fredag 1. juli 2011

Grått, grått, grått

MEN DET ER IKKJE FYRSTE GONGEN...

Ein regnsomar


"Det vart ein regnsomar av dei verste. Heile veka var det skodde og regn, og heile månaden med; ikkje blå himmel å sjå. Tilslutt måtte vel alle ting drukne og døy i denne væta."

Olav Duun: På tvert (1909)



12 kommentarer:

  1. som ein oppfølgjar til min forrige kommentar her inne: Eg går med sandalar i dag i ti grader. Med ny-pedikyrerte tær. På pur faen.

    SvarSlett
  2. Fantastisk, det skal jammen eg også gjere :)

    SvarSlett
  3. XI
    Det gav seg med styggevêre. Oktober vart fin så det lyste. Lufta var så klår og rein at ein aldri skulde tru her hadde vore gråvêr eller væte, og sola skein så det værmde i kvar ei krå.

    SvarSlett
  4. Du er komen lengre fram i boka enn meg du, Kjell-Peder! Det endar altså godt! Og nokre solstrålar trengde jammen gjennom skylaget også. Det var lenge sidan sist!

    SvarSlett
  5. Jada Øystein, er ver-optimist og trur framleis på ein god somar. Og det var fint du tok fram Olav Duun.... Har du lese trilogien om Ragnhild?? Har den på mp3 om du vil ha lag på joggeturen....

    SvarSlett
  6. Har lese den ein gong, ja. Og sett den på NRK. Ingen skildrar vondskapen som Duun (kanskje bortsett frå Dostojevskij). Elles greier eg ikkje å lytte til bøker medan eg spring. Treng då musikk (for å halde moralen oppe) :)Men takk for tilbodet! :)

    SvarSlett
  7. eg greier kun Duun på lydbok. Det er "for mange" dialektomgrep inni nynorsken hans som eg rett og slett ikkje forstår. Men når Hildegunn Eggen les, så går det an. Strålande skodeselar. Men Juvikfolket blir tungt, eg måtte ta ei pause etter tredje boka. Og då tenkjer eg på det innhaldsmessige, skildringane av folket Duun skriv om. Dei snakkar jo ikkje i lag! "Ho tidde, ho hadde sagt nok". Jada, det høyrest veldig flåsete ut å seie det slik, for det er jo stor litteratur. Det er det.

    SvarSlett
  8. Ja, Duun er nok litt utilgjengeleg, men eg synest også at det finst mykje "gollj" i tekstane hans, både språkleg og scenisk.

    SvarSlett
  9. Eg veit ikkje kor mykje eg forstår-eller burde forstå av Duun, men bøkene er noko for seg sjølv.. Etter å ha lese dei fleste høyrde eg "Ragnhild" som lydbok, og det var ein opplevelse.

    SvarSlett
  10. då eg gjekk gravid med tvillingane mine holdt eg nettopp i den boka og bladde litt i ho. "Ragnhild" altså. Det blei også namnet på den eine tvillingen eg hadde i magen. Så vakkert.

    SvarSlett
  11. Ja, mange flotte namn hos Duun! Du skal sjå at Ragnhild vil like bøkene hans!

    SvarSlett
  12. jeg kunne ikke tro at jeg noen gang ville bli gjenforent med min eks-kjæreste, jeg var så traumatisert av å være helt alene uten kropp å være ved meg og være sammen med meg, men jeg var så heldig en dag å møte dette kraftig trollformler Dr Dawn Acura, etter å ha fortalt henne om situasjonen min, gjorde hun alt menneskelig mulig for å se at kjæresten min kom tilbake til meg, faktisk etter å ha trollbundet trolldommen kom min eks-kjæreste tilbake til meg mindre enn 48 timer, min eks-kjæreste kom tilbake og tryglet meg om at han aldri ville forlate meg igjen, 3 måneder senere ble vi forlovet og giftet oss. Hvis du har samme situasjon, er det bare å kontakte Dr Dawn Acuna på e-posten hennes: { dawnacuna314@gmail.com } tusen takk mor for gjenopprettingen min eks-kjæreste tilbake til meg,
    *Hvis du vil gjenforenes med kjæresten din.
    *Hvis du ønsker å bli gravid.
    *Hvis du vil kurere noen form for sykdom.
    Kontakt henne for løsning: Whatsapp { +2348032246310 }
    E-post: { dawnacuna314@gmail.com }

    SvarSlett