torsdag 14. juli 2011

CACERE MAMERTINO


Den romerske Death Row


Under kyrkja San Guiseppe dei Falegnami på Capitolo ligg fangeholet som læresveinen Peter sat fengsla i før han vart avretta ca 64 e.Kr.


Som vi alle veit, vart Peter etter eige ynskje krossfesta opp ned, sidan han ikkje såg seg verdig til å døy på same måte som Jesus.


Nokon meiner at også Paulus skal ha vore fengsla her, rett før han vart halshogd tre år seinare, men dette er visst ingen sikre på.


I Pãr Lagerkvists roman Barabbas hamnar elles hovudpersonen i dette fangeholet, der han endeleg vert attkjend frå påskedramaet i Jerusalem.


Marmetine-fengselet, også kjend som Tullianum, lå i ei grotte ganske djupt under bakkenivå like i nærleiken av Forum Romanum, og huserte mange prominente fangar den tida Romarriket var på sitt største.


Det var heilt sikkert ikkje tilfeldig at fengselet med dei største statsfiendane  vart plassert nettopp her.


Det var inga trapp ned til dette fengselet. Arrestantane vart senka ned gjennom eit hol.


Her vart dei fastlenka til fjellet i kjettingar.


Meir enn hundre år før Peter sat mellom andre den galliske leiaren Vercingetorix her.


Og omlag femti år før han - den numidiske kongen Jughurta.


Dei fleste av fangane vart avretta her nede før dei vart slengde i Cloaca Maxima.


Men dei mest prominente av dei dødsdømde fekk gå trappa opp til Capitolo - også kalla Scala Gemoniae ("sukka si trapp") - der den jublande menneskemassen tok i mot dei.


Då venta anten Den tarpeiske klippe eller ein annan voldsam død.


Det vert sagt at Peter fekk ei vasskjelde til å springe opp nede i grotta.



Og med vatnet frå denne kjelda skal Peter ha døypt fleire av medfangane og fangevaktarane sine.


Ei myte fortel at desse fangevaktarane løyste lenkene til Peter og sidan hjelpte han med å flykte.


Men springande på flukt langs Via Appia møtte han Jesus på veg inn til Roma.



Og Peter kasta seg ned i vegkanten og spurde:


Rabbi, er det du?


Quo Vadis, Domine?


(Kvar går du, Herre?)


Eg skal til Roma for å krossfeste meg for andre gong, sa Jesus.


Kva anna kan eg gjere når du har tenkt å fornekte meg ein gong til?


Då Peter reiste seg opp, var Jesus borte.


Så snudde Peter og gjekk inn til byen igjen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar