søndag 17. april 2011

Ikkje sidan Gordon Banks

 
Stoke City Football Club slo Bolton Wanderers 5-0 i den andre semifinalen i FA-cupen på Wembley stadion i kveld.
Sigeren var ikkje berre overtydande. Han var knusande.
Ikkje sidan Gordon Banks sine dagar har klubben nådd så langt i eit sluttspel. Ligacupsigeren over Chelsea i 1972 er då også det einaste skikkelege trofeet i klubbens historie.   
Gløymde er dei bitre semifinaletapa for Arsenal i 1971 og 1972 (tapet for Derby County i 1899 kan ingen av oss hugse).

No er det finalen mot Manchester City 14. mai som gjeld.
Mest gledeleg var det at Stoke fekk vise at laget er meir enn utrente, overvektige midtstopparar som berre skorar etter cornerar og lange innkast. 
Laget frå Staffordshire viste heilt i frå avspark at dei ikkje hadde kome heilt til London for å tape denne kampen, og spelarane varta opp med botnsolid defensiv organisering (under leiing av den unge kapteinen Ryan Shawcross) og feiande flott angrepsspel for dei vel 76 000 tilskodarane (av desse var knapt 35 000 frå Stoke).
1-0 kom etter eit hardt langskot i magehøgd av venstreflanken Mattew Etherington.
Ingen skulle tru at denne mannen har vore innlagd på institusjon for spelegalskap.
Forferdeleg forsvarsspel av Bolton.
Så skora den 191 cm høge tyskaren Robert Huth på heil volley (eit skot som muligens den finske keeperen Jussi Jããskelainen burde ha teke).
Stoke-fansen (den mannlege delen) kledde no av seg på overkroppen og hoppa på tribunene (i fylgje yr.no var det 17 varmegrader i London på dette tidspunktet) slik at den austre svingen av landskamparenaen såg ut som frådande bylgjer i eit raud-kvitt hav av hovud og hender.
Minst like storvokste Kenwyne Jones frå Trinidad & Tobago la på til 3-0 etter eit genialt gjennomspel av urokråka Jermaine Pennant (det er nok ikkje for ingenting at han hittil i karrieren er blitt utlånt til fire klubbar, sist frå spanske Real Zaragosa).
Den mørkhuda Stoke-spissen feira målet med ein arabar-flikk-flakk.
Og Stoke-fansen byrja no å synge Oh When The Saints og andre songar frå The Boothen End.
Lenge før pause registrerte vi at mange av Bolton-tilhengjarane (fleire med klovnenaser og kvite og blå parykkar) forlot stadion, truleg for å rekke eit tidlegare tog heim frå Euston Train Station.
Den entusiastiske manageren Owen Coyle hadde slutta å rope beskjedar til spelarane sine og sat stille på stolen sin med armane i kross.
Bolton kom på bana med to nye spelarar etter kvilen, og berre på nokre få minutt spelte laget (med både finske, danske, islandske, svenske, jamaikanske og sørkoreanske innslag) seg til eit par brukbare sjansar som fort kunne ha blitt til noko.
Men nei.
Tjue minutt ut i andre omgang netta glattbarberte Jonathan Walters etter eit langt og utmattande løp frå eigen banehalvdel, ei venstre-høgre-finte ved sekstenmeteren og eit påfylgjande vristspark med høgrefoten (og dette av ein kar som nyleg kom frå primitive Ipswich Town), før same mannen løfta ballen i nettaket etter 80 minutt, etter eit fint raid av ustoppelege Kenwyne Jones ute på høgrekanten.

Då Bolton si kongolesiske stjerne Fabrice Ndala Muamba vart teken av bana like før slutt, forstod alle kva veg det bar.
Kampen hadde utvikla seg til å bli ein fest for The Potters og ein tragedie for The Trotters.
Altså 5-0.

På mange måtar var det bra at den nyleg avlidne Bolton-legenden Nathaniel Lofthouse (1925-2011) vart spart for dette resultatet.
Gordon Banks sat imidlertid på tribuna iført grå dress og gult slips.
Han kunne registrere (med sitt eine auge) at laget hans hadde kome lengre enn det gjorde i hans tid.  
Keeperlegenden er sikkert tilbake på Wembley om fire veker. Då ventar dei blåkvite frå Manchester på den andre banehalvdelen.
Benvenuto, Roberto Mancini!
PS:
For ordens skuld nemner vi at den norske landslagsspissen John Carew vart sitande på Stoke-benken gjennom heile kampen.
Det var aldri nokon grunn til å setje han inn på.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar