tirsdag 5. april 2011

Elsa Morante: Historien


Elsa Morantes hovudverk La Storia kom ut i 1974 og selde i heile 800 000 eksemplar berre i Italia det fyrste året. Boka kom ut på norsk allereie i 1975. Ho vart ein sensasjon, og mange har hevda at dette er ein av dei aller sterkaste romanane som er skrivne i Europa etter den andre verdskrigen.
Elsa Morante (1912-1985) budde i Roma heile livet, mellom anna i Testaccio og ved Piazza del Popolo. Ho studerte fyrst litteratur ved universitetet, men slutta av økonomiske årsaker, og ho livnærte seg sidan av privattimar i latin og ved å referere frå doktordisputasar i avisene.
Ulike kjelder fortel om ein outsidar i kunstmiljøet. Sjølv etter kritikarros og prisdryss blei ho sett på som ein slags framand fugl på den litterære himmelen. Elsa Morante var beundra, men ikkje elska.
Forfattaren kjende det nok på kroppen. Ho hadde opplagt arr etter oppveksten. Sameleis skapte nok krigen, eit ulukkeleg ekteskap og dei håplause kjærleiksaffærene med langt yngre elskarar sår som var vanskelege å lækje. I tillegg minner utstøytinga frå den politiske venstresida om ei slags landsforvisning i antikken (ordet ”ostrakisme” er faktisk blitt nytta).
Men for mange er ho mest kjend som kona til Alberto Moravia. Dei gifta seg i 1941. Sidan dei begge var halvt jødiske, måtte dei flykte frå nazistane (som hadde okkupert Roma etter Mussolinis fall i 1943), og bu saman i ei lita fjellhole ved Monte Cassino, heilt til dei allierte frigjorde byen i 1944. Det var tett, kaldt og kummerleg, og fleire av dei tøffe opplevingane frå desse ni månadane på flukt nedfelte seg i Moravias roman La Ciociara (filma som To kvinner). I fylgje Lilly Tucks biografi ”Woman of Rome” skal dette likevel ha vore den lukkelegaste perioden i livet til Elsa Morante.
Ekteskapet med Alberto Moravia (som varte frå 1941 til 1962) var vanskeleg. Nokon har hevda at ektemannen avviste henne. Det er jamvel blitt sagt at ekteskapet aldri blei fullbyrda. Andre har peika på at Moravia må ha hatt stort tolmod med konas stormfulle, labile veremåte. I fylgje ryktebørsen skal Morante frå fyrste stund ha heldt seg mest saman med unge, homofile (kanskje bifile) menn, og ho skal ha vore svært knytt til filmskaparane Pier Paolo Passolini (Moravias nære ven) og Luchino Visconti og, noko seinare, den amerikanske malaren Bill Murrow, som enda livet med å kaste seg utfor ein skyskrapar i New York, visst nok i LSD-rus.
På mange måtar var livet til Elsa Morante prega av ei konstant uro, ei vedvarande jakt etter forklaringar, ikkje minst etter hennar biologiske opphav (den rette faren), noko vi finn ein tydeleg parallell til i hennar siste roman, Aracoeli, frå 1982 (ei bok som for meg også peikar tilbake på Freud og fram mot til dømes W.G. Sebalds Austerlitz).  
Elsa Morante overlevde eit sjølvmordforsøk (gass) i 1982. Ho døydde etter eit hjarteinfarkt i heimbyen tre år seinare.
Historien går føre seg i Roma i tidsromet januar 1941 til juli 1947.
Sjølve forteljinga startar med den unge tyske soldaten Günther, som er på gjennomreise til krigen i Nord-Afrika. I bydelen San Lorenzo valdtek han den 38 år gamle enka Ida Ramundo (tidlegare Mancuso), som etter dette brutale overgrepet vert gravid og mor til vesle Guiseppe (som får klengenamnet Useppe).
Günther, frå konsentrasjonsleirbyen Dachau, forsvinn fort ut av historia, sidan han druknar etter ei torpedering i Middelhavet tre dagar seinare. Det er den nære relasjonen mellom Ida, som prøver å livnære seg som lærarinne på ulike skular i Roma, og vesle Useppe, som utgjer romanens kjerne og drivkraft.
I løpet av krigsåra opplever den vesle familien veksande fattigdom og aukande vald. Epilepsien til hovudpersonen skaper problem i arbeidet som lærar. Samtidig nører Idas jødiske bakgrunn (ho var, som forfattaren, halvt jødisk) opp under frykten for deportasjon. Rykta om endestasjonen svirrar:
”I konsentrasjonsleiren er gasskammeret det eneste stedet med barmhjertighet”.
Romanen inneheld eit vell av sterke, men samtidig illuderande, episodar frå krigsåra i Roma. Teksten synleggjer også dei mange val som enkeltmennesket blir stilt overfor i møtet med den totalitære ideologien sitt sanne andlet, noko eldstesonen Nino (som blir partisan) sitt brutale drap på ein tysk soldat kan vere eit døme på.
Av positive krefter i Idas liv nemner vi anarkisten Carlo Vivaldi og hunden Bella. Men det er framfor alt minstesonen Useppe som gir dagane lys, heilt til den vesle guten døyr, og verda fell saman rundt henne. Ho opplever dette som ei samansverjing:
”Mens den lille kvinnen løp rundt i leiligheten, svirret det dessuten rundt i hennes forvirrede og barnslige hode scener fra menneskehetens historie (Historien), som hun oppfattet som de mangfoldige spirene til et sammenhengende mord. Og det siste offer var hennes lille uektefødte sønn Useppe. Hele historien og alle verdens folkeslag hadde sammensverget seg om denne slutten: mordet på barnet Useppe Ramundo.”
Bak denne vesle historia strekkjer forfattaren opp eit verdshistorisk gobelin, med særleg mange spennande trådar attende til italiensk historie (særleg etter den allierte invasjonen i 1943), i innleiinga til kvart år.
I kvar ende er boka ramma inn av ein historisk gjennomgang av åra 1900-1940, frå oppdaginga av atomet til starten på den andre verdskrigen, og åra 1948-1967, frå borgarkrigen i Hellas til opptrappinga av Vietnamkrigen.
Då er to tredjedelar av dei tjuande hundreåret unnagjort.
Det er her snakk om Historien i b f sg. Den store historia som formar vilkåra for alt menneskleg liv. Historia som gjentek seg (sidan historiske fenomen alltid vil kome tilbake, om enn i nye forkledningar).
Slik får historia om Ida og Useppe ein ekstra dimensjon. Historia (både den vesle og den store) er full av menneskleg smerte. Historia er ei menneskleg tragedie (og berre unntaksvis noko anna enn det).
Etter Historien er Elsa Morante blitt samanlikna med både Dostojevskij og Tolstoj. Kanskje handlar romanen om enkeltmennesket sin kronglete livsveg gjennom storsamfunnets menneskefiendtlege landskap?
Min norske versjon av La Storia er på 600 sider.
Fyrste gongen eg las henne, slo ho pusten ut av meg. Det var som å falle på ryggen etter ein mislukka skihopp. Slikt gløymer ein ikkje.
Etter andre gongs gjennomlesing gjer boka eit like sterkt inntrykk. Romanen mobiliserer framleis eit sinne mot politiske leiarar som har svikta vanleg folk framigjennom.
”Og historien fortsetter”.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar