacchino Rossini opplevde f eks å bli kjeppjaga gjennom gatene, då han skal ha fornærma publikum med ein uheldig replikk etter premieren på Barberaren i Sevilla i 1816.
Det var også her Julius Cæsar blei knivstukken og drepen i 44 f. Kr, mellom andre av stesonen Brutus, i den såkalla Pompeius Curia
(som fungerte som senat medan restaureringsarbeidet gjekk føre seg på Forum Romanum).
Vi hugsar sjølvsagt Cæsar sine kalde og observerande siste tre ord:
Et tu, Brute.
Julius Cæsar sin posisjon i det italienske samfunnet er forresten framleis (kanskje meir enn) guddomeleg.
Staden der han blei kremert, i Forum Romanum, har alltid friske blomster.
Men det er framfor alt dei tallause kattane som påkallar turistane si merksemd i dag.
Det finst jamvel ein eigen organisajon som arbeider spesielt for desse pelsdyra på Largo Argentina.
Under dei ekstra varme dagane i førre veke (med over 40 grader) låg dei urørlege som slakt i skuggane.
I dag, med godt levelege 32 grader klokka 13, var det monaleg meir liv i dei.
Men kattane verka noko slakke, og dei reagerte ikkje på norsk kattespråk
(S-lydar i ulike variantar).
Kanskje er dette gamle romerske senatorar som nektar å folate staden.
Plassen er oppkalla etter eit gamalt tårn (som no er bygd inn i dei andre bygningane i området) og den latinske nemninga for Strassbourg (Argentatorum), der ein paveleg seremonimeister kom i frå.
Largo di Torre Argentina betyr dermed Plassen med tåret til mannen frå Strassbourg.
Altså: Ingenting med Argentina å gjere.
Likevel.
Namnet minner oss om dei nære banda mange argentinarar framleis har til Italia (og omvendt).
Largo di Torre Argentina betyr dermed Plassen med tåret til mannen frå Strassbourg.
Altså: Ingenting med Argentina å gjere.
Likevel.
Namnet minner oss om dei nære banda mange argentinarar framleis har til Italia (og omvendt).
Den tapre kona til Garibaldi, Anita, var argentinsk.
Bydelen La Boca i Buenos Aires er italiensk
(jamfør fotballaget Boca Juniors).
Mange italienske immigrantar frå Argentina tok elles aktivt del i
Il Risorgimento.
Manfredi-fyrtårnet på Gianicolo var f eks ei gåve frå argentinarane i høve 50-årsjubileet for Italia si samling i 1911.
Og frå dette punktet er det god utsikt til kattekatedralen på Largo Argentina.
Beste Øystein Orten
SvarSlettTusen takk for flotte og gode beskrivelser av Roma og plassene.
Det er som å være tilbake til den byen
jeg liker best i verden.
Fint å lese om Largo di Torre Argentina.
Særlig om kattene der.
Men, og det er ikke meningen å rette på deg, navnet på plassen har nok ikke noe med landet Argentina å gjøre.
Det er tatt fra navnet på et tårn man ikke lenger ser på plassen. Det er inkorporert i bygningsmassen i Via del Sudario (40) like om hjørnet. Det tårnet man kan se ute på plassen er Torre del Papito. Tårnet (og palasset) Torre Argentina var bygd (1503) for og tilhørte den pavelige seremonimester: Johannes Burkhard von Hasslach fra Stassburg. Det latinske navnet på Strassburg var Argentatorum (man utvant sølv-argentum der)På folkemunne ble det til Tårnet til seremonimester Argentina.
Palasset med tårnet heter nå noe sånt som Casa del Burcardo og huser bla. et teatermuseum. Verdt å besøke.
Misforståelsen med navnet er veldig vanlig. Håper du har sans for min smule korrigering. Det er en god historie. Forresten rart å tenke på at Ceasar ble stukket i hjel ved pisserennen for Pompeius-teateret (som du jo nevner som midlertidig senat) Håper du fortsatt har det bra i Tiber-staden.
Med vennlig hilsen Ketil Jensehaugen.
Takk for utfyllande kommentar! Men den italienske linken til Argentina er nok verd å halde på.
SvarSlettjeg kunne ikke tro at jeg noen gang ville bli gjenforent med min eks-kjæreste, jeg var så traumatisert av å være helt alene uten kropp å være ved meg og være sammen med meg, men jeg var så heldig en dag å møte dette kraftig trollformler Dr Dawn Acura, etter å ha fortalt henne om situasjonen min, gjorde hun alt menneskelig mulig for å se at kjæresten min kom tilbake til meg, faktisk etter å ha trollbundet trolldommen kom min eks-kjæreste tilbake til meg mindre enn 48 timer, min eks-kjæreste kom tilbake og tryglet meg om at han aldri ville forlate meg igjen, 3 måneder senere ble vi forlovet og giftet oss. Hvis du har samme situasjon, er det bare å kontakte Dr Dawn Acuna på e-posten hennes: { dawnacuna314@gmail.com } tusen takk mor for gjenopprettingen min eks-kjæreste tilbake til meg,
SvarSlett*Hvis du vil gjenforenes med kjæresten din.
*Hvis du ønsker å bli gravid.
*Hvis du vil kurere noen form for sykdom.
Kontakt henne for løsning: Whatsapp { +2348032246310 }
E-post: { dawnacuna314@gmail.com }