fredag 22. april 2011

Pär Lagerkvist: Barabbas

Fleire enn eg har nok hatt som fast rituale å lese den svenske nobelprisvinnaren Pär Lagerkvists Barabbas i løpet av påskeveka. Den vesle boka frå 1950 er eit glitrande døme på korleis eit skifte av synsvinkel kan endre innhaldet i ei kjend forteljing.
Som vi veit er Jesu lidingssoge også ei historie om eit tradisjonelt påskeamnesti i den romerske provinsen Palestina.
Det er liten tvil om at Barabbas var ein stor forbrytar i romarane sine auge. Den jødiske fangen hadde eit langt rulleblad. Han var høgst truleg ein av dei mest radikale selotane og tilhøyrde ”knivmennene” – det vil seie geriljaen som arbeidde mot den forhatte okkupasjonsmakta.
Det var under eitt av dei mange opprøra mot romerane at Barabbas skal ha drepe ein romersk soldat.
Og straffa for dette herska det liten tvil om: Tortur og avretting -  på krossen.
Ein lang og pinefull død.
Alle dei fire evangelistane nemner Barabbas, mannen som menneskemengda i Jerusalem kravde lauslaten i staden for Jesus. Han spelar på mange måtar ei tragisk rolle i dette store dramaet:
Det var han som gjekk fri.
Johannes kallar han ”røvar” og ”banditt”. Paulus omtalar han som ”mordar”.
Velkjend er historia om korleis Pilatus toa sine hender og la den tunge avgjerda om skuld i hendene på den frådande folkehopen (som i fylgje Matteus var blitt eggja opp av dei jødiske øvsteprestane). Den romerske prokuratoren hadde jo etter kvart forstått at saka mot Jesus var sett fram på falske premissar. Og han trudde nok at det årvisse fangeamnestiet under feiringa av den jødiske festen pesach skulle berge situasjonen.
Men folket - massene – mobben - ville det altså annleis. 
I valet mellom den brennande nasjonalisten og den idealistiske, men merkverdige snikkaren frå Nasaret var eigentleg utfallet gitt.
I Pär Lagerkvists roman blir rettargangen mot Jesus fortald gjennom Barabbas. Det er svært fascinerande lesnad. Historia vert framstilt som eit femte evangelium. Ei augevitneforteljing. Men innhaldet er totalt annleis. Heilt frå krossberinga langs Via Dolorosa til dødssukket på Golgata.
Etter Jesu død kjenner Barabbas seg forhatt. Frykta for å bli gjenkjend styrer handlingane hans. Også mellom sine gamle vener – partisanane i fjella – kjenner han seg utstøytt på grunn av det som har hendt.
Etter mange år endar Barabbas opp som romersk slave i ei gruve i Syria. Her blir han lenka saman med den kristne Sahak, som (nesten) overtyder Barabbas om at Jesus verkeleg var Guds son og at han snart ville kome att. Begge får ”Christos Iesus” ripa inn på baksida av slavemerket sitt. Under eit forhøyr med ein romersk tilsynsmann blir dei to slavane stilte til ansvar for ”avguderiet”. Begge veit kva straffa for dette kan bli. Men sjølv i denne avgjerande situasjonen nektar Sahak å avsverje trua si.
”Det är alla människors Gud”.
Barabbas svarer derimot annleis:
”Jag har ingen Gud”.
”Varför bär du då detta ”Christos Iesus” på din brøstplåt?”
”För att jag gärna ville tro”.
Dermed blir Sahak send bort, og Barabbas blir vitne til si andre krossfesting.
Seinare kjem slaven Barabbas til Roma, der han – med rette – blir skulda for å ha tent på byen. Slik blir han kasta i Mamertinar-fengselet på Capitol saman med dei kristne (som endeleg – etter meir enn tredve år - kjenner han att) og sidan krossfest – i enden av ein halvsirkel med martyrar. Og historia – som er full av paradoks - gjentek seg:
”När han kände döden komma, den som han alltid hade varit så rädd för, sade han ut i mörket, som om han talade til det:
Til dig överlämnar jag min själ”.
Barabbas si grove, stutthogne stemme kastar eit nytt lys over personen Jesus og tilhengjarane hans. Gjennom heile boka blir vi påminte om den beundringa (men også tvilen) som hovudpersonen hadde overfor Jesus. Barabbas er eit kjenslemenneske. Han vaklar og vinglar.
Og ikkje minst: Han sviktar.
Nokon vil nok sjå på romanen som (endå) ein uklipt filmversjon av Jesu lidingssoge. Urøyvd av den kyrkjehistoriske sensuren (slik skjønnlitteraturen skal vere).
Uansett er dette ei alternativ soge som har mange trekk frå dei apokryfe evangelia ved seg. Ho kan vere både sann og falsk. Truleg er ho begge delar. Men forteljinga balanserer på fleire historiske fakta. Nettopp dette gir den kjetterske historia eit skin av truverd.
Romanen Barabbas tematiserer typiske trekk ved forfattarskapen til Pär Lagerkvist (1891-1974):
Mennesket sin relasjon til Gud. Outsideren si rolle. Den forviste og uglesette sin lagnad. Det kritiske mennesket si framandkjensle overfor det etablerte samfunnet sine sanningar.
Eit tips til den som ynskjer ein fin innfallsport til denne sterke forfattarskapen er den sjølvbiografiske romanen Gäst hos verkligheten frå 1925.

3 kommentarer:

  1. Eg las denne boka for mange år sidan og den gjorde sterkt inntrykk. Hugsar ikkje så veldig mykje, så eg skulle gjerne ha lese den om att. Då ville eg ha lese den på originalspråket.Svensk er eit veldig vakkert språk !!!

    SvarSlett
  2. Ja, sjølv om omsetjarane er dyktige, fordampar 20-30 prosent kvalitet frå originalen.

    SvarSlett
  3. Både danske og svenske bøker burde ein absolutt lese på originalspråket-ingen grunn til å oversette til norsk.

    SvarSlett