lørdag 2. april 2011

Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)

Inderleg og tilbedande ordkunstnar

Dikt som grovsalta kyss og kniven i buken på ein nydregen sei.

Øystein Orten krev av lesaren at ein innstiller seg på eit spørjande alvor. Med eit heilt særskilt gehør for klang og presisjon utnytter han eit ordtilfang som er slipt til av årelang bruk.

Dette er syklusen "engelen over meg" med gravskrifter og elegiar glimrande døme på.

Her får me vera med i "bergnabbelivd" og oppleva at treet eig meining heilt ned i røtene.

Det er enkelt om enkle ting, men det sit der det skal fordi det er så presist.

Poeten er svært kjenslevar for det nyanserande, registrerande. Han har ein evne til å løfta språket slik at det gjev ei kjensle av å ha lange trådar bakover samstundes som det er klart og tydeleg her og nå.

Du kan ved overflatisk lesing oppfatta han som traust og lågmælt, men røysta er meir inderleg og tilbedande.

Her og der rører han seg nok likevel ut på kanten av det som er litt for mykje vesaask og naturmytisk, men tek seg som oftast skikkeleg inn att alt i neste dikt. Og endeleg får me ei naudsynt og vakker hylling til "dei tunge damene//med hemmelege aldrar".

Orten fortettar ulike område av erfaring i dirrande bilete som krev full merksemd av lesaren.

Som vin må ein halda dei litt i munnen før dei gjev frå seg all smak, men dei har ettersmak som varer. Trådane bakover i norsk lyrikk har ein knute som heiter Knut Ødegåd, og ein som heiter Paal-Helge Haugen.

Norsk poesi, det er Orten sitt bord, men sitat frå Ezra Pound fortel at me er midt i den globale landsbygda.

Ortyen har med andre ord lært av dei beste, men viser at det er gjennom eigne opplevingar og språk at bileta får kraft. Med "kvitskjorteflak svevande over vindskeive dansegolv" og "mullande monologar" frå myrgropene viser han at han er ein ordkunstnar av klasse.


Helge Torvund


Dagbladet 2004

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar