Påskeaftan fall i år på Jørnadagen - eller St. Georgs dag - til minne om den Georg som leid martyrdøden under keisar Diokletian i år 203. Jørnadagen var merka på primstaven med ein kross, ein gauk, ein hest eller - meir høveleg for oss i år kanskje - som egg i eit reir.
Som alle veit er St. Georg - eller St. Jørgen - eller berre Jørn - vernehelgen for alle soldatar og speidarar.
Litt dis gjorde lufta noko grå og matt (biletet over er teke frå Melshornet, i retning nord, mot Godøya, Giske og Nordøyane elles).
Her ser vi fremste delen av dalen, i retning nordvest, mot øyane i Herøy og, heilt ytst, Runde.
Vinteren er over, same kva meterologane seier.
Våren og dei glade dagane ventar.
Fint å sjå utsikta frå fjella-særlig for oss som ikkje kjem oss OPP.
SvarSlett