tirsdag 26. juli 2011

La grande marcia delle rose

Det er ei sterk oppleving for ein nordmann å lese italienske aviser i dag.



Dei forferdelege hendingane i Noreg har fått stor merksemd.


Bileta er mange, og kommentarane verkar både empatiske, grundige og sindige.


Kjerneorda er:


Sjokk. Sorg. Avsky. Beundring.


Under overskrifta

La grande marcia delle rose in memoria delle vittime

skriv Il Messaggero

at 150 000 tok del under minnemarkeringa i Oslo og at heile Nord-Europa stoppa opp.


la Rebubblica  fokuserer også på deltakarane i Den Store Rosemarsjen og skriv:

"Dei kom med roser og lys - i stillheit og verdigheit".



 
Italia har lange og tunge tradisjonar med politisk terror.

Dette at valden og hatet blir møtt med fredsmarsjar med enorm oppslutnad landet over
forbløffar og imponerer.


Ikkje minst at det ut frå denne forferdelege hendinga har vakse fram eit så sterkt og samlande manifest knytta til demokrati og ytringsfridom. 


Store delar av statsminister Stoltenberg sin tale frå Rådhusplassen blir sitert.

Under overskrifta Il Dolore står lovnaden som han avslutta med:

Mai piu un altro 22 luglio.

Aldri meir 22.juli!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar